Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Charlie Parker - Wikipedia

Charlie Parker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Charlie Parker
Forstørr
Charlie Parker

Charles Parker Jr. (29. august 192012. mars 1955) var ein jazzsaksofonist og -komponist, og er rekna for å vere mellom dei fremste musikalske nyskaparane i det 20. hundreåret. Parker fekk tidleg aukenamnet Yardbird, seinare korta ned til Bird. Mange kallar Parker faren til moderne jazz; dei fleste seriøse jazzmusikarar etter han har på eit tidspunkt i utviklinga studert Parker sin innfallsvinkel til melodi og harmoni og teke opp i seg noko av stilen hans.

Innhaldsliste

[endre] Biografi

[endre] Oppveksten og den musikalske oppstarten

Musikk såg lett og glamorøst ut, og det var ikkje anna å ta seg til.

Charlie Parker om kvifor han blei musikar
meir     liknande sitat


Charlie Parker vart fødd i Kansas City i Kansas og vaks opp i Kansas City i Missouri. Han var éinebarnet til Charles og Addie Parker.

Det finst ingen kjelder som peiker på at Parker hadde eit uvanleg musikalsk talent som ung. Som ung gut (truleg 3-4 år gamal) skal han ha sunge i kyrkjekoret til ei lokal katolsk kyrkje. Far hans, som var pianist og songar, kan ha vore opphav til musikalsk inspirasjon[1]. Som liten høyrde Parker på ulike jazzband, som banda til Count Basie og Bennie Moten. Han heldt fram med å spele i lokale band på jazzklubbar rundt om i Kansas City i Missouri, der han perfeksjonserte teknikken sin med hjelp frå Buster Smith.

Parker utvikla seg til musikar over ein kort periode. Som 12- eller 13-åring fekk han tilgang til sin første saksofon, og allereie som 15-åring spelte han på jazzklubbar. Som 17-åring var han ein etablert jazzmusikar.

Den første innspelinga vart gjort med Jay McShann sitt Kansas City orchestra i 1940.

[endre] Parker i New York

Faksimile frå Downbeat Magazine.
Forstørr
Faksimile frå Downbeat Magazine.

Då Parker flytta til New York by i 1939 utvikla han seg til ein leiande artist i generasjonen som skapte musikkstilen bebop, men han hadde òg andre jobbar. Éin av desse var som oppvaskar i resturanten der den kjende pianisten Art Tatum spelte på den tida (Parker sitt spel etter dette syner inspirasjon frå Tatum; raske arpeggioar og avansert harmonisering). Parker bygde ein ny stil og eit nytt musikalsk vokabular inspirert av føregjengarar som Coleman Hawkins og Lester Young.

Han spelte med ei rekke av dei fremste artistane på den tida, og gav ut ei rekke klassiske innspelingar med artistar som Dizzy Gillespie, Bud Powell, Thelonious Monk, Charlie Christian, Kenny Clarke og Miles Davis.

[endre] Musikaren og kunstnaren

Parker sine forrykande raske og rytmisk asymmetriske improvisasjonar kunne forbløffe lyttaren; men ser ein nærare på spelet til Charlie Parker ser ein at kvar melodisk linje inneheld ei komplett og godt gjennomtenkt frase der kvar note er på plass. Parker sine harmoniske idear var revolusjonerande for si tid. Han introduserte eit nytt tonalt vokabular med bruk av den niande, ellevte og trettande tonen i akkorden, og akkorderstatningar.

«Eg fann ut at ved å bruke topp-intervalla i akkorden som ei melodilinje og stø dei opp med passande akkorderstatningar, så kunne eg spele ting eg hadde høyrt. Eg vart vekt til live.»[2]

Tonen i instrumentet hans var klår og gjennombrytande på dei raske melodiane, men varm og klangfull på balladar.

Parker vart eit ikon for beatgenerasjonen og var ein viktig person for å få etablert inntrykket av jazzmusikaren som ein kunstnar og intellektuell utan kompromiss, ikkje berre ein populær artist. Charlie Parker var òg tidleg med å blande jazz med stilartar frå andre artistar, frå Igor Stravinsky til Machito.

Parker var kjend for ofte å møte til spelejobb utan eit instrument for så å låne eit instrument av andre like før speling. Ved eitt høve spelte han på ein saksofon laga av plastikk.

Sjølv om han av og til spelte tenorsaksofon vart han i hovudsak rekna for å vere altsaksofonist.

[endre] Slutten

I søvne gjekk fingrane hans oppover armen min,
som om eg var instrumentet hans.

Chan Parker
meir     liknande sitat


Charlie Parker døydde medan han såg på Tommy Dorsey på fjernsynet på eit hotellrom på Hotel Stanhope på Fifth Avenue i New York, rommet til venninna Nica de Koenigswarter. Den offisielle dødsårsaken var lungebetennelse[3]. Eit hardt liv som musikar og heroinmisbrukar var over. Parker var då berre 34 år gammal, rettslegen fastsette feilaktig alderen til å vere mellom 50 og 60.

Parker etterlot seg kona Chan, dottera Kim Parker, som også er musikar, og sonen Baird.

[endre] Den mytiske Charlie Parker

Legenda om at «Bird lever» («Bird Lives») stod først fram som grafitti på éin av New York by sine undergrunnsbaner berre få timar etter Parker sin død. Poeten Ted Joans blir normalt kredittert dette verket.

Jazzmusikaren Bleeding Gums Murphy i tv-serien The Simpsons kan vere basert på Charlie Parker, særleg ettersom han spelar altsaksofon. Han hevdar òg å ha ei 1500$-dagen-vane, sjølv om dette blir forklart som ei sjukeleg trong til å kjøpe Fabergé-egg.

I Julio Cortázar si novelle El perseguidor (forfølgjaren) diktar han opp skikkelsane Johnny Carter (Charlie Parker), Lan (Chan Parker) og Marquess Tica (Nica de Koenigswarter).

Ei teikneseriestripe frå Larsson si gale verd med tittelen «Charlie Parker sitt private helvete» skildrar Parker innelåst i eit innspelingsstudio medan djevelen utelukkande spelar newage-musikk.

I nynorskromanen Tyl av Finn Tokvam og Halvor Folgerø har hovudpersonen Ove eit lidskapleg forhold til Charlie Parker.

[endre] Komposisjonar

  • Ah-Leu-Cha
  • Anthropology
  • An Oscar for Treadwell
  • Another Hairdo
  • Back Home Blues
  • Ballade
  • Billie´s Bounce
  • Bird gets the Worm
  • Bird of Paradise
  • Bloomdido
  • Blue Bird
  • Blues for Alice
  • Buzzy
  • Card Board
  • Celerity
  • Chasing the Bird
  • Cheryl
  • Chi Chi
  • Confirmation
  • Constellation
  • Cosmic Rays
  • Dewey Square
  • Dexterity
  • Diverse
  • Donna Lee (med Miles Davis)
  • Fast Blues
  • Kim
  • Klaun Stance
  • Ko-Ko
  • Laird Baird
  • Leap Frog
  • Marmaduke
  • Merry-go-Round
  • Moose the Mooche
  • Mohawk
  • My little Suede Shoes
  • Now´s the Time
  • Ornithology
  • Parker´s Mood
  • Passport
  • Perhaps
  • Quasimodo
  • Red Cross
  • Relaxing with Lee
  • Scrapple from the Apple
  • Shaw Nuff (med Dizzy Gillespie)
  • She Rote
  • Si Si
  • Steeplechase
  • The Bird
  • Thriving from a Riff
  • Visa
  • Warming up a Riff
  • Yardbird Suite

[endre] Minnesmerke

Minnesmerke etter Charlie Parker ved det amerikanske jazz-museet i Kansas City
Forstørr
Minnesmerke etter Charlie Parker ved det amerikanske jazz-museet i Kansas City
  • Nattklubben The Birdland i New York er kalla opp etter han.
  • Ei statue av Charlie Parker vart i 1999 reist i Kansas City.
  • Phil Woods, ein kjend amerikansk saksofonist, spelte inn ein konsert til ære for Parker.
  • I 1998 regisserte Clint Eastwod den biografiske filmen Bird.

[endre] Sjå òg

  • Sitat om og av Charlie Parker

[endre] Fotnotar

  1. .Den musikalske påverknaden til faren Charles Parker Senior er uklår. Charlie Parker svarte i eit intervju på spørsmål om faren spelte eit musikkinstrument: "Nah. Han var dansar på eit sirkus i sine yngre år".
  2. Nat Hentoff og Nat Shapiro, Hear Me Talkin' to Ya (1955). Charlie Parker fortel om sitt stilistiske gjenombrot.
  3. Frederick J. Spencer, MD. Jazz and Death: Medical Profiles of Jazz Greats. University of Mississippi Press. 2002

[endre] Kjelder

[endre] På verdsveven

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com