Brian Clough
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brian Clough (fødd 21. mars 1935, død 20. september 2004) var ein engelsk fotballspelar og -trenar. Han var innom det engelske landslaget, men det var som trenar at han verkeleg fekk eit stort namn, og han vart ein av engelsk fotball sine mest suksessrike nokonsinne. Han gjorde både Derby County og Nottingham Forest til engelske meistrar. Sistnemnde klubb førte han òg to gongar til sigeren i Serievinnarcupen og sette rekord i antall kampar i strekk utan nederlag i den beste engelske ligaen.