Boggi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boggi er ei nemning på to eller fleire hjulpar som er montert saman på ei slags tralle under eit køyrety. Tralla er ofte svingbar i høve til kjøyretyet og gjer det mogeleg med lenge køyrety; ein får mindre svingradius med to boggiar enn med to skilde akslingar. Slike boggiar blir nytta på skjenegåande vogner. På sporvogner blir ofte motorane montert i boggiane. Ein har òg boggiar som er fiksert i høve til vognkassa, til dømes på store lastebilar, og avfjæra boggiar på stridsvogner.
Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over transportspirer. |