Avisa Hordaland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hordaland eller Avisa Hordaland er ei avis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Stadfest nettoopplag er 9 708 (2005). Avisa vart skipa i 1883. Fram til 1972 var Hordaland ei Venstre-avis, sidan den tid har ho vore partipolitisk ubunden. Dekningsområdet er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. Avisa har ei husstandsdekning på over 93 prosent i Voss kommune, kring 85 prosent i Ulvik og Granvin. Hordaland kjem ut tysdag, torsdag og laurdag i tabloidformat (omlagt frå fullformat i oktober 2003), Gjennomsnittleg sidetal er kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med Astrid Kløve-Graue som hovudeigar. Ho er også avisa sin disponent. Redaktør er Sigmund Midttun, som har hatt stillinga sidan 1986. 36 personar er tilsett i avisa, noko som representerer omlag 30 årsverk.