Audhumbla
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Audhumbla (Audhumla eller Ødhumbla) er i norrøn mytologi det fyrste vesen som eksisterer i skapinga av verda, i skapingsforteljinga. Audhumbla er ei ku, og vert nokre gonger kalla «urkua».
Audhumbla vart skapt av dråpar frå smeltinga av isen i Ginnungagap. Ho levde av smeltande is frå Nivlheim, og slikka i seg salt etter som isen smelta i kontakt med den varme lufta frå Muspelheim. Jotnen Yme kjem til og lever av mjølk frå urkua sine store jur. Av Yme vert seinare heile verda danna. Kua lika salt, og ho slikka difor på steinane rundt om i Ginnungagap. Ein av steinane eller saltblokkene viste seg å vera annleis enn dei andre. Fyrste dagen kua slikka på steinen kom eit menneskehår opp av steinen. Andre dagen kom eit hovud og eit andlet fram. Tredje dagen kom heile kroppen ut. Det var ein stor og ven mann som heitte Bure. Frå han stammar dei norrøne gudane, som vert kalla for æsene. Bure vart saman med Bestla far til Bor, som igjen vart far til Odin, Ve og Vilje.