Anne-Grete Strøm-Erichsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne-Grete Strøm-Erichsen (fødd 21. oktober 1949) er ein arbeidarparti-politikar frå Bergen. Ho har sete i Bergen bystyre sidan 1987 og har hatt verv som varaordførar 1998-99, ordførar 1999-2000, og leiar av byrådet i Bergen 2000-2005.
Den 17. oktober 2005 vart Strøm-Erichsen utnemnd som forsvarsminister i regjeringa Stoltenberg II.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |