Øystein Sunde
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øystein Sunde (fødd 24. januar 1947) er ein norsk visesongar og gitarspelar. Han er kjend for sitt raske gitarspel og ordleiken i tekstane sine. Han vart fødd i Oslo, men familien flytta tidleg til Skarnes, der Sunde byrja på skule. I 1955 flytta familien tilbake til Lambertseter i Oslo.
Etter kvart vart Øystein Sunde ein del av musikkmiljøet i hovudstaden, og frekventerte viseklubben Dolphins saman med personar som Kari Svendsen, Lillebjørn Nilsen, Ole Paus, Finn Kalvik og Hege Tunaal. Han har spilt i band som Hitch-Hikers, Hi-Five, Christiania Fusel & Blaagress og Gitarkameratene. Han har òg delteke i revyar, men er mest kjend som soloartist. Mange av tekstane omhandlar kvardagslege ting frå hans eige liv som bleieskift og modellfly. Han har sjølv uttala at han ikkje klarar å lage songar uten komisk innslag.
I 1976 flytta Øystein Sunde tilbake til Skarnes saman med si kone Gudrun, der han kan halde på med sine hobbyprosjekt, som modellfly og hagegolf.
[endre] Utgjevingar
- 1001 Fnatt (1970)
- Det året det var så bratt (1971)
- Som varmt hvetebrød i tørt gress (1972)
- Sunderfundigheter (1973)
- Ikke bare tyll (1974)
- Klå (1974)
- Hurtbuller i hvit saus (1975)
- På sangens vinger (1976)
- Øystein Sundes beste (1977)
- Hærtata hørt (1979)
- Barkebille Boogie (1981)
- I husbukkens tegn (1984)
- Overbuljongterningpakkmesterassistent (1986)
- Kjekt å ha (1989)
- Øystein Sundes 40 beste (1990)
- Du må'kke komme her og komme her (1994)
- Nå er begeret nådd (1999)
- Sånn er'e bare (2005)
I tillegg har han gjeve ut fire bøker med tekst og notar til songane sine:
- Viser uten slips (1972)
- Kjekt å ha–1 (1990)
- Kjekkere å ha–2 (1992)
- Du må'kke komme her og komme her (1997)