Øya Tustna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øya Tustna er den største og mest folkerike øya i Tustna kommune på Nordmøre.
Innhaldsliste |
[endre] Om namnet
[endre] Uttale og bruk
Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på»+akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:
- «E ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
- «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)
[endre] Opphav
Namnet vart oftast skrive «Tusteren» på dansk på 1800-talet. På nederlandske kart frå 1600-talet finst namnet i forma «Toester». Ein antek at namnet kjem av norrønt «Þústr» (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.