Åsne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åsne (òg skrive Aasne) er eit kvinnenamn. Namnet kjem av det norrøne namnet Ásný, i dag stava Åsny, samansett av ås-, gud, og -ny, som tyder ny. Det kan brukast som kortform av førenamn som byrjer med Ås-, som Åshild eller Åsta.
Namnet har særleg vore nytta i Telemark. Det er rundt 500 som heiter Åsne i Noreg, og 100 som heiter Aasne.
Åsne har namnedag 8. februar.
[endre] Kjende namneberarar
- Åsne Berre Persen, norsk miljøaktivist
- Åsne Seierstad, norsk journalist
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Aasne hjå Statistisk Sentralbyrå