Åsa Jinder
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åsa Jinder, fødd 9. oktober 1963, er svensk riksspelman, nyckelharpespelar og komponist.
I 1979 vart Åsa Jinder den yngste riksspelmannen gjennom tidene. Året etter debuterte ho med LPen Åsa Jinder spelar nyckelharpa. I 1995 vann Åsa Jinder, saman med den norske gruppa Secret Garden, Eurovison Song Contest (Melodi Grand Prix) i Dublin med songen Nocturne. Ho har saman med Susanne Alfvengren og Marianne Flynner skrive ein kamplåt til det svenske fotballandslaget og ho har også gjeve ut ein roman: Kärlek störst av allt, smärtsammast.
Frå 1994 har Åsa Jinder vore politisk aktiv i det svenske partiet Socialdemokraterna.