Brukar:Trondtr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eg heiter Trond Trosterud og er eigentleg frå Trondheim, men no bur eg i Tromsø, og no og då i Helsingfors.
[endre] Bakgrunn
Eg er dr.art frå Universitetet i Tromsø på avhandlinga Homonymy in the Uralic Argument Agreement Paradigms, og cand.philol. frå Universitetet i Trondheim (lingvistikk hovudfag) med oppgåva Binding relation in Finnmark Finnish. Andre fag i fagkrinsen er nordisk, finsk, historie og matematikk. Eg har studert fennougristikk ved Universitetet i Helsingfors, der eg også arbeidde eit år som norsklektor. Som lingvist har eg publisert arbeid om uralske og nordiske språk, jf. heimesida mi for ei liste.
Eg har også arbeidd med standardisering av teiknsett og i det heile med lokalisering, særleg for samisk, og eg var også med på arbeidet med å få det finskugriske fonetiske alfabetet inn i Unicode (arbeid med å få Norvegia inn i Unicode har eg til no ikkje hatt hell med). Eg har også representert norske standardiseringsorgan i arbeidet med Unicode. Dei siste seks åra har eg arbeidd med språkteknologi, særleg med samisk språkteknologi, og eg arbeider på eit språkteknologiprosjekt ved Universitetet i Tromsø. Heimeside: Trond. Heimesida til UiT sitt prosjekt om samisk språkteknologi: giellatekno.uit.no.
[endre] Tema på Wikipedia
På wikipedia skriv eg om språk, særleg om uralske språk. I og med at det er mange i Noreg som ikkje kan finsk, hender det at eg sett om artiklar frå finsk wikipedia eller i det heile skriv om emne frå Finland. Eg har også skrive litt om leksikografi og om språkteknologi. Dette siste kan det hende det blir gjort meir med i framtida. Innafor fagfeltet vårt vurderer vi no å gjere ein kollektiv innsats for å lage open kjeldekode–versjonar av kompilatorane for endelege tilstandsautomatar som vi bruker til automatisk grammatisk analyse. Viss det blir noko av dette prosjektet, kjem vi til å bruke wikipedia som forum for dokumentasjon.
[endre] Prosjekt
Eg har vore med og fylt ut desse prosjektsidene, kanskje framforalt for å få ein kollektiv struktur på arbeidet, og i håp om at så mange andre som mogleg kan bli interessert.