Severomorsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severomorsk (russisk: Североморск) er ein by i Murmansk Oblast i Russland, kring 25 km nord for Murmansk ved Murmanskfjorden. Her er den russiske Nordflåten sitt administrative hovudkvarter. Severomorsk har Kolahalvøya sin største tørrdokk. Dette er truleg grunnen til at det er vanskeleg å vitje byen, ein må ha eige løyve for å vitje byen. Dette gjeld òg russarar som ikkje bur der.
Byen vaks fram på andre halvdel av 1800-talet med namnet Vajenga. Tettstaden fekk bystatus i 1951 og fekk samstundes det nye namnet Severomorsk.
Saman med småbyane Rosljakovo, Safonovo, Safonovo-1, Severomorsk-3 og Sjtsjukozero har Severomorsk eit folketal på kring 53.800 innbyggjarar. (2002).
Sør-Varanger er den norske venskapskommunen til Severomorsk.