Santiago
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santiago de Chile er hovudstaden i Chile, og den største byen. Dei lovgjevande syresmaktene møtest likevel i Valparaíso, som ligg i nærleiken.
Byen ligg i den midtre dalen i Chile, i Región Metropolitana de Santiago, og har 4 657 000 innbyggjarar (2002), rundt ein tredel av alle chilenarar. Heile byområdet har i følge same folketeljinga 5 429 000 innbyggjarar.
[endre] Historie
Santiago blei grunnlagd av Pedro de Valdivia den 12. februar 1541 med namnet Santiago de Nueva Extremadura. Valdivia valde denne staden på grunn av det vennlege klimaet og fordi ein lett kunne forsvara byen.
[endre] Klima
Santiago har eit mildt middelhavsklima med ein relativt varm sommar, der temperaturen kan stiga til 35°C. Vintrane er fuktige med typiske dagstemperaturar på 15°C. Gjennomsnittleg nedbør er 360 mm per år.