Wikipedia:Samfunnshuset
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samfunnshuset Her kan du skrive nett det du ønskjer å diskutere eller spørje om når det gjeld Nynorsk Wikipedia! |
Snarveg: WP:S WP:s |
---|
>> Skriv ein kommentar
>> Kjellaren (arkivet)
[endre] Om Samfunnshuset
På Samfunnshuset kan ein spørje om eitt og hitt om ein ikkje finn det andre stader, eller diskutere aktuelle Wikipedia-saker og problem.
Samfunnshuset vert lett fullt og rotete, difor forsøker vi å halde diskusjonane innanfor treffande kategoriar på eigne diskusjonssider. Før du byrjar ein ny tråd bør du difor sjå etter om det er oppretta ei eiga diskusjonsside for det temaet du ønskjer å ta opp. (Sjå pågåande drøftingar nedanfor.)
Om du skal opprette ei ny diskusjonsside må du hugse å legge ho i Kategori:Wikipedia-diskusjonar (med koden "Kategori:Wikipedia-diskusjonar" heilt øvst på sida (for å unngå tekniske problem). Nye diskusjonssider vert lagde inn som heilt vanlege artiklar under til dømes: "Wikipedia-diskusjon:Stort stridstema".
Merk: Om du er usikker på om temaet du vil ta opp treng ei eiga diskusjonsside, er det sjølvsagt lov å ta opp temaet her i Samfunnshuset ved å trykke på "skriv ein kommentar" øvst på sida!
Er du ny i Nynorsk Wikipedia, er det berre å ta opp temaet her, ved å trykke på "skriv ein kommentar" øvst på sida!
[endre] Pågåande drøftingar
- Mal:fødd har litt problem
- Tilvisningar mellom :nn og :no
- Kva bør portalen wikipedia.no vera, og om bruk av "Norsk Wikipedia"
- Maskinomsetjing frå bokmål?
- Nye namnerom
- Kategorisering av brukarar
- Wikipedia-diskusjon:Kjelder
- Wikipedia-diskusjon:Biletmerking
- Utforming av den øvste delen av framsida
- Wikipedia-diskusjon:Windows 98 og Unicode
- Wikipedia-diskusjon:Kypros og Armenia
- Kategoridiskusjon:Innvandrarfiendtlege parti – Er det mogleg å laga eit nøytralt oversyn over slike?
- Kategoridiskusjon:Monarkar – Kva skal me kalla dei?
- Wikipedia-diskusjon:Originale eller omsette namn i t.d. Harry Potter og The Lord of the Rings?
- Wikipedia-diskusjon:Kva for fotball-lag skal med?
- Wikipedia-diskusjon:Stjerne til vekas artikkel i iw-lenkjene
[endre] Meldingar, ymse
[endre] Kritikk av Wikipedia
Wikipedia-nytt, 18. oktober 2005: Jimmy Wales, ein av grunnleggarane av Wikipedia; kritiserer Engelsk Wikipedia for å publisere artiklar med for dårleg kvalitet. (www.itavisen.no)
Meir:
- The Register, kjelden til ITavisen
- The amorality of Web 2.0, hovudkjelden til The Register
- Kva Jimbo eigentleg sa
Klippa frå Maldiskusjon:Nyhende -- Ranveig 19. okt. 2005 kl. 20:06 (UTC)
- Det er vel rett det at er under Wikipedia-nytt meldinga høyrer heime. Men eg har ikkje oppfatta at kritikken var retta eksplisitt mot engelsk Wikipedia, og at nynorsk og andre wikipediar går fri. Eg tykkjer diskusjon om kva nivå ein artikkel bør ha er viktig og dermed om ein middelmådig artikkel er betre enn ingen artikkel. -- Asgeir 19. okt. 2005 kl. 20:45 (UTC)
-
- Eg er einig i at dét er ein debatt som er verd å ta, til dømes i Samfunnshuset. Slik eg las ITavisen ser døma ut til å peika til engelsk Wikipedia (det er nok fortsatt den dei fleste meiner når dei bare seier Wikipedia). På den andre sida er vel ikkje ITavisen heller alltid til å stola på; ein annan artikkel om at Wales ville "frysa" ferdige artiklar var i følge kommentarane heilt feil. -- Ranveig 19. okt. 2005 kl. 19:56 (UTC)
Klipp slutt. -- Ranveig 19. okt. 2005 kl. 20:06 (UTC)
- Dette er jo viktig, det gjeld om Wikipedia har livsens rett eller ikkje.
- Eg synest ei riktig spire er betre enn ein middelmåtig artikkel
- Fakta er viktigare enn språket (difor stakk eg frå Riksmålswikipediaen)
- Kjelde- og litteraturtilvisingar er bra
- Gode brukarsider er bra, anonymitet er ikkje bra
- --Ekko 20. okt. 2005 kl. 20:06 (UTC)
No når kjeldediskusjonen er flytta ein annan stad har eg lyst til å gå tilbake til utgangspunktet, og seia meg einig med Ekko i at gode spirer eller korte artiklar kan vera betre enn lange, ustrukturerte artiklar. en:Bill Gates var eit døme på det. Då eg skreiv vår Bill Gates-artikkel, brukte eg mest sv:Bill Gates, medan en: var mest referanse. Det var godt å kunne skriva ein ny artikkel, utan å måtta ta omsyn til kjenslene til tidlegare skribentar på en:.
Eg trur at artiklar av og til kan koma skeivt ut og bli uleselege. Då meiner eg det er best å gå tilbake til ei enklare form, eller helst skriva om heile artikkelen slik at han blir betre enn begge. Me treng ikkje ta vare på alt. -- Ranveig
- Me treng ikkje ta vare på alt. Nei, alt er jo uansett å finna i historikken. Difor kan det vera nyttig å leggja inn ein peikar på diskusjonssida til gamle versjonar med meir informasjon etter ei drastisk revidering. Det er viktig å vera uredd i endring av artiklar og hugse på at alt kan gjerast om att. --Guttorm 24. okt. 2005 kl. 21:24 (UTC)
[endre] Wikipedia nytta som kjelde i Krekar-saka?
Eg fann ein artikkel i Universitas (frå 24.08.05) om kor truverdig Wikipedia var - med den vanlege oppramsinga av at kven som helst med kvar for agenda som helst kan skrive kva som helst -- og at det er årsaken til at forlag som tener pengar på papirleksikon ikkje meiner Wikipedia er bra...
Men: So kom det ein spennande saksopplysing eg ikkje kjende til:
"Norske myndigheter brukte Wikipedia som kilde i forbindelse med utvnisningssaken til Mullah Krekar."
Overraskande! / Kurtber™|Ordskifte 20. okt. 2005 kl. 11:32 (UTC)
- http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=280890 --Jorunn 21. okt. 2005 kl. 12:05 (UTC)
[endre] Møte med ABM-utvikling
Eit par wikipedianarar på no (bokmålspedia) har hatt møte med no:ABM-utvikling torsdag 27. oktober.
Det er nokon punkt på lista som har konsekvensar for nynorskpedia også. Mellom anna at det synes som å være muleg å få støtte til innhaldsproduksjon på nynorsk og samisk.
212.62.230.244 27. okt. 2005 kl. 11:20 (UTC)
[endre] Avfotografering av mønsterbeskytta gjenstand
Eg treng illustrasjonar til hjarteartiklar. Eg har óg ein særs god hjartemodell (ein slik plastsak på pinne). Vil det vera eit brot på opphavsretten å leggje ut bilete av denne modellen? Nokon som veit (eller trur)? --Ekko 25. okt. 2005 kl. 18:57 (UTC)
- Det er litt usikkert. Viss modellen er svært lik tidlegare modellar som vart brukte for til dømes hundre år sidan, har han ikkje krav på vern. Dersom den som laga modellen har brukt individuell skaparevne, er han verna, og kan ikkje brukast til frie verk. Finst det eldre modellar du kan samanlikna med? -- Ranveig 25. okt. 2005 kl. 20:01 (UTC)
-
- Eit hjarte liknar nokså mykje på eit anna hjarte, vanskeleg å seie. Men det er klart at ei viss grad av design er inne i biletet.--Ekko 25. okt. 2005 kl. 21:41 (UTC)
[endre] "Tips ein ven"
Er det mogeleg å legge inn ei standardrute i verkty-menyen til venstre, der brukarane kan "tipse ein ven" om ein artikkel? (Altso sende ein epost med lenkje til artikkelen automatisk til nokon andre...)? (Som på nettavisartiklar) / Kurtber™|Ordskifte 2. nov. 2005 kl. 15:04 (UTC)
- Dette hadde vore ein særs god ide! --62.97.238.206 11. nov. 2005 kl. 12:00 (UTC) (=Brukar Anders)
-
- Det er veldig vanskelig å unngå at dette brukes for spam. 213.187.175.58 20:13, 22 august 2006 (UTC)
- Se nbs Ting, [1]. 84.202.133.179 09:41, 23 august 2006 (UTC)
- Det er veldig vanskelig å unngå at dette brukes for spam. 213.187.175.58 20:13, 22 august 2006 (UTC)
[endre] Teori- og definisjonsorientering
Kor teori- og definisjonsorienterte bør artiklar om meir eller mindre kvardagslege omgrep vera? Tyngjer det eller rikar det opp artiklane om ein nemner at dette omgrepet kjem frå eller soknar til serlege teoriar og modellar, og knyter dei opp til serlege forskarar/tenkjarar? Slik maktfordelingsprinsippet til dømes er knytt til Charles Montesquieu. Er dette ein god sedvane, eller er det eit lyte ved artikkelen? Slik somme artiklar framstår, synest det som om dei handlar om tema der definisjonane er fastlåste, der dette ikkje er omgrep som høyrer til serlege modellar, og som vert problematiserte mykje. For å koma frå dette kunne artiklar som stat, nasjonalstat og demokrati (for å taka døme frå mitt fag- og interessefelt), ogso nemna eller dryfta opphavet åt definisjonen. Fåren då er at me får artiklar som ikkje samhøver med korleis omgrep er bruka i kvardagstala. Det er kanskje ikkje so forvitneleg for lesaren å vita at byråkrati- eller statsomgrepet her er definert i tråd med Max Weber og andre, og at demokrati ikkje er i tråd med Aristoteles og Robert A. Dahl? (Dei kallar det for resten polyarki). Slik til dømes artikkelen institusjon er no, er han openbert fagleg rett, men det står ingenting om omgrepet slik som det er bruka i daglegtala. --Berre ei sleggje 13. nov. 2005 kl. 14:02 (UTC)
- Detaljrikdom er rikdom, meiner eg. Dessutan er det i tråd med nøytralitetspolitikken vår å bruka nøytrale definisjonar, noko som fører med seg at me bør drøfta alle (vanleg godtekne) definisjonar av eit omgrep. Sjå til dømes frukt, som har ulik tyding i daglegtale og biologi. Kva for ein definisjon er rettast? Umogleg å seia, så me gjev begge. Det kan òg vera ganske interessant å sjå samanhengen mellom dei ulike tydingane ord kan ha.
- Problemet er at lange utgreiingar om kva eit omgrep tyder kan vera forvirrande. Medan det av og til kan passa å drøfta det på byrjinga av artikkelen, vil det andre gonger vera betre å legga den biten til sist, eller visa til ein artikkel der omgrepet blir handsama ut frå ein anna. -- Ranveig 13. nov. 2005 kl. 18:04 (UTC)
[endre] Mogleg begrepsforvirring
Sjølv om denne artikkelen har vore på framsida, så er eg ikkje heilt komfortabel med at artikkelen nyttar begrepet spelekassett som oversetjing, sjølv om det kanskje var meg som først oversette "cartidge" slik, om eg ikkje tek feil. Eg foreåslår difor ROM-innsats, sidan eg ser at begrepet kassett kjem til a kollidere med Commodore 64 artikkelen, då denne maskina nytta både ROM-innsatsar og kassetar... --Anders 26. nov. 2005 kl. 15:03 (UTC)
-
- Jo, det er vel lovleg norsk. Men det vert for mine øyre litt gale å seie at ein heimedatamaskin som C64/VIC20 nytta både spelekassettar og lydkasettar, det er jo ikkje akkurat The Monroes ein talar om....--Anders 28. nov. 2005 kl. 20:46 (UTC)
- For meg er nå "kassett" meir forståeleg enn "innsats". Om du passer på å definera omgrepa i artikkelen det er snakk om, og pass på at han blir gjennomført, er det ikkje så farleg om det blir noko ulikt i artiklane. -- Ranveig 29. nov. 2005 kl. 15:30 (UTC)
-
-
- Greit, eg har prøvd å definere omgrepa i artikkelen Heimedatamaskin no, og lagt peikar til ein ny artikkel her med 2 bilete og. Eg trur dette går, men nokon bør vel sjå om det vert gjennomført nok??? ;-)--Anders 30. nov. 2005 kl. 21:33 (UTC)
-
[endre] Nytt om wikipedia?
Programmer.no -> Nyhet I fylgje artikkelen kan kun registrerte brukarar opprette nye artiklar. --KRISTAGAα-ω 6. des. 2005 kl. 19:46 (UTC)
- Det gjeld kun på den engelske wikipediaen: http://mail.wikipedia.org/pipermail/wikien-l/2005-December/033880.html --KRISTAGAα-ω 6. des. 2005 kl. 20:00 (UTC)
To nye linkar som kan høve seg her, frå forskning.no.
Kan du stole på Wikipedia? [2]
Det tilfeldige leksikonet [3]
I teksten står det referansar til norske utgåva, reknar med dei då meinar nb:... Roger 7. des. 2005 kl. 19:39 (UTC)
- Det fantest nokre særs alvorlege påstandar i kommentaren. Eg har skrive e-post til forfattaren der eg bed han forklara koss han kom fram til konklusjonen om ein av bokmålsbrukarane sitt politiske syn og kriminale rulleblad. Bjarte 8. des. 2005 kl. 00:30 (UTC)
- Sjå no:Wikipedia:Tinget#Forskning.no_-_Kan_du_stole_på_Wikipedia?. Eg har òg skrive ein e-post til Didrik Søderlind (journalisten), eg bad honom fjerne dei usanne utsegna. Kjetil Ree 8. des. 2005 kl. 07:59 (UTC)
-
- Her er ein fin dagbladartikkel frå i går: Wiki-sjefen sensurert av leser. Verdt å lesa! --Erlend 14:09, 16 september 2006 (UTC)
[endre] Understreking
Eg anar ikkje om dette er teke opp før, men eg tykkjer det er venare og mindre rotut slik eg ser dei har gjort det på andre wikipediar, der dei ikkje har understreka lekkjer, korkje eksterne eller interne. Det må då vel vera mogeleg her òg? Eg tykkjer det er ein fin ting at artiklar har lekkjer til mange andre artiklar, det bind liksom heile wikipedia i saman, men når dei kjem tett i kvarandre, meiner eg det vert mykje forstyrrande strekar i skjermbiletet, i ser i stutte artiklar. At lekkjer er blåe, er då fullgod markering av at det er ei lekkja å trykkja på der? --Berre ei sleggje 8. des. 2005 kl. 18:49 (UTC)
- Eg er 100 % einig — understrekinga rotar til skriftbiletet, særleg i samband mot ord der ein eller fleire bokstavar går under lina. Slike bokstavar inkluderer g, j, p, q og y, og i tillegg bokstavar med diakritiske teikn som t.d. bokstavane ḥ, ḳ, ṣ, ṭ, ę, į, ķ, ņ, ŋ, ŗ, ş, ţ, ų og þ. Slike bokstavar er rettnok sjeldne i «innfødde» nynorske ord, men i stadnamn o.a. er dei faktisk ofte normerte av Språkrådet! -- Olve 8. des. 2005 kl. 21:53 (UTC)
- 100 prosent samd her òg. Det bør vere ein smal sak å få endra stilsettet. --Bep 8. des. 2005 kl. 22:40 (UTC)
-
-
- Viss det er lettvint å ta bort understrekinga, vil eg gjerne velja det sjølv gjennom brukarinnstillingane. --Eddi (Snakk) 9. des. 2005 kl. 03:03 (UTC)
-
Er ikkje heilt sikker på kva eg sjølv tykkjer, men ville berre gjera merksam på at lekkjer utan understreking kan vera vanskelegare å lesa. Altso, det tek lengre tid før ein oppdagar dei, eller skjønar at det går an å klikka på dei. Sjå Jakob Nielsen: Guidelines for Visualizing Links. Men at understrekinga øydelegg bokstavar som strekk seg «ned i kjellaren» er òg eit argument som ein ikkje lyt sjå bort frå. Arj 9. des. 2005 kl. 18:51 (UTC)
[endre] Wikipedia strammar inn
I følge avisa The Guardian seier Jimmy Wales at Wikipedia no skal "ban anonymous users from creating new entries". [5] Kjenner nokon til når dette blir lagt inn i Nynorsk Wikipedia? Eg synest dette er ein god idé sett i lys av alle vandalane, sjølv om ein slik regel nok ville ført til at eg aldri hadde blitt med i laget. Hogne 8. des. 2005 kl. 20:35 (UTC)
- Dagbladet på nett hadde same soga som hovudoppslag for nokre straksar sidan, dei hadde lese Guardian-artikkelen. Begge tek litt hardt i, og særleg Dagbladet ser ut til å ikkje ha fått med seg særleg av intensjonen. Her er fakta: http://mail.wikipedia.org/pipermail/wikien-l/2005-December/033880.html
- Det er altså eit eksperiment, for å sjå om det lettar trykket på fortroppen på engelsk Wikipedia som går gjennom dei nye artiklane, som er, sitat David Gerard: «very brave people standing in front of a firehose of nonsense».
- De er heldigvis ikkje noko brannslange som spyler ned nynorsk Wikipedia med nye våseartiklar døgnet rundt slik det kan vere på engelsk Wikipedia.
- Dess fleire av oppslaga eg les om Wikipedia frå norske media dess meir lurer eg på kva som eigentleg trengst for å vere journalist, her ligg hovudkjelda for fakta greit tilgjengeleg på nettet og likevel skriv dei heller av andre media sine oppslag om saka. Det er trøyttsamt med sånn kjeldesjekking, gitt. Eg har vorte meir skeptisk til norske media, og er er generelt skeptisk frå før, så no har dei ikkje mykje tillit. Wikipedia veit eg jo at eg må ta med ei klype salt, men alt det saltet eg må ta for å kunne svelge den frie norske pressa veit eg ikkje om eg tåler. --Jorunn 8. des. 2005 kl. 21:18 (UTC)
-
- Journalist er ikkje ein skydda tittel slik til dømes bibliotekartittelen er, dermed kan igrunn alle som vil kalle seg journalist gjere det, medan eg ikkje kan kalle meg bibliotekar så lenge eg ikkje har bibliotekar-utdanning. Når det gjeld media og kjeldekritikk er ikkje dette noko nytt som har dukka opp nyleg(, desverre). Det har då alltid vore kritiske røyster mot medias til tider einsidige eller direkte feilaktige vinkling av nyhende. Ei viss skepsis mot det ein får servert av nyhende er sunt, etter mi meining. Ei nyhendesak kan berre vise ei lita del av "det store biletet" likevell, så det er naivt å tru at det ikkje vert farga av journalisten eiga standpunkt eller det som sel (td. katastrofar), utan at eg skal skylde nokon her for å vere naive. :) --Anders 9. des. 2005 kl. 15:46 (UTC)
- Dette er eit (tidsavgrensa) "eksperiment" Jimmy Wales heilt udemokratisk (såvidt eg kan skjøne) har innført på en.wikipedia. Eg trur ikkje det er noko "løysing" på en.wikipedia, og her på Nynorsk Wikipedia er det jo ingenting som skal løysast (eller?). --Guttorm 8. des. 2005 kl. 21:22 (UTC)
-
- Ja, måten det vart innført på var noko eineherskaraktig (der kunne pressa ha noko å skrive om), og panisk. Vil ein absolutt spyle ned Wikipedia med vrøvl og vas klarar ein fint å registrere ein brukarkonto eller tusen, så korleis dette skal hjelpe er vondt å sjå. --Jorunn 8. des. 2005 kl. 21:54 (UTC)
-
- Kurtber har heilt rett. Dessutan gjer denne "innstramminga" det like lett å vandalisere eksisterande artiklar. Desse motførestillingane kom jo fram på engelsk wiki-diskusjonsforum med ein gong, men det er sjølvsagt i orden å teste om det er noko vits i det. Det eg har sett av vandalisme hos oss ser ut til å vere gutar som skriv på wikipedia i skoletimen (same IP-nummer skriv tøv og samtidig relativt (u)saklege fotball-artiklar). Kanskje det er lærarar som bruker oss i sidemålsundervisninga, og det vi får er vår del av skribling på pultlokket. Anna vandalisme har eg nesten ikkje sett hos oss, med dei par kjende unntaka. Trondtr 17. des. 2005 kl. 19:00 (UTC).
-
-
- Først: Kjende unntak? Er det mine perler for svin på skogen du siktar til, kanskje? Så må eg bare få retta deg om at det er gutar som legg inn tull og tøys. Det er nok ein del av den andre typen òg, men kanskje ikkje i den siste tida. Men vandalismen her er jo nesten koseleg, det blir ofte fine artiklar av han, i alle fall. -- Ranveig 17. des. 2005 kl. 23:39 (UTC)
-
-
-
-
- Ja, eg er no òg einig i at det er svært positivt at så mange tulleartiklar blir til skikkelege artiklar i staden for at dei berre blir fjerna... :-) Og eg er einig i at gagn og ugagn ikkje er fordelt etter vasstette skott mellom kjønna. -- Olve 18. des. 2005 kl. 01:11 (UTC)
-
-
-
-
- Med "kjende unntak" viste eg til ting som Stoltenberg-saka (men det var kanskje på no?). Det vi eventuelt sjølv gjer med eit glimt i auget er absolutt noko anna (og ikkje kjønnsspesifikt, nei). Og ja, det vi har av vandalisme er ikkje så ille, og artiklar som infraraud stråling og Tuonela-svana har jo våre relativt snille vandalar å takke for at dei i det heile eksisterer. Den tradisjonen (å svare på tull med innhald) skal vi halde i hevd. Og det er altså blant desse snille vandalane eg trudde eg såg tendensar til at det var gutane i klassen som heller skreiv om fotball og tull enn kva det no var læraren ville ha dei til. Men for all del, det kan godt hende det er jenter blant dei. ̈̈̈̈Trondtr 18. des. 2005 kl. 10:13 (UTC).
-
-
-
-
-
- Det meste er no sagt om dette, men eg kan ikkje dy meg. Det ser ut som me her er herleg samde på dette området: nynorsk Wikipedia er lite plaga med vandalisme og tulleartiklar blir til gode artiklar etter kort tid. Og når det no er slik så må 15-åringar få lov til å tulle-ekperimentere litt; om nokre år kjem dei attende som Olve II. --Bep 19. des. 2005 kl. 18:44 (UTC)
-
-
-
[endre] Raude lenkjer - den perfekte motivasjon
Dette innlegget kan kanskje synast både openbart og tåpeleg, men eg det har ikkje slått meg så klårt som i seinare tid: Ein av hovudgrunnane til at eg framleis er aktiv bidragsytar her er "dei raude lenkjene". Andre kan sikkert ha andre framgangsmåtar en meg, men eg likar å revitje artiklar eg har skrive tidlegare og trykke på raude lenkjer... Mitt siste prosjekt er Charlie Parker... Mykje raudt her, og for kvar artikkel eg skriv ... mange nye raude lenkjer. Herleg!! --Bep 21. des. 2005 kl. 20:45 (UTC)
- Slik er det. Innlegget ditt får meg til å tenkje på romanen "The land that touches mine" av John Sanford, hovudpersonen seier noko slikt som "I ain't greedy, I just want the land that touches mine". Snart er eg ferdig med Wikipedia, eg skal berre få vekk dei raude lenkjene i artiklane mine fyrst. God skriving! --Ekko 21. des. 2005 kl. 21:07 (UTC)
- "Snart er eg ferdig med Wikipedia, eg skal berre få vekk dei raude lenkjene i artiklane mine fyrst." Den var god... Eg stel den til mi eiga side... --Bep 21. des. 2005 kl. 21:31 (UTC)
[endre] Skattefrådrag for wikipedia?
Den overskrifta fangar nok litt merksemd, ja ;-) På dei engelske sidene står det om Wikimedia Foundation si innsamling at "Donations are tax-deductible in the U.S." - er det ikkje det i Noreg óg, eller gjeld det berre eit fåtal statleg godkjende organisasjonar? I so fall burde vi prøve å få godkjend ytingar til Wikimedia Foundation som skattefrådrags-ytingar! (Eg trur ikkje vi kjem til å gå Redd Barna og Amnesty i marknaden, for det hadde eg ikkje hatt samvet til å gjere)/ Kurtber™|Ordskifte 22. des. 2005 kl. 16:42 (UTC)
- Eg trur det er så at om du gjev eit fast, regelmessig beløp til ein organisasjon kan du få fradrag på skatten for inntil ei viss sum, er det ikkje noko slikt? --Anders 25. des. 2005 kl. 18:12 (UTC)
-
- Om du gjev ein litt større sum i løpet av året -- kanskje det er 500, er ikkje sikker -- kan du få litt fråtrekk på skatten. Men det skal nok litt til å erklæra seg som ein veldedig organisasjon. -- Ranveig 27. des. 2005 kl. 11:08 (UTC)
-
-
- Jeg synes vi burde gå sammen med de svenske og danske og starte en Wikimedia Skandinavia. Bare en tanke. Jon Harald Søby 29. des. 2005 kl. 17:57 (UTC)
-
[endre] Bokmål-nynorsk-synonymordbok integrert i kvasir
Flott vinkling på den her saka, ja! No skal Kvasir lære nynorskingane å søkje med gode bokmålsord... Men det her kan vere nyttig for mange som til dømes skal omsetje artiklar frå bokmål, eller ikkje kjem på gode nynorsk-synonym i stunden!
Opplegget er enkelt; søk på til dømes "bedre" i Kvasir. Rett under søkjeruta på resultatsida står det "Søk også på nynorsk: betre". Flott, eller?
Synonymordboka byggjer på programvara til Nynodata.
- Det der ut til at denne funksjonen er borte no. Eg fekk i alle fall ikkje opp bokmålsord då eg prøvde. Sjukehus, som vert nemnd i artikkelen, er vel også tillete på bokmål? Magnus 30. juni 2006 kl. 11:47 (UTC)
[endre] Snarveitaster
Hvorfor fungerer ikke snarveitaster som Alt+E (endre), Alt+X (tilfeldeg side), Alt+. (brukerside) her? De fungerer på absolutt alle andre wikipediaer utenom nynorsk. Jon Harald Søby 29. des. 2005 kl. 14:03 (UTC)
- Mystisk. Men det er ikkje bare her, det same er tilfelle på ang:, ast:, mt: og uk:. --KRISTAGAα-ω 29. des. 2005 kl. 14:57 (UTC)
- Dei snarveitastane du nemnde verkar ikkje på no, heller. Sikker på at det var alt tasten? Alt+e nyttast som hurtigtast både i IE og mi engelske Opera nettlesar. Å dobbeltklikke venstre museknapp får opp endre hjå meg her og på en, men ikkje på no. --Anders 29. des. 2005 kl. 15:37 (UTC)
-
- Dobbeltklikking er javascript. Alle de tastene virker på no (for meg), pluss alle andre prosjekter (utenom de Kristaga nevner). Det er vel ikke noe i Spesial:Allmessages som gjør det (jeg fant ikke noe der i stad)? Jon Harald Søby 29. des. 2005 kl. 17:56 (UTC)
-
-
- Det stemmer at dobbeltklikking (som mykje anna) vert styrt av eit javascript. Men eg lurer litt på kva nettlesar du nyttar? Dei snarveiane du nemde funkar ikkje hjå meg... --Anders 29. des. 2005 kl. 18:42 (UTC)
-
-
-
-
- Jeg bruker Firefox. I Internet Explorer må man først trykke snarveien, så Enter. Tror Opera funker som Firefox (altså at de funker med en gang). Jon Harald Søby 30. des. 2005 kl. 10:21 (UTC)
-
-
[endre] Aviser på Commons
Er det nokon som veit kva lisensen på commons: seier om å laste opp bilete ein sjølv har teke med avisframsider som motiv? --EIRIK\diskusjon 1. jan. 2006 kl. 22:06 (UTC)
- Også oppsettet av avisframsider er verna, så eit bilde av bare ei slik side er ikkje god å ha på Commons eller andre wikipediastader. Dersom du derimot tek eit bilde av fleire framsider (fil:The Times.png), eller tilfeldigvis får med ei avis på eit bilde med noko anna som motiv (fil:Dead sea newspaper.jpg), er det derimot greitt. -- Ranveig 1. jan. 2006 kl. 22:32 (UTC)
[endre] Problem med malboks
Eg har ei stund no laga malboksar etter mønster frå m.a. finsk wikipedia, og det har gått fint. No skulle eg ta boksen for norske universitet frå bokmålswikipediaen. Den var bygd opp på ein annan, kinesisk måte (boks inni boks). Eg kopierte og sto på, men får det ikkje til. Kan nokon hjelpe? Trondtr 4. jan. 2006 kl. 09:31 (UTC).
- Kan du setja opp eit døme under maldiskusjon:infoboks universitet på korleis malen skulle brukast, t.d. for Universitetet i Tromsø, så kan me sjå nærmare på det? --Eddi (Snakk) 4. jan. 2006 kl. 10:17 (UTC)
-
- Eg tenker problemet er at nb: har nokre klassar definerte i MediaWiki:Monobook.css som me ikkje har. Då blir ikkje boksen så fin. Me kan nok legga dei inn, men vil boksen då visast likt i dei ulike wiki-draktane? -- Ranveig 4. jan. 2006 kl. 11:14 (UTC)
-
-
- Eg har sett opp eit døme sjølv under Brukar:Eddideigel/Sandkasse. Kan henda det enklaste er å spørja Jon Harald (eller her). --Eddi (Snakk) 4. jan. 2006 kl. 11:39 (UTC)
-
-
- Ranveig har nok rett, dvs at det var noko eg ikkje hadde sett. Eg visste ikkje at vi hadde tilgang til å manipulere med css. Heller ikkje ser eg korfor hans kjeldekode fungerer, men ikkje min (det fungerande eksemplet finst altså på no:Universitetet i Tromsø, samanlikn no:Mal:Infoboks_universiteter med Mal:Infoboks universitet. Den på nb. får ramme rundt og fine fargar, den på nn. får det ikkje. Altså: Skal vi pröve å gjere det same som dei gjer, ha boks-i-boks og css (fordelen er at det er lettare å kopiere), eller skal vi halde oss til den praksisen i alle fall eg har sett (på fylkesboksane, osb.)? Trondtr 4. jan. 2006 kl. 12:54 (UTC).
[endre] Mal:Nyhende
Mal:Nyhende på framsida blir så og seie aldri oppdatert. Kanskje han bør fjernast? Nå ser det bare dumt ut med «nyhende» som er fleire månadar gamle. --KRISTAGAα-ω 10. jan. 2006 kl. 14:05 (UTC)
- Tja. Oppdateringar kan ein alltid auka. Spørsmålet blir om nyhende-bolken fortener plassen øvst på framsida, eller om noko anna ville gjera større nytte der. Nett no er bolken ikkje nokon nyheitskjelde; derimot er han ein peikar til artiklar som har med aktuelle hendingar å gjera, og ein raudlenkjekjelde for glade skribentar. Dersom det er einaste nytta han har, vil eg ikkje ha noko imot å leggja han inn på brukarportalen. -- Ranveig 10. jan. 2006 kl. 15:32 (UTC)
[endre] Hovudsida
Fungerer ikkje på min nettlesar no. Roarjo 13. januar 2006 kl. 14:15 (UTC)
- Det fungerer i alle fall i IE hjå meg. --Eddi (Snakk) 13. januar 2006 kl. 16:24 (UTC)
- Orsak bryderiet, no er vekas artiklar frå nn: og da: på plass igjen, det var nok noko lokalt grums (gamal cash?) her i operaen. Mens eg skriv kjem problemet tilbake igjen... Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 02, 2006 og Wikipedia:Vekas danske artikkel/Veke 02, 2006 er raude lenker her. Windows OS og Opera. Har hatt ein omstart og fjerna private data utan at det hjelpte. Roarjo 13. januar 2006 kl. 22:31 (UTC)
- Korrekte lenker er Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 2, 2006 og Wikipedia:Vekas danske artikkel/Veke 2, 2006. --KRISTAGAα-ω 14. januar 2006 kl. 07:43 (UTC)
- Orsak bryderiet, no er vekas artiklar frå nn: og da: på plass igjen, det var nok noko lokalt grums (gamal cash?) her i operaen. Mens eg skriv kjem problemet tilbake igjen... Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 02, 2006 og Wikipedia:Vekas danske artikkel/Veke 02, 2006 er raude lenker her. Windows OS og Opera. Har hatt ein omstart og fjerna private data utan at det hjelpte. Roarjo 13. januar 2006 kl. 22:31 (UTC)
[endre] Statistikken, kven styrer?
På statistikken på http://en.wikipedia.org/wikistats/NN/TablesWikipediaNN.htm, så er det linka om bruker:brukarnamn, noko som sjølvsagt fungerar dårleg her på garden. (Skulle jo vore brukar:brukarnamn) Er det nokon som kan ordne slikt? Roger 14. januar 2006 kl. 04:12 (UTC)
[endre] Opphavsrett
Eg tek ein "Nye Alle Menn" og har lasta opp eit bilete eg er usikker på, sjå artikkelen lungevene. Det er eit foto eg sjølv har teke av ein hjartemodell. Spørsmålet er: kan eg gjera det slik? Eller bryt eg med opphavsretten til dei som har laga modellen? Eg har lagt biletet her på nn, og trur det er best slik inntill vidare. --Ekko 18. januar 2006 kl. 20:16 (UTC)
Nokon som veit kva opphavsrettpolitikk dei har på odin.dep.no? Kan ein bruke kart derifrå? Klarte ikkje å finne noko informasjon om det på nettsidene deira. stykkjet 21. juni 2006 kl. 22:28 (UTC)
[endre] 12 timars overvaking
I dag byrja overvakingslista mi å berre visa 12 timar default, i staden for 3 dagar. På no: skjedde det same på torsdag, altså for 5 dagar sidan, medan eg ikkje har problem på en: hittil. Eg prøvde å tilbakestilla ei endring eg hadde gjort i monobook.js, men det hjalp ikkje, og det forklarar dessutan ikkje skilnaden mellom no: og nn:. Er det nokon flere som har same problemet? Er det kanskje gjort ei programvareoppdatering den siste tida som kan vera forklaringa? Eg brukar Monobook i Opera under Linux. --Eddi (Snakk) 24. januar 2006 kl. 23:36 (UTC)
- Ifølgje en:Wikipedia:Village pump (technical)#12 hours watchlist er det ei grense i mediawiki på 1000 liner i overvakingslista, der default blir redusert frå 3 dagar til 12 timar. Eg har ikkje fått heilt avklart om det gjeld 1000 liner i overvakingslista eller 1000 overvaka sider, men førebels verkar det som om det er det siste. Det er kanskje ein bug. --Eddi (Snakk) 25. januar 2006 kl. 04:35 (UTC)
[endre] Fargeprøver
Finn fram fargar og kostar, og mål byen raud! Her er ein liten mal for å visa fargeprøver: . Syntaksen er {{fargeprøve|farge}} der farge er 3 siffer RGB (t.d. #aaa), 6 siffer RGB (t.d. #aaaaaa), eller HTML (t.d. red, orange, yellow, green, blue, indigo, violet, gray, black). Noko må ein ha å mora seg med! (For dei som lurar, så er malen eigentleg brukt her og her.) --Eddi (Snakk) 26. januar 2006 kl. 06:30 (UTC)
[endre] Malar for velkomst og åtvaring
Kan ikkje nokon av dei malkyndige laga nokre malar for venleg velkomst og åtvaring av tøysekoppar/spøkefuglar/nysgjerrige/vanadalar? Eg tenkjer på noko som svarar til to-tre av dei mest brukte på engelsk Wikipedia. --Ekko 26. januar 2006 kl. 18:29 (UTC)
- Eg føreslår ei handfull varianter frå dei par-tre øvste radene i tabellen på en:, det vil seia åtvaringar mot vanleg tull og vandalisme. Resten er meir uvanlege ting som åtvaringar etter utskjelling, trugsmål, ondsinna feilredigering, fjerning av merkjelappar osb. Viss nokon tek seg ein tur gjennom dei engelske variantane og plukkar ut eit knippe, så kan eg ta dei hit og leggja dei under Wikipedia:Mal. Trengst det forresten ei oppdatering av Wikipedia:Hærverk? --Eddi (Snakk) 27. januar 2006 kl. 03:32 (UTC)
-
- Til hærverksdiskusjonen: eg synest ikkje tull er heilt harmlaust. Når det vert oppretta 10-15 artiklar på eit par timar kor greie oppslagsord får fjasete innhald er det meir enn me rekk å gjera om. (I alle fall om arbeidsgjevaren min skal få noko igjen for løna mi). Og då trur eg ei kjapp åtvaring er lurt. For det er neppe vondt ment. Men det er ikkje bra om fjaseartiklane blir ståande. --Ekko 27. januar 2006 kl. 10:34 (UTC)
-
-
- Ein drøss med tull i nye eller gamle artiklar er eg einig i ikkje er bra. Det kan godt føra til blokkering. Men det siste dømet, der ein brukar blei blokkert etter eitt einaste tulleinnlegg, synest eg viser at me har blitt litt lite tolerante. Merk tullet som frø, så blir det nok orden på det. -- Ranveig 27. januar 2006 kl. 11:02 (UTC)
-
Eg synes dei to "godarta" velkomstmalane me har fått er fine. I tillegg trur eg berre me treng Mild advarsel og Streng advarsel.--Ekko 27. januar 2006 kl. 18:10 (UTC)
- Ranveig la dei inn som {{subst:test1}} og {{subst:test2}}. Eg har skrive bruksrettleiing for desse på Maldiskusjon:Test. Velkomstmalane som du nemner er {{subst:velkomst-anon}} og {{subst:velkomst-reg|brukarnamn}}. --Eddi (Snakk) 27. januar 2006 kl. 19:19 (UTC)
[endre] Verna systemmeldingar?
Eg prøvde nett no å omsetja MediaWiki:Anoneditwarning til nynorsk, men sida var verna. Det ser ut som alle systemmeldingssidene er verna for vanlege brukarar. Er det noko gagn i det? -- Arvind 9. februar 2006 kl. 20:46 (UTC)
- Ja, til ein viss grad (tryggleikshensyn), og det er ikkje noko gagn i å prøva å få utviklarane til å gjera noko med det (har prøvd). Uansett, det hadde vore fint om de held oversyn over det som blir omsett på wikipedia-diskusjon:LanguageNn.php eller liknande stad. Eg har tenkt å komma attende å få gjort noko med omsetjinga seinare ein gong:-) --Guttorm 10. februar 2006 kl. 06:50 (UTC)
[endre] Malar: Hash-funksjonalitet?
Eg har freista å lese manualen til Templates, men greier ikkje å finne denne typen funksjonalitet; dersom den ikkje er der burde den vere triviell implementasjonsmessig... Overskrifta er kanskje ikkje kjempeforklarande, men eg kan gi eit døme:
I dag kom det nye opplagstal frå avisene i Noreg m.a. i eit rekneark. Då har ein ei rekke med "opplag i <år> var <tal>". Dersom ein kunne sette inn ein mal for dette og halde dette ved like i ein sentral tabell vil dette hjelpe på ajourhaldet. Dette kan overførast til innbyggartal o.a. --Bep 17. februar 2006 kl. 19:18 (UTC)
- Dette høyrest ut som noko eg kunne tenkjast å vera interessert i å prøva å tenkja på om eg ville klara. Adresse til eit slikt rekneark? --Eddi (Snakk) 17. februar 2006 kl. 23:05 (UTC)
-
- Rekneark for opplagstal her: http://www.mediebedriftene.no/index.asp?id=52072#52072
- Men det kan hende dette er mest ryddig å gjere vha. nokre metataggar og ein robot... --Bep 22. februar 2006 kl. 18:04 (UTC)
[endre] Promotering av nn.wikipedia
nn.wikipedia går svært bra!! Ein klapp på mange skuldrar. Men eg tykkjer likevel at ein mindre innsats for å få medieblest i lokalaviser- og radio bør vere ein relativt enkel måte å hanke inn nye dugande skribentar og blest om prosjektet. Eg vart oppmerksam på dette leksiskon gjennom Sogn Avis - dei er klar for ein ny artikkel (dei må berre bli minna på det...), det same er NRK Sogn og Fjordane... og andre nynorsk aviser rundtom. --Bep 17. februar 2006 kl. 20:13 (UTC)
- Eg vil òg føreslå Bergen som eit satsingsområde, kanskje særleg med framstøyt gjennom Bergens Tidende om det let seg gjera. Eg trur det er mange i Bergen som har interesse for språkleg mangfald, både fordi målføret hjå mange bergensarar er vel så nært nynorsk som bokmål, og fordi det er lange tradisjonar i Bergen for samkvem mellom by og land, og mellom nordmenn og utlendingar. --Eddi (Snakk) 17. februar 2006 kl. 23:19 (UTC)
[endre] Skilnad på talet på artiklar
Framsida og sida "Siste endringar" viser ulikt tal på artiklar. Kvifor? Og kva er rett? Her hadde eg hamstra ferdigskrivne artiklar for å få nummer 14 000, og så er kanskje alt fånyttes?
- Hovudsida blir oppdatert litt seinare (du kan gjera det sjølv ved å velja "oppdater hovudsida" under Siste endringar). Viss du synest det er gale at Koarktasjon blei nummer 14.000, har du kanskje spart han til inga nytte, ja. :-P -- Ranveig 21. februar 2006 kl. 13:46 (UTC)
-
- Nei, det var slikt det var tenkt ja. :-D
- Ja, slike gleder kan eit enkelt mennske ha.... --Ekko 21. februar 2006 kl. 14:05 (UTC)
-
-
- Det er no betre enn å gå rundt og banka opp folk. -- Ranveig 21. februar 2006 kl. 14:17 (UTC)
-
[endre] Kven får plass her?
Ein liten prinsippdiskusjon utan hast: Kor lite kjend kan ein vera og framleis få plass her, jamfør amatørbandet MiN og musikaren Alexander Gjørven? --Ekko 10. mars 2006 kl. 06:20 (UTC)
- Eg trur ein kan snu om på det: Ein bør på sikt ha mål om å få på plass alle artiklar "på same nivå" om eit gitt tema. Det er t.d. naturleg å få ein artikkel om alle dei sentrale musikarane som spelte med Charlie Parker, men det er verken naturleg eller muleg å skrive ein artikkel om alle punkbassistane i Noreg. Dermed bør t.d. artikkelen om Alexander Gjørven slettast. --Bep 13. mars 2006 kl. 21:25 (UTC)
- Mi meining òg. Eg synest eit minimum må vera at ein har fått nok ut (CD/bok/o.l.), og ikkje på eige selskap/forlag. Eventuelt kan den som orkar/har kunnskap laga ein oversiktsartikkel. Til dømes Amatørpønkrørsla i Noreg etter år 2000.--Ekko 13. mars 2006 kl. 21:32 (UTC)
Men me bør kunna laga litt meir handfaste kriterium enn kva som er naturleg, for det kan vera svært forskjellig for ulike folk. Til dømes bør me ha plass til personar, rørsler eller musikkgrupper som har fått ein del omtale i media, medan dei som ikkje kan underbyggjast på denne måten ikkje høyrer til her. Dokumentasjon er det viktigaste, og det har den som ønsker å plassera artikkelen her ansvar for å gjeva. -- Ranveig 13. mars 2006 kl. 21:37 (UTC)
[endre] Boks med spesielle teikn når ein redigerer
På Wikipeda på bokmål finnast det ein boks merkt «Spesielle tegn» som kjem opp når ein redigerer artiklar. Her kan ein velje forskjellige teikn, som t.d. norske gåsauge og forskjellige parantesar. Er det mogleg å få ein slik boks her på Wikipedia på nynorsk? Når eg sit på ei Windows-maskin er det så upraktisk å skrive norske gåsauge, og når eg sit på Mac er det så upraktisk å skrive somme parantesar. Kjetil Ree 13. mars 2006 kl. 01:41 (UTC)
- Det er snakk om no:MediaWiki:Edittools. Her i garden var desse teikna innom MediaWiki:Copyrightwarning ei kort stund, men eg hugsar ikkje om dei har vore andre plassar òg. --Eddi (Snakk) 13. mars 2006 kl. 01:53 (UTC)
-
- Me hadde ein diskusjon om å bruka ein slik boks ein gong, men nokon (eg trur det var Guttorm) var imot det fordi han tok opp plass. Eg synest derimot det er ein god idé, det er ganske plagsamt å ikkje kunne skriva fordi ein sit med feil type tastatur eller datamaskin! -- Ranveig 13. mars 2006 kl. 21:08 (UTC)
-
-
- På Mac er i alle fall alle parantesane tilgjengelege og det same er dei andre teikna du treng til vanleg tekst, berre sjå på «Tastatur» under det norske flagget oppe til høgre (har du ikkje installert norsk flagg finn du det på «Internasjonalt» i systempanelet. Alle parantesar er stabla oppå 8 og 9 (skift gjev ( ), opsjon [ ], skift-opsjon { }), og dei avanserte hermeteikna ligg over tastane v, b, n, m. Mac har ein annan tastaturfilosofi enn Windows («gje brukaren så mykje som mogleg», heller enn «gje brukaren så lite som mogleg»), så eg forstår godt at dette kan vere eit problem på Windows (Linux er som Mac, viss eg hugsar rett). Men eg lurer på om det er mogleg å lage snarvegar til dei norske hermeteikna på Windows. Sjølv er eg samd i at teiknboksen tar stor plass, så viss det blir ein slik boks får de gjere han så liten som mogleg, og, som sagt, på Mac er den snaraste måten å skrive parantesane. Elles inneheld bokmåls-boksen framfor alt dei norske bokstavane. Alle operativsystem har no tastaturoppsett for ulike språk som del av innstillingane sine, slik at det er mogleg å skrive æøå osb. sjølv på eit tysk eller engelsk tastatur. Men med ei kjapp redigering på ein internettkafe i utlandet kan nok saknet etter æøå vere stort, hmm, så nei, mobile turistar kan nok ha bruk for ein slik boks. Trondtr 26. mars 2006 kl. 07:30 (UTC).
-
-
-
- Viss du bruker ein eldre versjon av Firefox enn v.1.5, finst det ein flott plug-in extension som heiter Wikipedia 0.6, som løyser dette problemet og er svært lett å bruka. Bruker du Firefox 1.5 eller nyare, kan du lasta ned Wikipedia 0.7. For å få norske hermeteikn eller andre spesialteikn, merker du berre teksten du vil ha hermeteikn rundt, høgreklikkar, og vel «Wikipedia» for Wikipedia-menyen. Der kan du anten velja dei teikna du ynskjer med musa, eller tasta 'q' (for «quotation marks») etterfølgd av 'n' (for «Norwegian»).
- --Verdlanco\ordskifte 26. mars 2006 kl. 10:40 (UTC)
-
[endre] Jimmy Wales til Noreg i mai
På konferansen Innotown (program) i Ålesund slutten av mai skal Jimmy Wales halda eit føredrag om “Wikipedia - collaborate knowledge sharing”. For dei som har 8000,- til overs til å betala konferanseavgifta, er det berre å melda seg på! --Gunnernett 15. mars 2006 kl. 09:10 (UTC)
- Eller delta på ei eiga tilskiping med Jimbo og norske wikipedantar, viss det let seg gjera. Sjå no:WP:T#Innotown. Ei sak for m:Skanwiki? --Eddi <small>(Snakk) 15. mars 2006 kl. 20:43 (UTC)
-
- Førebels påmeldingsliste til ein wikipedanttreff med Jimmy Wales i Bergen den 29. mai ligg no på no:Wikipedia:Jimbo in Norway/Preliminary registration for wikimeetup.
- --Verdlanco\ordskifte 8. mai 2006 kl. 11:33 (UTC)
[endre] Linking til meir eller mindre private bildesider
Siste tida har ymse folk lagt inn linkar til private bildesider, slik som San Francisco, Roskilde og nokre europeiske byar, hugsar ikkje kva for nokon. Når det gjeld Roskilde så har dei linkane lite der å gjere, men bilete frå byar og slikt kan jo vere interessant nok? Eller bør/skal alle slike fjernast utan særleg omtanke? -- Roger 24. mars 2006 kl. 15:21 (UTC)
- Vanskeleg. Eg har funne nokre, m.a. Roma trur eg, som klårt bikka over i reklame. Er dei gode (bileta, og sidene) er det jo greit, men me kan jo oppmoda folk om å laste dei opp på commons.--Ekko 24. mars 2006 kl. 15:49 (UTC)
[endre] Statistikk
Statistikksidene våre er frå desember i fjor. Dei bør vel bli oppdatert av nokon, eller fjernast? --Ekko 26. mars 2006 kl. 03:21 (UTC)
[endre] Zigarettenpreis
Hallo ich schreib in der Deutschen Wikipedia einen Artikel über die Zigarettenpreise in Europa, es wäre ziemlich nett wenn sie mir sagen könnten was eine Packung Marlboro Zigaretten in deinem Land kosten und wie viel Zigaretten sich in einer Schachtel befinden. Es wäre wichtig das es sich dabei um den offiziellen Preis handelt und nicht um einen Preis von Schachteln die auf der Straße gehandelt werden. Ich danke schon mal im voraus.
- Echt? Ich finde den Artikel nicht. Wo ist es, und was ist ihre Benutzername an de? Trondtr 26. mars 2006 kl. 18:20 (UTC)
Das soll mal der Artikel werden, ist aber noch lange nicht fertig.
[endre] Tvilsom nynorskportal
Typisk norsk hadde den 26. mars i år eit innslag om ei nynorsk pornoside på internett. (12 minutt inn i sendinga, sjå NRK nett-tv.)
Ettersom eg liker å kontrollera fakta eg får servert på tv, måtte eg jo undersøkja om dette stemte. Og ja da, den pornosida var lett å finna!
Det første eg la merke til, var dette: Øvst på sida finn me ei liste med peikarar til Meir på NyNorsk, og det første punktet på den lista er Wikipedia leksikon på Nynorsk, som tek deg hit! (Dette var ikkje nemnt på fjernsynet.)
Skal tru kor stor del av dei som vitjar Wikipedia, finn vegen hit via den websida?
--Verdlanco\ordskifte 26. mars 2006 kl. 19:54 (UTC)
-
- Eg fann vegen hit via Sogn Avis, men det no mykje det same :-) --Bep 27. mars 2006 kl. 21:08 (UTC)
- Hehe, det var artig. Kanskje me skal skunda oss å utvida artikkelen om pornografi, eller legga inn artiklar på visse kjønnslege tabuord.
- Men språkføringa er ikkje så svært imponerande på utsnittet du lasta opp -- «kun» er jo eit bokmålsord. -- Ranveig 26. mars 2006 kl. 20:26 (UTC)
-
-
- Prøver du å få meg til å gje deg adressa, Eddi? Eg synest me får klara oss utan pornopeikarar i Wikipedia. Dei som vil sjå pornosida, finn henne sikkert ved litt søking på nettet.
- Eg trur forresten ikkje det språklege engasjementet er så heilhjerta, det er nok mest eit alibi. Dei som laga den sida, har ikkje forsøkt spesielt hardt å få til rett nynorsk.
- --Verdlanco\ordskifte 27. mars 2006 kl. 06:16 (UTC)
-
- Jeg skal være helt ærlig. Jeg leste en artikkel i en eller annen nett-avis om NyNorsk der det sto noe slikt som "og det neste vi ser blir vel at noen registrerer (domene-navnet på siden min) og setter opp en Nynorsk pornoside" -- og så sjekket jeg whois, og neida, ingen hadde tatt det, så jeg.. fant det for godt å registrere det - så det gjorde jeg. Som de som har vært innom den siden sikkert har lagt merke til så er jeg bedre i Engelsk enn NyNorsk, men pytt. Av en eller annen grunn av den blitt nevnt i media til tross for at den .. vel.. kunne ha vært bedre. PS: NO GJENG DET LIKARE! :D -xiando
[endre] Layout
Er det nokon her som kan hjelpe Kristian Finn på Jostein Gaarder-wikien med å få vekk GFDL-logoen nedst på sida, sidan han ikkje vil lisensiere sidene sine under GFDL? --EIRIK\diskusjon 28. mars 2006 kl. 13:07 (UTC)
- Har ein noko anna val enn GFDL om ein hentar ressursar, om så «berre» programvare, frå Wikipedia/Wikimedia? --Eddi (Snakk) 28. mars 2006 kl. 13:55 (UTC)
-
-
- Innhaldet i wikien treng sjølvsagt ikkje vera GFDL, sjølv om kjeldekoden til wiki-programvaren er fri. Det finst hundrevis av firma og privatpersonar som bruker MediaWiki til å lagra proprietære eller private data.
- Dersom ikkje GFDL-merket ligg på ei av spesialsidene (t.d. under System messages), kan det sikkert endrast i konfigurasjons-php-scriptet.
- --Verdlanco\ordskifte 28. mars 2006 kl. 15:06 (UTC)
-
[endre] Artiklar som reklame, døme Esther Maria Bjørneboe
Eg må seie at eg blir litt provosert av slikt som dette. Ei dårleg spire om ein særs perifer person kor den som har skrive ho ventar at nokon andre skal gjera jobben og gjera nynorsk av elendet. Kva gjer me med slikt? Lar det stå til spott og spe? --Ekko 31. mars 2006 kl. 22:14 (UTC)
-
- Tja, men ho kryp kanskje så vidt over terskelen for kva som bør med? Men å gjera ulønna reklamearbeide for ho..?--Ekko 31. mars 2006 kl. 23:02 (UTC)
-
-
- Akk og ve! No har nokon utvida artikkelen så eg ikkje får brukt den nye malen {{slettfordi}}. ;) --Eddi (Snakk) 1. april 2006 kl. 00:35 (UTC)
-
-
-
-
- Nokon var meg, som tenkte meir på prinsippet «frå tull til artikkel» enn på kor perifer personen var (ho hadde ikkje artikkel på nb, ser eg, som eg hadde trudd då eg utvida artikkelen). No veit eg ikkje om den dårlege spira som eg retta på var meint som reklame, eg trur faktisk ikkje det, der syns eg vi har eit større problem med visse marginale (kultur)politiske mikrorørsler av ulike slag, som ser det landets Samla Korps av Informasjonskonsulentar enno ikkje har fatta, at Wikipedia er ein viktig arena (ein dag vil dei profesjonelle Informasjonskonsulentane også forstå det, og vi vil verkeleg få sjå at dei amerikanske kongressmedlemmane vil få følgje inn i Wikipedia sitt forfattarlaug). Men eg skal ikkje protestere på sletting av denne artikkelen, så berre gå i gang. Trondtr 1. april 2006 kl. 01:15 (UTC).
-
-
[endre] Slagplan for Det Største Nynorske Leksikonet
Om nokon har eit eksemplar av Norsk Allkunnebok framføre seg, så hadde det vore greitt å ha eit alfabetisk oversyn over alle artikkelnamna derifrå her. På det viset kan vi følgje med bokstav for bokstav og sjå korleis arbeidet vårt går og kva område vi treng å gjera ein større innsats på for å bli best. Eg føreslår å begynna arbeidet på Wikipedia:Norsk Allkunnebok, med undersider av typen Wikipedia:Norsk Allkunnebok/A, Wikipedia:Norsk Allkunnebok/Ak, Wikipedia:Norsk Allkunnebok/B osv. Dei har noko liknande på Svenska Wikipedian etter det eg kan hugse. -- Olve 10. april 2006 kl. 19:55 (UTC)
- God idé. Men kva blir feiringa når me no rundar 15000? Eg kjem til å ta meg éin påskepils (satsar på at det skjer no i påska). --Bep 11. april 2006 kl. 18:42 (UTC)
[endre] Store bokstavar i partinavn?
Frå dei store diskusjonane til ein liten pedantisk ein: Fins det ein policy på å ikkje bruke store bokstavar i partinavn? Det førekjem meg i så fall svært rart, partinavn er då særnavn? Men eg har opplevd fleire gonger (seinast på Ferenc Gyurcsány) at partinavn (i dette tilfellet det Ungarske Sosialistpartiet) har blitt endra frå store til små forbokstavar. Det same skjedde mellom anna med den russiske føderasjonens kommunistiske parti. Det heiter då Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti med store forbokstavar? (Barend 11. april 2006 kl. 08:55 (UTC))
- Det første leddet i eit namn skal ha stor forbokstav. Resten har i regelen berre små bokstavar: Det kongelige miljøverndepartement, Norsk språkråd, Statistisk sentralbyrå.
- Geografiske namn skal ha stor forbokstav, også når dei er del av eit anna namn: Hordaland fylkeskommune, Klepp likningskontor, Den dominikanske republikken.
- Avdelingar, etatar, komitear, nemnder, seksjonar, utval, prosjekt og lover skal i regelen ha liten forbokstav. Det same gjeld titlar, tilnamn og stillingar (også i underskrifter): folkeregisteret, landbruksetaten, vegtrafikklova, oberstløytnant, justisminister.
- Visse gamle, innarbeidde namn får lov til å bryta med reglane: Noregs Bank, Noregs Statsbaner.
- Til sist avheng det vel av kva for ein av desse kategoriane du synest partinamnet høyrer til. (Sjølv tykkjer eg det ser unorsk ut å skriva Sosialistisk Venstreparti med stor 'V'.)
- Sjå forøvrig Språkrådet si rettleiing om stor forbokstav.
- --Verdlanco\ordskifte 11. april 2006 kl. 09:44 (UTC)
-
-
- Problemet er at norsk praksis er ustø når det gjeld dette. Arbeidarpartiet heiter t.d. eigentleg Det norske Arbeiderparti (to store og ein liten bokstav), Fremskrittspartiet/Framstegspartiet blir forkorta både Frp og FrP, osv. Det er dessutan ein måte å markere eigennamn på å bruke stor bokstav i første ordet i Det....partiet. Som Verdlanco òg viser til. Eg meiner det partiet vi talar om her, på godt norsk bør heite anten Det ungarske sosialistpartiet (der stor D markerer eigennamn) eller Ungarns Sosialistiske Parti. Barend skreiv "det Ungarske Sosialistpartiet". Det synest eg er unaturleg. --Erling 11. april 2006 kl. 09:52 (UTC)
-
-
-
-
- Ja, OK, eg ser kanskje poenget. Men det er ingen tvil om Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti sjølv brukar store forbokstavar (som ein ser av nettsidene deira). Når det gjeld forslaget Ungarns Sosialistiske Parti er me over på noko heilt anna, nemleg å finna på eigne navn på norsk heller enn å omsetja originalnavnet. (Barend 11. april 2006 kl. 10:21 (UTC))
-
-
-
-
-
-
- Mange politiske parti har og engelske namn som dei bruker i internasjonale samanhengar, kanskje ein ide å sjekke engelsk wp før ein diktar noko? --Anders 19. april 2006 kl. 20:36 (UTC)
-
-
-
[endre] 15 000 - hurra!
18 930 - hurra! Kva for artikkel? --Eddi (Snakk) 15. april 2006 kl. 12:12 (UTC)
-
- Hurra, og gratulerer til alle! Det ser ut til at hurraet ovanfor oppdaterer seg automatisk ... Elles så har me i kjølvatnet av 15 000- innspurten fått skrive om alle i Mal:Nordisk verdsarv. Hurra for det og! Eit prosjekt kan vera å skriva om alle dei 812 verdsarv- stadene --Gunnernett 17. april 2006 kl. 11:15 (UTC)
[endre] Søkje etter artiklar på fleire språk
Dersom eg ikkje finn ein artikkel på nynorsk wikipedia så vil eg ha moglegheiten til å søkje på bokmålswikipediaen med ein gong. Men korleis gjer eg det?
Det er sjølvsagt altfor tungvint å måtte gå heilt tilbake til startpunktet, leite opp Bokmål og så søkje på nytt. Det burde ha vore ein knapp som sa "Søk på andre språk."' —Dette usignerte innlegget vart skrive av Noruga (diskusjon · bidrag)
- Hei! Kanskje dette er eit lite tips: Artikkelen om håvamål har adressa "http://nn.wikipedia.org/wiki/Håvamål" på nynorsk wikipedia, og "http://no.wikipedia.org/wiki/Håvamål"på bokmål. Som du kanskje ser, er det berre no. og nn. som skil artiklane. Så når du har gjort eit søk her, er det berre å skifta adressa i nettlesaren din frå nn. til no. og du gjer det same søket på bokmålswikipediaen. PS, du kan signera postande dine med å trykke på kryssedullknappen etter at du har skreve, så vert det lettare for andre å sjå kven som skriv--Anders 26. april 2006 kl. 09:37 (UTC)
-
- Ein annan måte å søkja på er til dømes i Google å skriva "søkjeord site:nn.wikipedia.org" for å søkja i nn: og "søkjeord site:no.wikipedia.org" for å søkja i no: Men finst det ein måte å søkja i wikipedia på alle språk samstundes? --Gunnernett 26. april 2006 kl. 10:34 (UTC)
-
-
- Det kjem jo opp søkjelinkar fleire språk når ein nyttar søkefeltet til venstre og søket ikkje finn noko. Og når ein først er inne på det, kunne ikkje ein eller anna leggje inn ein engelsk-link der og? Nyttig når ein søkjer etter personar og/eller faguttrykk. Er jo ein del som er likt på alle språka. (Forresten er det litt rart at ingen har laga ein wikipedia-søkjeportal, der ein til dømes kunne velgje kva for språk ein ville søkje i, og fekk eit program til å gjere jobben...burde ikkje vere so veldig vanskeleg...) Roger 26. april 2006 kl. 10:42 (UTC)
-
-
-
- Eg nyttar ofte "søkjeord site:wikipedia.org" og får då opp resultat frå alle wikipediane. Google er rimeleg flink til å sortere dei mest relevante først, om enn ikkje perfekt. Prøv til dømes "Øvsthusfossen site:wikipedia.org". Hogne 27. april 2006 kl. 22:34 (UTC)
-
-
-
-
- Det er framleis alt for tungvint. Fleire Wikipedier gjer det mogleg å søkje på det same ordet på andre språk. Trikset om å endre adressa fungerer berre på sider som allereie eksisterer. Prøv til dømes å søkje på "1235".
-
-
Var det ikkje ei direktelenkje til eit søk med same ordlyd i bokmål, dansk og svensk før? Kvar er denne funksjonen vorten av? / Kurtber™|Ordskifte 21:33, 6 desember 2006 (CET)
- Han hadde gøymd seg på MediaWiki:Nogomatch. No ligg han på MediaWiki:Noexactmatch, så får me håpa han vil vera snill og halda seg der til glede for nye og gamle brukarar. --Ranveig 23:43, 11 desember 2006 (CET)
[endre] Jimbo in Norway
En side for foreløpig informasjon.
A page for preliminary information.
— John Erling Blad (en) 30. apr 2006 kl.15:55 (UTC)
- Førebels påmeldingsliste til ein wikipedanttreff med Jimmy Wales i Bergen den 29. mai ligg no på no:Wikipedia:Jimbo in Norway/Preliminary registration for wikimeetup.
- --Verdlanco\ordskifte 8. mai 2006 kl. 11:33 (UTC)
[endre] Commons
1. Tinget, Norsk diskusjonsforum på Commons.
2. Kjetil_r Ser ut som me får vår første norske administrator på commons, så får me håpe fleire fylgjer etter, etterkvart. --Anders 5. mai 2006 kl. 17:54 (UTC)
[endre] Malar
Kan ikkje dei som lagar malar (dei fleste gode og nyttige) oppdatera sida om malar? Eg klarar ikkje å hugse kva dei heiter og syntaksen på alle. --Ekko 11. mai 2006 kl. 06:51 (UTC)
[endre] Annonsering av Wikimeetup (som i bokmålswikipedia:)
Vi burde vel annonsere wikimeetupen som er i Bergen 29. mai på liknande vis som dei gjer hos naboen? Eg veit ikkje korleis ein legg inn den typen meldingar.../ Kurtber™|Ordskifte 12. mai 2006 kl. 12:50 (UTC)
[endre] Godkjenning av endringar
Kom i snakk med ei av administratorane på no: her om dagen, ho nemde det at på no: så har dei ei slags merking av endra artiklar der administratorane går inn å "godkjenner" (dvs. fjernar merket) på kvar endra artikkel. Reknar med dette gjeld endringar gjorde av anonyme brukarar. Tykkjer det kan høyrast ut som ein god ide, for det er dumt at det går slik som med Hawaii. Vi får nok med oss det meste, men ikkje alt likevel... Kva meinar folket? Nokon som kjenner til denne metoden betre enn meg? Roger 15. mai 2006 kl. 09:13 (UTC)
-
- Det dreier seg om funksjonen "Patrolled edit" [[6]]. "Patrolling edits is a way to verify that it is a good edit, and to collaborate on filtering spam and vandalism. If you're combing through the recent changes list, and you look at an article that is good, you can mark it as "patrolled" so that other users know that it is good.
Policies may vary among projects whether an article can be marked as patrolled if it is not obvious vandalism, or only when the correctness has been verified." Dette høyrest jo ut osm ein nyttig funksjon ... --Gunnernett 15. mai 2006 kl. 12:32 (UTC)
- Eg tykkjer vi skal slå på? Om ingen er veldig i mot, kan jo nokon som har greie på å herje med "Localsettings.php" ordne? Brukar vi dette til å hindre vandalisme burde vi få det bra... Roger 15. mai 2006 kl. 13:07 (UTC)
-
-
- obvious vandalism er vel det einaste me kan oppdaga. Loddrett løgn og djerv bløff er vel vanskeleg å oppdaga? Slik som ein velskreven artikkel om ein ikkje-eksisterande sjukdom eller ein vanskeleg kontrollerbar opplysning (kva for år skildra eigentleg dr. Mabuse denne sjukdommen?) --Ekko 15. mai 2006 kl. 13:13 (UTC)
-
-
-
- Om ein tek i bruk "Godkjenning av endringar", så vil det vel berre vera eit signal om at ein administrator har sett på artikkelen. Om denne administratoren ikkje kan nok om emnet, så må det leggjast ei melding på diskusjonssida. Men spørsmålet vert om det er nokon som er mot at denne funksjonen vert teken i bruk. Me kan jo la dette stå nokre dagar, og sjå om det er nokon som ytrar seg i mot --Gunnernett 15. mai 2006 kl. 14:17 (UTC)
-
-
-
- Det kan sikkert vera greitt. Me er visst for få aktive her, sidan det gjekk over to døgn før hærverket på Hawaii vart oppdaga! På engelsk Wikipedia har dei ikkje slike problem.
- According to an M.I.T. study, an obscenity randomly inserted on Wikipedia is removed in 1.7 min., on average.
- (Saksa frå artikkelen It's A Wiki, Wiki World i Time.)
- --Verdlanco\ordskifte 15. mai 2006 kl. 16:29 (UTC)
- Det verkar som om det ganske mykje vandalisme for tida. Ingen har ytra seg mot denne funksjonen. Eg undersøkjer litt om korleis funksjonen kan aktiviserast. --Gunnernett 23. mai 2006 kl. 19:25 (UTC)
- Det kan sikkert vera greitt. Me er visst for få aktive her, sidan det gjekk over to døgn før hærverket på Hawaii vart oppdaga! På engelsk Wikipedia har dei ikkje slike problem.
-
-
-
-
-
- Spør Brukar:jhs men eg trur det blei sendt ein feilmelding til utviklarane om dette. — John Erling Blad (jeb) 24. mai 2006 kl. 05:18 (UTC)
-
-
-
[endre] Lokal Wikimedia-stifting?
Er det nokon som har interesse for spørsmålet om ei lokal Wikimedia-stifting? Sjå diskusjonen på Tinget. (Har vi eit felles skandinavisk Samfunnshus der vi kan lufte idear som vedkjem alle skandinaviske språk?) Roarjo 21. mai 2006 kl. 13:43 (UTC)
- Det er eit felles skandinavisk samfunnshus på Skanwiki/Tinget. Det ser ut til at fleire på no: er skeptiske til eit samarbeid med andre, og ynskjer å oppretta ei eiga stifting for bokmål/riksmål- wikipediaen. --Gunnernett 23. mai 2006 kl. 18:17 (UTC)
-
- Eg trur det riktige er at folk er sketiske til å knyta ei stifting mot språkdebatten. Ei slik stifting vil uanset vera ei wikimediastifting og ikkje ei wikipediastifting. Forskjellen er kanskje utydeleg men veldig viktig. — John Erling Blad (jeb) 24. mai 2006 kl. 04:46 (UTC)
-
-
- Det vert arbeidd med oppretting av ei stifting for sverige (Wikimedia Sverige) [7]. Frå utkastet til føremål: Föreningens syfte är att, utan vinstintresse, på legalt sätt främja tillväxt, distribution samt utveckling av svenskspråkiga wikibaserade projekt med öppet innehåll, samt främja spridandet av kunskap om sådana projekts existens och funktion --Gunnernett 1. juni 2006 kl. 15:12 (UTC)
-
[endre] Lunsjmøtet på Fløyen
Eg trur det meste er med fra lunsjmøtet på Fløyen med Jimbo. Det blir vel satt opp ei eller fleire andre sider i tillegg. — John Erling Blad (jeb) 31. mai 2006 kl. 16:10 (UTC)
[endre] Møter med andre organisasjonar
Frå tid til annan har me møter med andre organisasjonar for å bli einige om felles målsetjingar. Er det nokon frå nynorsk som kunne tenke seg å bli med på slike møter? — John Erling Blad (jeb) 31. mai 2006 kl. 21:11 (UTC)
-
- Det er vel kanskje slik at desse møta går føre seg i Oslo? Eg er for det meste i Stavanger, men er av og til i Oslo ... --Gunnernett 1. juni 2006 kl. 13:49 (UTC)
- De er nok oftest i Oslo. Hvis ingen har motforestillinger så kan en kanskje inkludere nynorsk i runde vendinger. For øyeblikket er det et møte med BONO på gang, for om mulig å få tilgang til en del bilder av kunst. — John Erling Blad (jeb) 1. juni 2006 kl. 18:46 (UTC)
- Eg håpar at representantane frå Bokmålswikipedia prøver å få lov å leggja bileta ut på commons. Det ville vera litt dumt viss berre den eine norske wikipediaen fekk lov til å bruka bileta, slik at alle wikipediaar kvar for seg måtte gå i dialog med dei same bilet-eigarane.
- --Verdlanco\ordskifte 1. juni 2006 kl. 19:56 (UTC)
- Så sant vi kan bli enige med rettighetshavere og dem herrer på commons så blir de nok lagt på commons. — John Erling Blad (jeb) 2. juni 2006 kl. 13:52 (UTC)
- De er nok oftest i Oslo. Hvis ingen har motforestillinger så kan en kanskje inkludere nynorsk i runde vendinger. For øyeblikket er det et møte med BONO på gang, for om mulig å få tilgang til en del bilder av kunst. — John Erling Blad (jeb) 1. juni 2006 kl. 18:46 (UTC)
- Det er vel kanskje slik at desse møta går føre seg i Oslo? Eg er for det meste i Stavanger, men er av og til i Oslo ... --Gunnernett 1. juni 2006 kl. 13:49 (UTC)
[endre] Nytt prosjekt: Norske målføre
Har laga prosjektet Wikipedia:Norske målføre. Vonar folk tek seg litt tid til å skriva om sin eigen dialekt. --Mathias0512 31. mai 2006 kl. 23:34 (UTC)
- Godt tiltak! Eg har lurt på om det kan vere mulig å mobilisere fleire nye Wikipedia-skribentar nettopp til oppgåver om dialektar og lokale forhold. Kan det vere mulig å nå ut med informasjon om nynorsk-Wikipedia til alle nynorskkommunar i det minste? Det manglar ikkje på utfordringar for dei som vil skrive her om si lokale historie til dømes. Roarjo 1. juni 2006 kl. 17:32 (UTC)
[endre] Wikikafé i Oslo - Bergen
Det er en diskusjon på bokmål/riksmål om wikikafé en gang i måneden. Forslaget er andre lillelørdag (onsdag) i måneden. Så langt ser det ut som vi ramler ned på Kristiania, en brun pub på sørsiden i gamle Østbanen. Stedet har trådløst internett, fullt kjøkken og matservering. — John Erling Blad (en) 2. jun 2006 kl.11:19 (UTC)
- 12. juli og vi kjører løs en gang til! Det er nå også wikimeetup i Bergen, oppmøte ved den blå-aktige steinen som kalles den blå steinen klokken 19.00. Sjekk også diskusjonssiden — John Erling Blad (jeb) 12. juli 2006 kl. 11:25 (UTC)
-
- Det er nå treff hver 14. dag. 213.187.175.58 17:52, 7 oktober 2006 (UTC)
[endre] Leggje til nye kategoriar under "uomsette artiklar"
Hei! Korleis kan eg leggje til underkategoriar under "uomsette artiklar"? Tenkte å leggje til "artiklar på portugisisk", evt. "artiklar på spansk".
--Noruga 4. juni 2006 kl. 12:40 (UTC)
- Om du har ein artikkel som fortsatt er spansk, skriv du {{uomsett|spansk}} i han, og tilsvarande for portugisisk. Du vil då få fram ei raud lenkje til kategori:artiklar på spansk. Følger du denne lenkja vil du få ei endringsside som i ein vanleg artikkel. Her legg du inn [[kategori:uomsette artiklar|Spansk]], og vips, kategorien er oppretta og sortert under S. -- Ranveig 4. juni 2006 kl. 13:41 (UTC)
[endre] Tack norrmän!
Jag vill bara säga tack norrmän för ert engagemang i det nordisk-skandinaviska sammarbetet, ni ligger långt före oss svenskar och danskar. Ni får gärna komma till svenska wikipedia och undervisa mina landsmän!
[endre] Kan nokon rette opp i rotet etter 80.239.107.30
Eg har nett blokert han i ein dag, men lyt gå, so eg får ikkje gått gjennom alt hærverket... (Det er mi første blokering... Ganske utriveleg i grunn - håpar eg slepp å gjere det fleire gongar...) / Kurtber™|Ordskifte 7. juni 2006 kl. 11:45 (UTC)
- Attityden til denne brukaren er ikkje foreineleg med Wikipedia, her er det ikkje von. Brukaren kan med fordel blokkerast lenge, gjerne uendeleg. --85.165.56.213 7. juni 2006 kl. 11:51 (UTC)
- Skal prøve å sjå på litt no...Får berre rulle attende til siste versjon av anna brukar, sjølv om det kan fjerne informasjon som kanskje (?) er rett. Roger 7. juni 2006 kl. 11:56 (UTC)
-
- Han har kome tilbake fleire gangar, og har heilt klårt ei politisk målsetnad med endringane sine (samanblanding av høgre- og venstresida i politikken, framheving av liberalistiske ideal). Det tyder på at han ikkje kjem til å endre haldning til nøytralitetsprinsippet. Av bidragssida er det lite som tyder på at det er nokon andre enn han som har nytta den IP-adressa tidlegare. Det hadde vore interessant å sjå kven ho var registrert på - er det mogeleg å få til?/ Kurtber™|Ordskifte 7. juni 2006 kl. 14:33 (UTC)
- Eit søk i [9] syner at ip-adressa er registrert hjå TDC Song AS --Gunnernett 7. juni 2006 kl. 14:50 (UTC)
- Dei aller fleste IP-adressar er registerte hjå ISPar som ikkje har noko å tilknytning til brukaren. Det går vel alltids an å melde brukaren til abuse hos ISP-en, men blokkering er vel effektivt her. Men om brukaren tildømes har ei "vanleg" ADSL-linje, så går det nok ikkje lenge før han er attende igjen på ein anna IP, då IP-adressen til slike brukarar vanlegvis vert endra nokon gangar i året av seg sjølv. Då bør blokkeringa på 80.239.107.30 opphevast då den kan komme til å ramme ein anna brukar. Vi får sjå kva som skjer. Plagsomt er det iallefall med slikt rot. Roger 7. juni 2006 kl. 23:53 (UTC)
Hermed er denne (mesta) anonyme brukaren endelaust blokkert. Vi har ikkje tid til slikt tull. -- Olve 7. juni 2006 kl. 19:01 (UTC)
- Mellom anna på grunn av det Roger skriv over bør me aldri blokkera så lenge -- det kan koma til å ramma heilt uskuldige folk. I dette tilfellet ville eg sagt at det held med eit par veker. Me er mange til å retta opp feil (og det er ganske lett når ein er administrator); brukaren er éin person som me får håpa vil gå lei -- eller endå betre, samarbeida. -- Ranveig 8. juni 2006 kl. 07:00 (UTC)
-
- Det du seier er sant i mange tilfelle. Men her kan du berre sjekke bidragshistoria. Det er tydeleg at denne IP-adressa berre er bruka av éin person her, og at denne personen har drive med konsekvent forvrengjingsarbeid sidan februar på denne adressa (og visse andre adresser). Vi blokkerer generelt lite her på nn anna enn ein time eller to i gongen, og det er generelt bra... Det er stort sett berre éin person som driv med hærverk av den typen vi har sett frå denne IP-adressa her på nn (og no og en). Det er liten risiko for å øydeleggje for andre bidragsytarar ved å blokkere denne brukaren. Eg trur ikkje vi skal gjera oss nokon forhåpningar om at denne personen vil vera genuint interessert i å samarbeide nokon gong. No vil eg endre blokkeringa til seks månader. (Merk at om vi plutseleg får ei liknande hærverksbølgje frå ei anna IP-adresse, så kan det vera naturleg å vurdere å oppheva blokkeringa her av den grunnen som Roger oppgjev.) Om du er ueinig i det kompromisset, så ver venleg og tak det opp her og vent og sjå om du oppnår konsensus for kortare blokkering før du opphevar att. -- Olve 8. juni 2006 kl. 07:33 (UTC)
80.239.107.30 har etter alle solemerke her vore brukt av Brukar:Midtaustenkonflikta-mannen (...sic..). Denne brukaren/gruppa av brukarar har vore ei generell pest og plage på både :no og :en, og ikkje godteke utestenging. På :en har fleire kontoar vorte stengt på grunn av at Midtaustenkonflikta-mannen-liknande framferd, og fleire kontoar/IP-adresser er misstenkte/under undersøking for å vere sockpuppets til The Middle East Conflict Man. Målet til Midtaustenkonflikta-mannen er neppe å få verda til å innsjå at Adolf Hitler var sosialist og at Det Liberale Folkepartiet (1992-) er det rette partiet å stemme på, det er å kaste vekk tida, provosere, irritere og øydelegge for Wikipedia-samfunnet. Diverre trekkjer Wikipedia og liknande internettstrukturar til seg denne typen folk/troll, her får dei legge seg til så mange stemmer dei vil og lage talekor med seg sjølv og det gjev dei tydelegvis ei meining med livet som ikkje noko politisk parti, sjølv ikkje Det Liberale Folkepartiet (1992-), kan gje dei ute i det verkelege livet (det er jo uhorveleg mange fleire å få merksemd av sjølv på nn.wikipedia.org enn det er på noko DLF-møte, så det gjev vel meining å rette aktiviteten hit).
I tillegg til kontoen Brukar:Midtaustenkonflikta-mannen og Brukar:80.239.107.30 er Brukar:84.234.215.241 blokkert her på nn: for same typen framferd og med same fikseringsområde, i tillegg er adressa [85.195.123.29] (mogleg open proxy, stengd for redigering også på :en [10]) stengd for redigering på :nn: etter ei økt med redigering i Midtaustenkonflikta-mannen-stil. Ei anna adresse som har vore blokkert (27. mai, 2 timar blokkering) her etter Midtaustenkonflikta-mannen-liknande framferd er Brukar:81.167.11.208. Den som leitar finn truleg fleire.
Stenging av IP-adresser vil kunne stenge for legetime redigeringar og ofte rammar det berre lite den det er tiltenkt å ramme, men Midtaustenkonflikta-mannen har brukt denne IP-adressa over lengre tid og på ein slik måte at det ikkje er grunn til von om at det skal kome noko konstruktivt frå adressa 80.239.107.30 og at ho difor bør vere stengd. Brukarkontoen til Midtøstenkonflikten-mannen har vore stengd fleire gonger på :no, og kvar gong har brukaren vore attende med akkurat same typen framferd som den han vart avstengd for når blokkeringstida er opphøyrd.
Kjenneteikna til Midtaustenkonflikta-mannen på :en er:
Characteristics include edits to socialism-related articles and templates such as adding pictures of infamous dictators throughout articles, accusations that socialism is the cause of genocide (using our article on Democide as a reference), equating Nazism and socialism and polemical condemnation of socialist principles. Edits often take place in a series of steps over the course of a few minutes. --85.165.22.82 8. juni 2006 kl. 11:35 (UTC)
[endre] Ukens artikkel D/S Oster
Jeg har oppdatert artikkelen om D/S Oster med et bilde jeg mener er bør gi et bedre inntrykk av båten. Det kan sikkert vurderes om henvisningen til ukens artikkel på forsiden også skal oppdateres. Tsaetre 7. juni 2006 kl. 18:55 (UTC)
- Tusen takk! Eg må sei båten er vorte særs flott no sidan då eg såg den. Eg kan absolutt vera einig i at D/S Oster slik den ser ut no, er eit betre framsidebilete enn eit skakt bilete av ein halvt tildekka båt (sjølv om restaureringa kanskje er interesang nok for artikkelen. Eg veit ikkje om nokon vekas artikkel nokon gong har skifta bilde i laupet av veka den har vore oppe, men eg trur ikkje det har vore eit dilemma ein har kome opp i før, så ein kan vel gjere eit ev. unntak? --Anders 7. juni 2006 kl. 21:20 (UTC)
-
- Byt gjerne ut bildet! Det er alltid rom for å gjera ting betre... :-) Olve 7. juni 2006 kl. 21:21 (UTC)
-
-
- På den andre sida, skulle gjerne ha gjort det sjølv , men eg vart så forvirra av alle desse malane på .no og .da, så sjølv må eg nok diverre melde pass... --Anders 7. juni 2006 kl. 21:26 (UTC)
- På den tredje sida, det var visst berre malen på nn som måtte skiftast ser det ut som, eg trur no og viser det nye biletet no, kan nokon sjekke? --Anders 8. juni 2006 kl. 13:43 (UTC)
- På den andre sida, skulle gjerne ha gjort det sjølv , men eg vart så forvirra av alle desse malane på .no og .da, så sjølv må eg nok diverre melde pass... --Anders 7. juni 2006 kl. 21:26 (UTC)
-
-
-
-
-
- Jepp -- eg fann det på den fjerde sida. :-) -- Ranveig 8. juni 2006 kl. 15:05 (UTC)
-
-
-
[endre] Sjekk malane!
Det er nokon endringar i korleis malane handterast. Sjå blant anna Sjekk_malene! på bokmål. — John Erling Blad (jeb) 8. juni 2006 kl. 00:08 (UTC)
- Oi, takk for den åtvaringa! Det kan skapa trøbbel... men eg ser på diskusjonslista at det ikkje er heilt sikkert det blir gjennomført. -- Ranveig 8. juni 2006 kl. 07:02 (UTC)
-
- Det blir gjennomført, det er bare litt usikkert når og kva som blir konsekvensane. — John Erling Blad (jeb) 8. juni 2006 kl. 10:41 (UTC)
[endre] Uferdig omsetjing og anna
Kopiert inn frå Diskusjon:Svalbardtraktaten av Ranveig 24. juni 2006 kl. 09:24 (UTC) (berre dei to siste innlegga)
- Til Ekko: du las ikkje det eg skreiv. Men ålment meiner eg at ein ikkje kann fredhelge slike «samnorskformer» i stykke som gjev ein tokke av å vera uferdugt umsette. Då er det nettupp ikkje konsekvent språk :-) Som du sjølv skriv, lyt ein rekne med at ein som set halvveges um eit stykke frå bokmål vil ha hjelp, og då med både rettskriving og idiomatiskt ordval. Det er ikkje maskinumsetjingar og halvgjorde verk som kann setja standard for målføringa.
- Erling rører ved den røynlege kjernen. Det laver med halvveges tilmåtte avrit frå bm her. Éin ting er at dei som gjer storlùten av umsetjingsarbeidet vert/kjenner seg tvinga til å skrive bokmålsnært (eller at dei umedviti gjer det av di dei vil gjera det snøggast råd). Ein annan ting er at det vert liggjande mange stykke her som ikkje vert umsette (enno) og som derfor er beint fram dåleg nynorsk (same kva ein tykkjer er gildaste formene). Dette gjev ikkje nett tillit og autoritet til nn-wikien. Mange bm-ord vert ikkje umsette av di umsetjaren ikkje kjenner orda og veit kva det vert på nynorsk. Vel, burde han då drive med dette stykket i det heile, når han ikkje kjenner emnet sopass godt? Eller burde han skrive på nn, når han ikkje kjenner språket? Eg trur dei fleste vil segja ja, skriv gjerne på nn, og ver gjerne med på emne for det um de ikkje er ekspertar i deim, men nei, korkje dålegt mål eller vantande sakkunnskap eller andre halvgjorde verk kann leggje føringar for andre skrivarar. — Våve 23. juni 2006 kl. 16:59 (UTC)
-
- Eg las det du skreiv, men skjøna det kanskje ikkje slikt det var tenkt. Utover det er eg faktisk samd med deg. Det skjer litt for ofte at nokon legg over ein tekst og så gjer ein kjapp omsetting av heile teksten. Me er vel mange som kan få litt betre didiplin på å
- ta over ein tekst om gongen, og så gjere omsettinga ferdig
- heller bruke tid på god omsetting av ein og ein bolk enn dårleg av heile stykket
- elles bør vel dette ordskiftet flyttast over på samfunnshuset? --Ekko 23. juni 2006 kl. 17:18 (UTC)
- Eg las det du skreiv, men skjøna det kanskje ikkje slikt det var tenkt. Utover det er eg faktisk samd med deg. Det skjer litt for ofte at nokon legg over ein tekst og så gjer ein kjapp omsetting av heile teksten. Me er vel mange som kan få litt betre didiplin på å
Slutt på kopi frå Diskusjon:Svalbardtraktaten.
Einig i at det ikkje er bra å ha for mykje uferdig liggjande her. Eg har tenkt litt på å laga ein tagg, lik den på alle spiremerkene, som legg alle uferdige artiklar inn i ein kategori ut frå kva tid dei sist blei endra (sjå kategori:spirer for døme). Då får me eit oversyn over artiklar som treng arbeid og kan gjera noko med dei — rydda, omsetja, retta språk, eller til og med sletta heile eller delar av artikkelen om det ikkje er nok interesse for å gjera noko med han.
Malar denne taggen kan leggjast til er mellom anna mal:uomsett, mal:språkvask og mal:opprydding. -- Ranveig 24. juni 2006 kl. 10:33 (UTC)
- Aha! Så same tagg kan vera ein del av fleire malar? Smart. Dette synest eg var ein god ide. --Ekko 24. juni 2006 kl. 11:12 (UTC)
[endre] Liste over kategoriar
Finst det ein oversikt over dei kategoriane som er i bruk? Eg veit ikkje alltid kva kateoriar som alt er i bruk, og det hadde vore fint med ei liste. Magnus 28. juni 2006 kl. 12:27 (UTC)
- Kategori:Kategoriar er det øvste nivået innan kategoriar. Derifrå kan ein bla seg nedover. Men finst det ein stad der alle kategoriane er lista opp? --Gunnernett 28. juni 2006 kl. 13:20 (UTC)
Eit alfabetisk (eller alfanumerisk, for å vera litt meir presis) oversyn finst på Spesial:Categories. -- Olve 28. juni 2006 kl. 19:35 (UTC)
- Er det mogleg å fa laga ei liste av typen:
1 fkgjfgjlfkgjfl 1.1 fdfdgffgfg 1.1.1 jklgkfjghf 1.1.2 fgfgfg 1.2 gfgfgf osb?
stykkjet 28. juni 2006 kl. 20:15 (UTC)
[endre] Guttorm Berge
Could someone with access to the Store Norge Leksikon please do inquiries on Guttorm Berge, Olympic bronze medal winner of 1952, and add this information either to the English or to the German Wikipedia. Thank you very much in advance. -- 217.91.44.123 29. juni 2006 kl. 12:35 (UTC)
[endre] Wikispecies
Flytta frå Diskusjon:Hovudside
Hello all,
Wikispecies is a sisterproject of Wikipedia, within the Wikimedia Foundation. A lot of Wikipedia's do have a template to give a notification that there is also an article about a certain subject in Wikispecies. This is usually located at template:Wikispecies. However, I did not find it there on your wikipedia. If you have it on another name, please make a redirect to it from templates:Wikispecies. The software will then use the template directed to. If it doesn't exist, please translate it from en:template:Wikispecies, so it can be used. Thanks a lot on forehand. Effeietsanders 8. juli 2006 kl. 22:44 (UTC) (you can contact me through nl:user talk:Effeietsanders)
- We didn't have it already, so I made one. Please add it under the «Bakgrunnsstoff» header (or make one) in articles. Good luck! -- Ranveig 10. juli 2006 kl. 18:49 (UTC)
[endre] Gode artiklar?
Har me noko system her for utval av gode artiklar, anna enn vekas artikkel? Det er sikkert fleire gode artiklar enn ein i veka. --Eddi (Snakk) 14. juli 2006 kl. 00:09 (UTC)
- Ja og nei... Sjå Wikipedia:Gode_artiklar. -- Olve 14. juli 2006 kl. 00:31 (UTC)
-
-
- Ivar Aasen har blitt nominert for anbefalt/utmerket på nb:, tenkte kunnskapen var god her, så om noen har lyst å se om vi kan skrive på nb: hadde det vært fint :)
-
[endre] Om stubbmalar på bokmål og nynorskhenvisningar
Eg ser at stubbmalane på bokmålswikipediaen har blitt ganske bra. Blant anna inkluderer dei no moglegheita for å legga inn lenke til ein eventuell lenger artikkel på nynorsk. Det vart kommentert at ein negativ ting med mal:bokmål er at det ser litt rotete ut med mange boksar på sida. Er det nokon malarar her på nynorsk som føler seg kalla til å laga ein funksjon her slik at ein får bokmålshenvisninga inn i spiremalen? Barend 19. juli 2006 kl. 18:11 (UTC)
- Eg har omformulert han og lagt til ein spirekategori slik at det er mogleg å bruka malen utan nokon annan spiremal, var det slik du meinte? -- Ranveig 20. juli 2006 kl. 11:08 (UTC)
-
- Det var vel det ja. Takk! --Barend 26. juli 2006 kl. 13:55 (UTC)
[endre] Jettegryte og dagbladet
Det lenkes til denne artikken om Jettegryte i den dagbladartikkelen. Slik at dagbladet bruker de sidene som er best på wiki, og i dette tilfellet var dette på nynorsk. :) Røed (nb) 27. juli 2006 kl. 04:36 (UTC)
- Det er flott gjort! Eg har lagt merke til at Dagbladet ofte viser til Wikipedia i artiklane sine, men som regel er det engelsk fordi dei har det beste stoffet. Kjekt å vita at dagbladfolka altså ikkje berre lenkjer blindt. -- Ranveig 27. juli 2006 kl. 09:08 (UTC)
-
- Eg følgde peikaren til artikkelen og det var ikkje fullt så mykje å smila av. :-/ -- Ranveig 27. juli 2006 kl. 09:11 (UTC)
-
-
-
- Lenkja verka, det var det artikkelen handla om som ikkje var så kjekt. -- Ranveig 27. juli 2006 kl. 10:20 (UTC)
-
-
-
-
-
- Å ja, eg trudde du meinte peikaren til artikkelen her på nn:. --EIRIK<;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;;/b>\diskusjon 27. juli 2006 kl. 12:28 (UTC)
-
-
[endre] 200 % sikker
Flytta frå Wikipedia-diskusjon:Samfunnshuset av --Anders 11:45, 4 august 2006 (UTC).
Den 25/-2005 skreiv brukar Anders i innlegget «Robotmerking» følgjande:
"Etter det eg har skjønt er det bare meininga at botar ein stolar 200% på vert merka, og Zwobot la til mykje tull i natt."
I denne samanheng er eg ikkje så interessert i kva den opphavlege diskusjonen gjekk ut på, det eg reagerte på var at han var "200 % sikker". Noreg ligg rett nok på jumboplass, i europeisk samanheng, når det gjeld kunnskap i realfag (sjå til dømes http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article1240981.ece), men dette er for ille. Truleg veit brukar Anders at å vera «200 % sikker» ikkje gjev meining. Truleg nytta han det utan å tenkje over kva han skreiv. Dei fleste av oss gjer slikt frå tid til annan.
Eg har òg lagt merkje til at fleire av dei som sit på Løvebakken har gjort same tabben og i deira tilfelle meiner eg at det ikkje er akseptabelt. Det er slikt som fører til den så kalla «politikarforakta». Nyleg høyrde eg ein statsråd som på dagsrevyen sa: "Ja, det er eg 120 % sikker på". Det var heldigvis ikkje kunnskapsministeren, men det var likevel ille. Svært ille.
Grunne til at eg tek opp dette her er ikkje at eg er ute etter brukar Anders, men at eg er redd for at om slik lettsindig omgang med elementær realfagkunnskap kan smitta over på neste generasjon. Wikepedia vil truleg verta ei viktig kunnskapskjelde i skulen framover og da er det viktig at ungane ikkje får inntrykk at det går an å vera «200 % sikker». Om dei les diskusjonane? Det vil eg tru. Når ein er ung finn ein ofte hugnad i å utforska ting og det som ikkje er pensum er minst like interessant som det som er det. Det som ikkje er meint for allmugen er enda meir interessant.
Kommentarar er velkomne.
—Dette usignerte innlegget vart skrive av Sigmundg (diskusjon · bidrag)
- 1. Wikipedia er eit oppslagsverk, ikkje ei undervisningsbok for kunkursråka grunnskular. Det er difor skulen sitt ansvar å gje born ei skikkeleg undervisning. Eg veit ikkje om den anonyme brukaren SigmundG prøver å antyde at prosentrekning ikkje lenger er pensum i grunnskulen, ettersom elevane skulle ha behov for å lære det på internett istaden. Dette er isåfall skulen sitt problem, ikkje wikipedia sitt. Kva elevane gjer (og ikkje gjer) i skuletida, er ikkje vårt problem før dei eventuelt gjer herverk her...
- 2. Likevell: dei fleste som er så heldige at dei har fått matteundervisning frå grunnskulen av, hugsar enno kva prosent tyder. Den anonyme brukaren Sigmundg treng ikkje uroa seg; Verda går ikkje under sjølv om nokon overdriv litt, for å understreke eit viktig moment iblandt. Det er vel meir brotne løfter og billige unnskyldningar som gjev folk politikarforakt, ikkje språkleg mangfald. Vi har jo to flotte språk (især det eine) i landet vårt. Det må då vere lov å bruke det? Born slit ofte med å se forskjell på ironi, mange vaksne og for den del. Men sjølv born forstår kva som er overdriving.
- 3.Dei aller fleste av oss her, gjer alt vi kan for å lage eit oppslagsverk så nøyaktig og språkrett som vi kan. Samfunnshuset og dei andre diskusjonsidene er ikkje leksikalske artiklar, men diskusjonsider, og skal heller ikkje sjåast som noko anna. At nokon ser ut til å tru det, forundrar meg litt... --Anders 15:30, 4 august 2006 (UTC)
- Når eg, og sikkert mange andre, seier "Ja, det er eg sikker på" tyder det ofte at eg trur det stemmer og at eg har kanskje berre litt tvil. Tonefallet og kroppsspråket kan òg avgjera kor mykje tvil eg har. Eg kan til dømes dra litt på "ja", og rynka litt på nasen. I den samanhengen kan faktisk sjølve orda eg har ytra motseia seg sjølve, eg er faktisk ganske usikker! Så dersom det er "å vera sikker" så er det fullt mogleg og heilt vitskapleg korrekt å kunna vera 200% sikker på noko, på same måte som 500 er 200% av 250.
- Elles må eg seia det er gildt å sjå at nynorsk Wikipedia fortsatt er liv laga! Ikkje gløym å spreia ordet vidare til alle interesserte, me kan aldri verta for mange! Bjarte 09:21, 15 august 2006 (UTC)
-
- Me kan sikkert trengja 200% fleire bidragsytarar ... Elles har eg eit dataprogram som av og til meiner at det er 1000% ferdig ... --Gunnernett 15:28, 15 august 2006 (UTC)
-
-
- 1) Nei det er slett ikke vitskapleg korrekt å vera 200% sikker på noko. Ein kan vera 100% sikker, men ikkje meir.
-
-
-
- 2) Ja, å seia at Wikipedia treng 200 % fleire brukarar gjev meining, for her har ein inga øvre grense. I alle fall ikkje frå ein matematisk ståstad.
-
-
-
- --Sigmundg 3 september 2006 (UTC)
-
[endre] Namn på kyrkjer og anna
Siste nummer av Statsspråk (frå Språkrådet) har ein artikkel om namn i det offentlege. Mellom anna slåar dei fast at alle statsorgan skal ha eit bokmåls- og eit nynorsknamn, evt. ei felles namneform. Kyrkjer er (oftast) statlege, både Oslo domkirke og Oslo domkyrkje er derfor rette namn. Grunnskular derimot er oftast kommunale og har namn etter opplæringsmålet i skulekrinsen. Språkrådet har ei liste over namn og reglar. --Ekko 07:58, 5 september 2006 (UTC)
- Hørest flott ut, men lenkja verkar ikkje? --Anders 10:09, 5 september 2006 (UTC)
[endre] Navigeringsmenyen
Ser de andre òg «Aktuelt» i staden for «Samfunnshuset» i navigeringsmenyen akkurat no? Dette er jo litt rart, det er jo Samfunnshuset som ligg inne på MediaWiki:Sidebar. --EIRIK\diskusjon 15:50, 6 september 2006 (UTC)
- Det står Aktuelt på tredje punktet i navigeringsboksen, ja. --Jorunn 15:59, 6 september 2006 (UTC)
-
- Javisst! Skummelt.... --Ekko 16:21, 6 september 2006 (UTC)
-
- Nokon som veit kva som skjer og korfor? stykkjet 16:33, 6 september 2006 (UTC)
-
-
- Nei, men no er Samfunnshuset attende. --Jorunn 08:03, 7 september 2006 (UTC)
-
-
-
-
- Nei, eg får framleis aktuelt opp når eg vitjar artiklar og brukarsider, berre hovudsida syner Samfunnshuset.--Anders 22:19, 10 september 2006 (UTC)
-
-
-
-
-
-
- Dette skjer av og til når MediaWiki-programvaren ikke får kontakt med de lokale beskjedene; da bruker den standardoversettelsen som er der fra tidligere. Jon Harald Søby 12:50, 17 september 2006 (UTC)
-
-
-
[endre] Wikimedia-valet
Nokon som veit kor eg kan lesa om kandidatane i Wikimedia-valet? Kan ikkje sjå at dei sidene det er vist til på Spesial:Boardvote/vote eksisterer(?). No: og en: slepp meg ikkje til pga. for få redigeringar der, så får ikkje lese der i staden heller. Trur eg ikkje da. Veit ikkje kor eg kan sjå i tilfelle. --Erlend 18:47, 9 september 2006 (UTC)
- Her kan du lese om dei: http://meta.wikimedia.org/wiki/Election_candidates_2006/En . --EIRIK\diskusjon 18:54, 9 september 2006 (UTC)
-
- Takk, takk. :) Har utført wikipedantplikta mi. --Erlend 13:59, 16 september 2006 (UTC)
[endre] Infoboks som ikkje fungerer
Eg har oppretta ein infoboks lik en:template:Infobox computer som vert nytta på engelsk wikipedia. Det rare er at den same koda av ein eller annan grunn ikkje verkar på nynorsk Wikipedia. Malen var venstrestild og teksta gjekk under malen. Kan det vere forskjellar i programvara som er årsaka? Pixel8 som opprinneleg laga malen var og endra litt på den nynorske versjonen så den i det minste stilde seg til høgre, men det er framleis eit problem at teksta kjem under infoboksen. Eg har juksa litt i artiklane med å sette infoboksen inn i ein fil-tag, men dette er igrunn nokså rotete og bør kun vere ei førebels løysing. --Anders 22:42, 10 september 2006 (UTC)
- Forsøkt løyst, eg trur det bare var br clear som hadde stilt seg i vegen og flytta alt nedover. -- Ranveig 16:21, 16 september 2006 (UTC)
-
- Ja no stemmer det. --Anders 14:43, 20 september 2006 (UTC)
[endre] Kategoriar og underkategoriar (musikksjangrar)
Eg har eit spørsmål om kategoriar - det finst sikkert ein policy om dette her, men eg har ikkje klart å finne den. I kategorien "Musikksjangrar" er det både artiklar og underkategoriar. Tre av desse har noko med jazz å gjere (jazz, storbandjazz og bebop). Dei to siste er underkategoriar av den første (sjølv om det kan stillast spørsmål om storbandjazz er eit godt namn - jf. Diskusjon:Storbandjazz). Eg reknar med det vil vere rett å plassere alle tre i ein ny kategori "Jazz", under musikksjangerkategorien. Det eg lurer på, er om ein då skal la artikkelen Jazz ligge på rota i musikksjangerkategorien i tillegg, slik kammermusikk ligg både i Musikksjangrar og i kategorien "Kammermusikk"?? --Bollar 12:23, 20 september 2006 (UTC)
- Eg trur ikkje me har fastsett dette endå, men det er nok ein god idé å la jazz ligga begge stader. Kategorien Musikksjangrar er allereie ganske spesialisert.
- Kategorisering og kategorilaging skjer ofte utan den heilt store planen. Om du trur noko kan gjerast betre, ikkje nøl med å ta det opp! -- Ranveig 13:01, 20 september 2006 (UTC)
-
- No flytta eg Bebop og Storbandjazz til ein ny jazzkategori, og lot Jazz ligge i både denne og musikksjanger-kategorien. Var det slik du meinte? Flott at du ordna fødd-malen på trommeslagarsidene, forresten (eg kunne ikkje forstå kvifor alle datoane var raude). --Bollar 14:06, 20 september 2006 (UTC)
Eit anna viktig spørsmål om kategoriar er om ein kategori skal heite «Svenske politiske parti» eller «Politiske parti i Sverige» og «Svenske politikarar» eller «Politikarar frå Sverige». Kva synest de? --EIRIK\diskusjon 13:05, 20 september 2006 (UTC)
- Eg har ikkje noko sterkt syn på dette, synest eigentleg begge formene er like gode (men "Svenske politikarar" kling noko betre i mine øyre). For å vera pragmatisk synest eg det ville vera greitt å la systemet vera slik det er no, altså med adjektiv i begge tilfella. --Ranveig 10:23, 26 september 2006 (UTC)
-
- Bør dette gjelde musikkartiklar også? (Apropos - Bjørn Alterhaug skreiv i Jazznytt des. 1999 ein artikkel der han framheva at det er skilnad på «Norsk jazz» og «Jazz i Norge» - den første understrekar at norsk jazz er noko kvalitativt anna enn jazz andre stader.) Bollar - 26/9
-
-
- Miles Davis på scena under Jazzfestivalen i Molde var definitivt (avantgarde-)jazz i Noreg, men det var ikkje norsk jazz. Med
folkpersonar trur eg derfor det er lurast å halde seg til adjektiv snarare enn preposisjonsuttrykk. -- Olve 21:50, 26 september 2006 (UTC)
- Miles Davis på scena under Jazzfestivalen i Molde var definitivt (avantgarde-)jazz i Noreg, men det var ikkje norsk jazz. Med
-
-
-
-
- Apropos - det er skrikande mangel på ein del musikarbiografiar. Til dømes Miles Davis og Louis Armstrong. Bollar 15:13, 27 september 2006 (UTC)
-
-
-
-
-
-
- Eg har tenkt nett det same fleire gongar, men alltid hatt noko anna å skrive om då, men no er no då artikklane om Armstrong og Davis igong, s åfår andre fylla på etterkcart! --Anders 15:29, 27 september 2006 (UTC)
-
-
-
-
-
-
-
-
- Godt tiltak! Bollar 18:10, 27 september 2006 (UTC)
-
-
-
-
[endre] Datoformat
Kvifor er td. 21 september 2006 standard datoformat her, og korleis får ein endra det til 21. september 2006. Eg veit det går an å endre på innstillingane, men det bør jo vere slik automatisk. --EIRIK\diskusjon 21:47, 21 september 2006 (UTC)
[endre] Tek det tid før ein ny mal vert registrert?
Eg har laga følgjande mal: Infoboks_brasiliansk_kommune , men den fungerer ikkje i artikkelen eg held på å redigere. Kvifor ikkje?
[endre] Utmerka artiklar
På bokmålswikipediaen er det ei side som listar opp artiklane som har blitt kåra til utmerka der. Eg har omsett to av dei til nynorsk (Bjørnøya og Færøyane), og håpar at noen andre kan ta tak i dei andre artiklane der. Gå til no:Wikipedia:Utmerkede_artikler og ta ein kikk. --KRISTAGAα-ω 21. mai 2006 kl. 16:00 (UTC)
Tidlegare disk. flytta ned av Ranveig 10:18, 26 september 2006 (UTC)
Kvifor har ein ikkje klassifisering av gode artiklar, slik som på bokmål? Tannkrem 19:24, 23 september 2006 (UTC)
- Ja sei det, det har lenge vore ytra ynskje om å få til noko slikt her og, men hittil er det lite som har skjedd, desverre... --Anders 19:33, 23 september 2006 (UTC)
-
- Sjå Wikipedia:Gode_artiklar. --Ekko 19:48, 23 september 2006 (UTC)
-
-
- Og gje lyd på Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar! Eg trur dei fleste kandidatane er greie, men dei bør lesast gjennom grundig og pirkast i slik at dei blir heilt knirkefrie. Dessutan er det betre om meir enn éin eller to tykkjer dei er gode. -- Ranveig 10:15, 26 september 2006 (UTC)
-
[endre] Ymse
Hvor er det man "henvender" seg på nynorskwikki'en for å spørre om /diskutere faglige ting med andre brukere og/eller bosser? —Dette usignerte innlegget vart skrive av Radidator (diskusjon · bidrag)
- Wikipedia er ikkje staden faglege diskusjonar, anna enn leksikonfaglege. --Ekko 16:45, 9 oktober 2006 (UTC)
og kvifor er klokka feil? Vi bor jo i Norge, og ikkje i England, der de brukar denne tida. til dømes er klkka på underskrifta mi no 16:19, men den er da vitterlig 18:19... --Radidator 16:19, 9 oktober 2006 (UTC)
- Alle wikipediaer i heile verda nyttar GMT. --Ekko 16:45, 9 oktober 2006 (UTC)
-
- Eg såg at på dei engelske sidane har dei eit "bad joke"- arkiv der det beste hærverket (dvs dei endringane av artiklar som faktisk er morosamme)blir lagra. Altså eit slags vitse-arkiv.Er det ein ide (korleis får man strek over e-en?) å laga eit tilsvarande arkiv her? dvs at man putter morsomme endringar inn der, så løser vi også problemet med humorforbud i wikkywakkywikipedia. (korleis får man ein tommel opp, som i hotmail)--Radidator 19:41, 9 oktober 2006 (UTC)
- Vi har Wikipedia:Sletta tull og tøys, men det betyr ikkje at du skal leggje inn tull med vilje, og så flytte det over til den. é får du ved å halde inne Alt Gr, trykkje på knappen til venstre for tilbake-tasten, sleppe dei opp, og så trykkje på «E»-tasten. --EIRIK\diskusjon 19:47, 9 oktober 2006 (UTC)
don't worry, skal ikkje gjere det. Får ikkje til e-en. Men det var ikkje mye i tull og tøys sida; åssen velger dere ut det som kommer dit? Og er det dei eneste morsomme tullet som har kommet på 2 år? Er resten bare sånt rent hærping av artiklene alstå, eller blir det for mye å leggje inn alt det bra?--Radidator 20:00, 9 oktober 2006 (UTC)
- Det aller meste av hærverket som blir gjort er latterleg dårleg, og då meiner eg ikkje latterleg av det slaget som får ein til å le. Kanskje fordi dei som er flinke til å skriva lagar skikkelege aritklar på nn: i staden for å tulla. -- Ranveig 15:07, 11 oktober 2006 (UTC)
[endre] Illustreret norsk literaturhistorie (1896)
Jag vill berätta att jag inom Projekt Runeberg har scannat in Illustreret norsk literaturhistorie i 3 bd (1896) av Henrik Jæger. Den är på grund av sin ålder fri från upphovsrätt och det är alltså tillåtet att kopiera text och bilder därifrån. Dock är texten ännu inte korrekturläst - detta görs i ett wiki-liknande formulär på runeberg.org - och språket är en äldre version av bokmål och inga fakta är uppdaterade efter 1896. Dock kan man kopiera en del fakta om och bilder av norska författare därifrån. Projekt Runeberg behöver närmast hjälp med korrekturläsning och indexering av verket. Alla är välkomna. --LA2 00:39, 10 oktober 2006 (UTC)
- Tack så mycket! (Lenger rekk ikkje svensken min...) -- Ranveig 15:08, 11 oktober 2006 (UTC)
[endre] Framlegg om endra retningsliner på en:
Det ligg ute eit framlegg om lett omskrevne rettningliner på engelsk wikipedia; Wikipedia:Attribution, som er tenkt å erstatte dei gamle Wikipedia:Verifiability og Wikipedia:No original research. Eit godt dokument ser det ut som. Sjølv synest eg våre retningsliner blir litt snaue. --Ekko 09:31, 14 oktober 2006 (UTC)
- God idé, særleg at også den artikkelen oppgjer kjelder. Eg synest me kan omsetja Wikipedia:Attribution og leggja han inn på Wikipedia:Rettkjenning av informasjon. -- Ranveig 11:34, 14 oktober 2006 (UTC)
-
- Slik vil me ha, ja. Men sidan dei enno drøftar endringa skal me kanskje vente litt slik at det vert ferdigdrøfta? --Jorunn 17:14, 14 oktober 2006 (UTC)
[endre] Nynorsk som framandspråk?
Eg er ein Islending som har aldri kome til Noreg og aldri tala med ein Nordmann men eg vil gjerne lære meg nynorsk og bidra noko her. Mitt problem er at når eg les den nynorske ordboka og grammatikk er det ofte mange ulike formar som ein kan velja. Det ser ut som ein skal velja formane som er nærmast dialekten ein snakkar. Men korleis i all verda kan eg gjera det når eg aldeles ikkje talar norsk?! Og korleis kan eg uttala det som eg skriv? Det ser ut som det ikkje er noka standard uttale som utlendingar kan bruka (for bokmål har dei standard austnorsk) — så eg reknar med at eg må også læra meg ein dialekt for uttala. Godt nok – men kva for ein dialekt skal eg bruka og kvar finn eg opplysningar om han? Det er kanskje minst vanskeleg med ein islandsk-liknande dialekt — til dømes finn eg svært mykje som minner om mitt eige språk når eg høyrer Sognamål. Kva er best å gjera? :) Haukur 13:02, 15 oktober 2006 (UTC)
-
- Som Sogning så må eg vel få seie at Sognamål (eller Sognamaol) er det beste utgangspunkt ein kan ha. --Bep 00:59, 28 oktober 2006 (UTC)
- Godt å sjå at du vil lære deg nynorsk. Det ser ut at du har kome eit godt stykke allereie! Når det gjeld valfrie former, foreslår eg at du vel dei som ligg nærmast ditt eige mål, islandsk. Såleis til dømes a-infinitivar, ord som verta for bli og gjeva for gi, osv. Altså at du forheld deg til nynorsken som oss norske - der det er valfrie former vel vi ofte dei som ligg nærmast eige talemål. Likevel ikkje alltid, for det er ein tendens til konvergens i nynorskbruken der dei fleste hamnar på ei "midtline" og berre delvis utnyttar det valfrie rommet. Dette har med sjølve vesenet til eit skriftspråk å gjere, trur eg, der det skriftbiletet vi er vane med å sjå gjerne blir kopiert i stor grad. Derfor kan det vere meir forvirrande enn naudsynt å sjå berre på ordlister og liknande. For å lære den faktisk bruka nynorsken kan det vere meir lønt å lese det nynorske vekebladet Dag og Tid, til dømes. Dei har nokre artiklar på nett òg, her [11]. Korleis du skal uttale nynorsk er ikkje noko stort problem. Nynorsk kan uttalast om lag som du skriv han, med dine eigne r-lydar. Lukke til!--Erling 14:41, 15 oktober 2006 (UTC)
-
- Takk for råda! Eg prøver å bruka a-infinitiv, det er godt om det er naturleg :) Eg ser at somme av formane ein kan finna i ordboka og hjå Aasen er ikkje mykje bruka i nynorsk som han er skriven i dag, så det er truleg best om eg ikkje brukar dei, jamvel om dei er islandsk-liknande (til dømes visa – visor).
-
- Det er vist ikkje heilt så simpelt at ein kan uttala målet just som det er skrivet. Til dømes las eg her at d og t skal ikkje høyrast i visse ord og bøygjingar. Men enda om eg les berre kvar bokstav så skal eg likevel vita korleis kvar og ein bokstav vert uttalt og alt eg kan finna om det er dette «standard austnorsk» stoff, som her: [12]
-
- Det ville vera godt å ha nokre audio-filer med opplesingar av nynorske tekstar. Haukur 19:15, 15 oktober 2006 (UTC)
-
-
- Ei visa-visor osv er rett nok ikkje så vanleg (frekvent) i nynorsk bruksmål lenger, men det er fullt lovleg nynorsk rettskriving, og det gjer absolutt ingenting om du nyttar slike former. Eg vil òg tru det må kjennast naturleg for deg å nytte verbformer som stend (står) og gjeng (går). Det kan du fritt gjere, sjølv om dei er mindre bruka no enn før. Når det gjeld uttale: Du kan vel uttale nynorsk òg med det dei kallar "standard austnorske" lydar. Men kva slags r-lyd ein brukar eller om ein berre har éin l-lyd eller fleire (som eg, som har såkalla "tjukk l" i somme samanhengar) osv, har ikkje noko å seie. Som du veit så varierer norsk uttale veldig etter landsdelane, men variantane er innbyrdes forståelege og etter dialektreisinga frå 1970-talet og frametter òg godtekne - jamvel når ein les norskdansk bokmål. Stum d finst det ein del av, ja. Men somme målføre uttalar dei, så det er då ikkje så farleg om du òg gjer det. Såleis blir d i ord som til dømes medan oftast ikkje uttala, men iallfall på Sunnmøre er det mange som uttalar d der og i liknande høve. Stum t derimot uttalar ein ikkje, såleis ikkje i ordet ordet, til dømes. Det er berre nokre få svært fiiine norskdansktalarar som gjer det. Kan ein så uttale d i ord-ordet? Det er ikkje vanleg, men dei som seier medan med d har kanhende d i ord òg? Er det nokon andre som veit meir om uttalereglar for norsk generelt og nynorsk spesielt? Og om det finst slike audiofiler som han Haukur etterlyser? --Erling 19:48, 15 oktober 2006 (UTC)
-
-
-
-
- Angåande sognamål, så vil eg tru at det er den dialekten som liknar mest på islandsk i dag, ja, og til dels vossamål og. Der kan du til dømes uttala så godt som alle forekomstar av bokstaven 'å' som islandsk 'á' (sognamaol!).--Barend 19:59, 15 oktober 2006 (UTC)
-
-
-
-
- Mest tenelege lydfila ville vel gjerne vere om nokon kunne lese inn ein Wikipediaartikkel, så kunne du samanlikne med teksten, men til dess:
- Her er ei lita lydfil der Liv Bernhoft Osa les starten på ei av novellene frå novellesamlinga Popsongar av Frode Grytten: http://www.lydbokforlaget.no/lyd/8242111391.mp3
- Og her er ei der Anders Eide les frå Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt pappkartongen av Ragnar Hovland: http://www.lydbokforlaget.no/lyd/8242114064.mp3
- Herborg Kråkevik les frå si eiga bok Forteljingar: http://www.lydbokforlaget.no/lyd/8242115354.mp3 (kanskje meir dialekt her enn i dei andre døma)
- Tarjei Vesaas les frå si eiga Fuglane: http://www.lydbokforlaget.no/lyd/8242111111.mp3
- Fleire journalistar brukar nynorsk tale hjå Norsk rikskringkasting (NRK), t.d. Ingvild Bryn og Arnhild Myklebust Eggen som tidt er programleiarar i Dagsrevyen på fjernsyn. Ein kan høyre NRK-sendingane via nettradio og nettfjernsyn. Men det er kanskje meir forvirrande enn nyttig sidan det kjem andre tungemål innimellom.
- http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/196712
- http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/196514
- http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/194482
- --Jorunn 22:36, 15 oktober 2006 (UTC)
-
-
-
-
-
- Spegel blir uttala spegel av nokre, speiel av nokre, spijill av nokre og så vidare. Du kan i all hovudsak uttala o som svarar til islandsk ó som ein lang [u:]-lyd, medan o som svarar til islandsk o utan aksent oftast blir uttala som ein kort eller lang (men alltid open) [o]-lyd. Om du legg deg på ein sunnmørsnormal for vokaluttalen, så trur eg du vil finne at du kan uttala dei fleste av vokalane om lag som på islandsk — anna enn lang e, som uttalast som ein ei-lyd heller enn som ein je-lyd på Sunnmøre. Når det gjeld t, så er han oftast stum i dei falla der han svarar til islandsk ð. -- Olve 17:23, 17 oktober 2006 (UTC)
-
-
-
[endre] Frøken detektiv
vem som skrev boka frøkendektevtiv er det navne carolyn keene et tule navn ?
[endre] Wikipedia:Julebord
Vi er i gang med å planlegge julebord i Oslo for wikifanter. I utgangspunktet er det ikke bestilt plasser for veldig mange men vi kan oppjustere om fler vil være med. — Jeblad 00:56, 27 oktober 2006 (UTC)
- Kvifor skal det vera i Oslo? Kvifor ikkje i Alta, eller Førde? --Sigmundg 07:15, 29 oktober 2006 (UTC)
- Du kan gjerne arrangere julebord i Alta og/eller Førde om du har lyst. Julebordet som Brukar:Agtfjott planlegg er i Oslo sidan han og mange andre wikifantar bur der. --Kjetil Ree 04:34, 30 oktober 2006 (UTC)
[endre] Wikimania 2007 Team Bulletin
Published by the Wikimania 2007 Taipei Team, Wikimania 2007 Team Bulletin provides the latest news of the Team's organizing work to everyone who is interested in Wikimania; it also gives the Team chances to announce calls for help/participation, so assistance in human and other resources can be sought in a wider range. Team Bulletin is published at the official website of Wikimania 2007 and released to the public domain. Issue 1 and Issue 2 has already published.--218.166.212.246 02:05, 29 oktober 2006 (UTC)
[endre] Bilete
Om ei drøy veke skal eg ha ein fotodag på strekninga Hurumlandet - Oslo. Er det bilete du saknar sei i frå. --Ekko 07:47, 31 oktober 2006 (UTC)
[endre] Nynorsk leksikon på internett - Nynorsk nettleksikon
Efter Norsk Allkunnebok (1948-1964) har det inte kommit något nytt uppslagsverk (leksikon) på nynorsk. I januari 2005 skrev Nynorsk forum att ett Allment nynorsk leksikon på Internett "er det viktigaste tiltaket for å styrke nynorsk skriftkultur fram til 2013" men kräver statsunderstöd på flera miljoner kronor. Se också artikeln Nynorsk nettleksikon. Den 9 oktober 2006 tar "Neste klikk" upp frågan om Nytt leksikon på nettet? och berättar att "om eit par år kan det nye leksikonet vera på lufta, etter at regjeringa no ønskjer å løyva pengar til eit slikt prosjekt i statsbudsjettet for 2007." Särskilt intressant är avsnittet där reportern frågar om Wikipedia. Givetvis måste förlagsmannen framhålla att ett dugnadsprojekt inte är gott nog. Det är ju hans jobb. Idag när nynorska Wikipedia bara har 17.000 artiklar kan det argumentet passera utan vidare, och ännu mer i 2005. Men hur är det år 2008 eller 2013? Pengar i statsbudgeten för 2007 betyder ju inte att det nynorska leksikonet blir färdigt 2007. -- Jag menar inte att detta är något dåligt förslag. Med tanke på hur mycket oljepengar som norska staten har, är den här investeringen inget att vänta med. Sätt igång! Men det ska bli intressant att följa hur synen på Wikipedia utvecklas över tiden. --LA2 10:32, 1 november 2006 (UTC)
[endre] lørdagskveldbloggen
Heisann nn wikipedia! Dere har fått en del "innslag" fra meg ikveld... dere er sikkert lei av såkalt vandalsime, men jeg vi påstå det er 2 grupper vandaler: 1) de som sletter haugevis av info og eller skriver helt borti natta dusteting uten å prøve på humor engang, og fjols som skriver ren sjikane om personer/land/religioner osv., og som faktisk tror de er morsomme...
2) slike som høvding attahonka ikveld, som har brukt sine kreative evner til å lage ulike maler, eller skriver nye tullesider som faktisk ER morsomme, og lette å oppdage og fjerne (som regel ønskelig) istedenfor å hærpesere på måfå i diverse andre artikler. OK, vet det ikke er helt "stuerent" å tulle med brukersider, men i de få tilfellene her blir jo sammenhengen morsom... og malen ettersøkt på wikipedia er jo bare helt konge, den må dere la stå og bruke uansett hvor mye dere tupper undertegnede på hue og r(honk-hooobk) ut av wikipedia!
Så det er altså ikke alle som blir blokkert for vandalisering som har onde hensikter,(hadde ikke fjolla så mye om det ikke var lett å fjerne det raskt igjen) (og har jo et håp aom at noe får stå da...) men som prøver å få gjennomslag for humoren sin med mindre hell... god helg :P --Høvding Attahonka 18:08, 4 november 2006 (UTC)
nb: ang. en av toppsjefenes utsagn om at å endre folks brukersider er som å urinere på folks dørmatter: ikke enig. skvetter man på ei dørmatte får man ei saftig bot av politiet. endrar man en brukerside på wikipedia brytar man ingen lov, dessuten er det luktfritt. 2*:-P --Høvding Attahonka 18:08, 4 november 2006 (UTC)
[endre] Blokkering av hyperaktive vasefantar
- Nynorsk wikki har 1504 brukersider. Noe sier meg at en bra %-andel av disse ikke er i bruk.. si at det er maks 20 aktive av de navnbrukerne nå, da er det bare 1,32 % som er aktive... noe sier meg at man kunne gjort solide slettinginnhogg i denne lista. Husker ikke passordene på de andre sidene mine engang.. bare på høvdingen og denne.
Flytta frå Brukardiskusjon:Linuksboksen:
Trur ikkje det går å slette kontoar, ein kan sperre dei for redigeringar, og denne kontoen er sperra no. Brukarar med byråkratrettar kan også tvangsendre namnet på kontoar som har uhøvelege namn (t.d. sjikane i brukarnamnet, namn som er tekne for å provosere, namn som er tekne for å skape forvirring ved at dei er mest mogleg like andre brukarar sitt namn og liknande). Dette brukarnamnet er laga for å vere likt det til ein annan brukar (ei anna av sokkedokkene til same dokketeatersjefen har også sagt det og ymta frampå om sperring). Eg er for tvangsendring av namnet på denne kontoen, i tillegg til den uendelege sperringa. Elles vert han ståande i lista over brukarkontoar side ved side med Brukar:Linuxboksen og vil vere til forvirring for dei som måtte finne på å lese eller leite i lista. Når det gjeld å sjekke kva IP alle desse vaseprodusentkontoane er oppretta frå veit eg ikkje om det er interessant. Sjølv om det er same dokketeatersjefen som har oppretta alle har det ikkje nødvendigvis skjedd frå same IP-adressa. Ikkje veit eg om det er nokon her som har checkuserrettar her heller, og dermed om nokon kan gjere det. Checkuser er eit valdsamt sterkt verkemiddel som berre skal brukast i heilt ekstreme tilfelle (som i det på bokmål/riksmålswikipedia nett no nyleg) og nærast mogleg ingen skal ha tilgang til chekuserverktyet. I dette tilfellet held det lenge å berre sjå på artiklane sokkedokkene produserer for å sjå at det er berre vas og at kontoane difor kan blokkerast, på same måte som IP-adresser (uinnlogga brukarar) som legg inn berre vas vert blokkerte frå å redigere. Eg veit ikkje kvifor desse kontoane i så liten grad har vorte blokkerte, men for det fyrste har det vore høg terskel for sletting og blokkering her, og for det andre opprettar denne dokketeatersjefen nye sokkedokker sjølv om han allereide har eit heilt ensemble som er fult operative, så det kjem nye til i alle tilfelle, og for det tredje kan ein tenkje at viss han får renne frå seg vert han vel lei av det, eller kanskje til og med det vert folk av han. Men det vert mykje rot her etter dette uvesenet, og det er berre nokre få til å rydde, og dei vil helst få brukt tida si til anna. Eg trur det er på tide å ta fram den harde luten her. --Jorunn 11:35, 8 november 2006 (CET)
- Einig med Jorunn. Fram til no har det vore lite med plagsomme folk her, så den høge terskelen har vore fin den. Men det er tydeleg at me må ha kjappare framdrift i blokkeringsarbeidet i høve til hyperaktive "taggarar"; frå {{test1}} til {{test2}} på 2-3 vaseredigeringar, og om dei då ikkje skjønar etter ein eindagsblokkering går me rett på uendeleg. Kva trur de om det? --Ekko 11:50, 8 november 2006 (CET)
-- Slutt på flytta bolk
-
- Greit å ikkje blokkera for mykje, i tilfelle brukarar kan koma med noko som er brukande. Men denne brukaren har, så vidt eg veit, ikkje kome med noko brukande, og vil truleg aldri gjera det. Han viser ein grunnleggjande mangel på respekt for dei mange åtvaringane han har fått. Han kjenner Wikipedia godt nok til å kunna gjera hærverk på ein mykje meir effektiv måte enn tilfeldige anonyme brukarar, og det tek mykje lenger tid å rydda opp i det, særleg om han får halda på for seg sjølv i nokre timar ein dag administratorane ikkje er på "jobb" og kan sletta etterkvart. Og det er bakgrunnen for at eg og Brukar:Anders i går kveld ba Brukar:Eirik om å blokkera han. Eg er likevel ikkje sikker på om det hjelper, han kan jo lett laga seg ein ny brukar om han vil. --Tannkrem 11:59, 8 november 2006 (CET)
- Om det er mogleg å slette brukarkontoar, synest eg likevell at ikkje det er lurt. Artiklane er så tett knytta opp i brukarendringane til ein konto, anonym elller registrert, at det ville gjere historikken korrupt. Dessutan er det liksom litt å fjerne bevis på at noko har skjedd i det heile. Engelsk wikipedia klistrar opp sockpuppetsmalar og låser kontoen. Bokmåslwikipedian ser eg og brukar sokkedukkarmalar no.Eg likte ordet no begrepet dukketeatersjef. :D
- No har enno ingen blokkert vedkomande, verken for lengre eller kortare tid. Eg føler det no då som at fire dagar med "hyperaktivt" tøys burde då vere nok til å blokkere for nokre timar. Eg prøvde å få ein konversasjon om det ovanfor, men wikipedia har godt av fleire brukarar, men ikkje brukarar for kva pris som helst. Ein brukarkonto skal då vel ikkje vere ei tillating til å gjera kva som helst av vaseproduksjonar? Anders 16:48, 8 november 2006 (CET)
-
- I prinsippet einig. Difor la eg inn melding hos Rodelero om at no var streken nådd, neste sprell tyda framlegg om permanent blokkering. Og etter det sa han takk for seg. Og eg synest det er best om me er fleire som blir einige om permanente blokkeringar når det ikkje er så bråttom (spesielt når eg sjølv er drittlei og sur prøvar eg å få tenkt meg om). --Ekko 18:28, 8 november 2006 (CET)
[endre] Stenging av Wikinytt
Eg har no føreslått å stengje Wikinytt. Sjå meta:Proposals_for_closing_projects#Closure_of_Norwegian_Wikinews og wikinews:no:Wikinytt:Desken#Skal_vi_v.C3.A6re_.C3.A6rlige_mot_oss_selv.3F. --Kjetil Ree 23:49, 8 november 2006 (CET)
-
- Eg har ikkje lese føreslaget ditt - men eg såg på dette som eit tapsprosjekt i utgangspunktet, noko som no er bevist... Når siste nyhende er 2 månader gamal... Då er det ikkje nytt lenger...--Bep 21:27, 10 november 2006 (CET)
[endre] Usynleg tekst
Korleis merkar eg tekst for at han skal bli usynleg? T.d. vil eg gjerne gjøyme den uomsatte teksten i skjene. --Ekko 22:22, 9 november 2006 (CET)
<!-- usynleg tekst --> --Jorunn 22:32, 9 november 2006 (CET)
- Aha! Takk. --Ekko 22:48, 9 november 2006 (CET)
[endre] Damer og herrar
Eg tykkjer «damer» og «herrar» er oppstylta og framande i nynorsk, med distraherande konnotasjonar, at «menn» og «kvinner» er meir nøytrale ord, og at det i idrettsartiklar difor heller skal brukast «kvinne» enn «dame», og «mann» enn «herre».
(Ingen har kjend seg kalla til å lage artikkelen Det norske damelandslaget i fotball enno, men i det tilfellet ville Det norske kvinnelandslaget i fotball vore like enkelt og greit. No er det allereide ein artikkel som heiter Det norske herrelandslaget i fotball, mannelandslaget går ikkje å skrive. Om den artikkelen ikkje skal bruke «herre» i tittelen må det ei omskriving til, til dømes Det norske landslaget i fotball for menn. og det er lenger (= meir uforutseieleg = vanskelegare å finne) og det kan tale mot «mann».) --Jorunn 23:54, 10 november 2006 (CET)
- «... for menn», absolutt. Og dei færraste gidd skrive noko langt uansett, trur eg. Så ei fleirtyding frå t.d. Fotball-landslaget må til. --Ekko 00:06, 11 november 2006 (CET)
-
- Eg veit ikkje om eg synest det er oppstylta, men "damer og herrer" er heilt klårt mykje meir pompøst enn "kvinner og menn", og det er "mindre norsk". Men det er det som er utbreidd, også på nynorsk. Til dømes kallar ein på Stord eliteserielaget (eller pølseserien eller kva det no var...) for "Stord-herrane", "herrelaget", handball-herrane osb. Det er ikkje noko meir kunstig på nynorsk enn det er på bokmål.
- Eit problem med bruk av "kvinner" er at det normalt ikkje fører med seg ein tilsvarande bruk av ordet "menn". Dei som kallar eit damelag for eit kvinnelag, kallar eit herrelag for eit lag, for å generalisera litt. --Tannkrem 00:12, 11 november 2006 (CET)
-
-
-
- Kjapp runde på nokre av forbunda sine nettsider, alle på bokmål: Fotballforbundet ser ut til å bruke menn og kvinner. Norges Ake-, Bob- og Skeletonforbund skriv om damer og herrer, Norges Basketballforbund skriv om kvinner og menn, Norges Håndballforbund skriv om kvinner og menn, Norges Svømmeforbund skriv om kvinner og menn, Norges Fekteforbund skriv om damer og herrer, Norges Golfforbund skriv om kvinner og menn. Ingen av desse forbunda brukte kombinasjonen damer og menn, eller herrar og kvinner, men med meir leiting er det godt mogleg ein finn eksempel på det.
- Eg trur ikkje eg forstår den siste setninga di, men om du seier at det er fotballag (underforstått menn) og kvinnefotballag så er vel det ofte slik, nett som nynorsk er det motsette av norsk, og meksikanarar ikkje er amerikanarar, men det bør ikkje gå så glatt på Wikipedia. --Jorunn 01:43, 11 november 2006 (CET)
-
-
Kvifor ikkje like beint fram "mannfolk" og "kjerringer" - båe er gode norske ord. Med helsing Odd Gunnar
- Det må vel anten verte "karar" og "kjerringer" eller "mannfolk" (ev. karfolk) og "kvinnfolk"? --meco 14:46, 25 november 2006 (CET)
Eg meiner det er best om vi brukar "menn" og kvinner". For å unngå unødvendig mange oppstykkingar med preposisjonar, og unngå problemet med at "mannelandslaget" etc. blir rart, bør vi samanskrive idretten med eit av dei andre orda: det norske fotballandslaget for menn, handball-EM for kvinner. --Erlend 14:50, 26 november 2006 (CET)
[endre] Manglende interwiki
På no:Wikipedia:Mangler interwiki har jeg lagt inn en oversikt over artikler på no: som ikke har interwiki. Her på nn var det ved siste databasedump 2983 artikler uten interwiki. Er det interesse for en oversikt over disse? ZorroIII 00:40, 11 november 2006 (CET)
- Sjølvsagt. Kanskje dei kan leggjast inn på t.d. Wikipedia:Manglar interwiki? --KRISTAGAα-ω 02:01, 11 november 2006 (CET)
-
- Ok, da er første oppdatering lagt inn. Om noen synes oppdateringene er plagsomme kan evt Zorrobot få botflag. ZorroIII 00:53, 12 november 2006 (CET)
-
-
- Da er dataene oppdatert. Nytt denne gangen er bruk av en mal for presentasjon av artikkelnavn, {{iw}}. En kan da lage direktelenker til andre språkvarianter, eksterne databaser mv. ZorroIII 09:25, 9 desember 2006 (CET)
-
[endre] Omsetjing
[endre] Personvern
Ved å endre teksten på MediaWiki:Privacy og MediaWiki:Privacypage har eg endra botnteksten på alle sider til å vise «Personvern» i staden for «Privacy policy» og endra lenkinga til å gå direkte til wikimedia:Privacy_policy viss noen klikkar på teksten. Kommentarar? --KRISTAGAα-ω 02:10, 11 november 2006 (CET)
- Fint! :-) Olve 23:36, 15 november 2006 (CET)
[endre] GFDL
Er det mogleg å omsetje GNU Free Documentation License til norsk, eller i det minste lage ei lenkje til ei norsk omsetjing? --Anders 16:08, 18 november 2006 (CET)
- Det er fullt mogleg, og slett ikkje dumt. Omsetjingar vil alltid vera uoffisielle, dvs at GFDL på engelsk er den bindande lisensen, men det hadde likevel vore fint med noko som er lettare å lesa for alle. Sjå http://www.gnu.org/licenses/translations.html for meir info og døme. --Ranveig 14:35, 19 november 2006 (CET)
[endre] Norrøn Wikipedia
Eg såg at det i 2005 var interesse for å starta ei norrøn Wikipedia. Er det framleis interesse for dette? Eg er ikkje i stand til å skriva nørøn tunga, men eg ville finna stor hugnad i å freista å lesa artiklane. Når ein tek omsyn til at det berre er Vatikanet som nyttar latin som arbeidsspråk tykker eg at Wikipedia på latin har bra framång. Dei har til om med eit ord for elektronisk reknemaskin: Computatrum. Lurar på kva omgrep Harald Hårfagre ville ha nytta? Om vi ein dag skulle få ei norøn Wikipedia burde det vera to/tre versjonar av kvar artikkel:
- Med eldre runer
- Med nye runer
- Med ein modifisert versjon av det latink alfabet
Truleg ville det ta lang til å nå opp i 100 artikklar, men kvalitet er ikkje det same som kvantitet. Kanskje ville det auka interessen for norøn tale? --Sigmundg 21:45, 18 november 2006 (CET)
[endre] Norsk Wikipedia?
Gjett kven som prøver å markedsføyre seg sjølv som "den norske wikipedia" igjen? Det vart sjølvsagd klaga på diskusjonssida då eg retta det, men me får håpe me unngår reverteringskrig denne gongen... --Anders 11:40, 21 november 2006 (CET)
- I dette tilfellet kom det jo godt fram at kjerna i norsk-problemet der borte meir er riksmål enn nynorsk. --Jorunn 12:19, 21 november 2006 (CET)
-
- Nei, Kph la til /riksmål etter eg retta det kph først skreiv. Dette ville Søby ha vekk. Men det som stod opphavleg var altså Norsk Wikipedia. Riksmål er dermed et sekundert problem. --Anders 12:53, 21 november 2006 (CET)
-
-
- Ja, men kvar er det både «norsk wikipedia» og riksmålspåhenget plar kome frå i slike høve? Kph legg det også fram som om norsk wikipedia er noko han skreiv for å ikkje måtte skrive wikipedia på bokmål/riksmål.
- Innsikta i at norsk språk = bokmål ikkje er den fulle og heile sanninga er det ikkje berre nynorskfolk som har, riksmålsfolka veit også dette. Men at ein sjølv ikkje passar inn i skjemaet gjev ein tydleg ikkje nødvendigvis den innsikta at det trengst fleire ord enn eitt for å omtale kva som er norsk om ein skal vere leksikalsk og nøytral, som jo er det Wikipedia skal vere. --Jorunn 13:35, 21 november 2006 (CET)
-
[endre] Over 1,5 millionar artiklar på Wikipedia på engelsk
Wikipedia på engelsk fauk forbi 1 500 000 artiklar for nokre timar sidan. Det må fingransking av målfotoet til for å finne ut akkurat kva artikkel som vart nr. 1 500 000 (for kvar 3. artikkel som vert oppretta der vert det visst sletta 1, sånn ca.). --Jorunn 01:12, 25 november 2006 (CET)
[endre] Kanal for vandalismebekjemping
På tantekanalen har me hatt ein eigen kanal for vandalismebekjemping ein tid. Denne har vist seg særs effektiv for å fange opp vandalisme frå faste gjengangarar. Eg tenker å sette opp ein tilsvarande for nynorsk og ein for samisk. Utover at kanalen blir lagd og det vert konfigurert ein bot for kanalen vil det ikkje skje så mykje om ikkje nokon med adminrettigheiter ligg på kanalen. Det er aktuelt for meg å gjera litt revertering no og då men mesteparten tå dette arbeidet må nok målførets eigne administratorer stå for.
Det var eg som starta vandalismekanalen for no.wp og eg reknar med å bruke mykje tå dei same konfigureringane. I tillegg vil det bli lagd ein løpande overføring av informasjon om blokkeringar tå brukarar og beskytting tå sider mellom kanalane slik at ein blokkering eller beskytting på det eine målføret medfører at det same skjer på det andre målføret. Desse informasjonane er statusinformasjon knytt til brukarar og artiklar, boten vil aldri sjølv iverksette blokkering eller beskytting.
Om nokon tå administratorane på nynorsk ynskjer å gjere jobben sjølv er det greitt for meg men då kan ein synkronisering mellom kanalane verta noko vanskelegare. Jeblad 02:12, 27 november 2006 (CET)
Grunnen til at ein ynskjer synkronisering mellom kanalane er at ein då får synergieffekter da vasefantar kjem frå dei same adressane sjølv om dei går til angrep på forskjellege wikiar. Jeblad 07:13, 27 november 2006 (CET)
- Må det ein eigen kanal for dette? Det er vanskeleg å få folk til å møte opp på den kanalen vi alt har. --Anders 22:58, 27 november 2006 (CET)
- Dette er inkje ein diskusjonskanal men ein kanal for rapportering av pågåande vandalisering av artiklar. Om det er mogeleg vil den same kanalen brukast for alle målføra og samisk men eg trur det blir vanskeleg. Jeblad 08:01, 4 desember 2006 (CET)
- Om, det ikkje er IRC det er snakk om bør det presiserast kva metode som er tenkt å nyttast. Anders 11:56, 4 desember 2006 (CET)
- Fleire språk har ein kanal kor vandalisme rapporterast. Kanalen er på IRC (#vandalism-no-wp) og er omlag eit utdrag frå rc-kanalen (#no.wikipedia). Reint teknisk skjer dette ved at ein bot henter endringar og analyserar desse. Me har hatt ein slik kanal for bokmålspediaen eit halvår, og totalt har den nå eit konfigurasjonsgrunnlag på omlag 10K definisjonar. Nokre språk har fleire slike kanalar med fleire botar som gjer vandalismesøk på litt forskjellig vis. Den me nyttar på bokmål/riksmål er lagd tå en:Pgk og det står ein del om boten på en:Wikipedia:Cleaning up vandalism/Bots. Eg antar at den same boten vil bli nytta på ein nynorsk kanal, med dei same konfigurasjonane då me delar same geografiske område. Konkret betyr dette at om ein anonym vandal blir blokkert på bokmålspediaen så vil den same adressa bli svartelista på kanalen for nynorskpediaen og kanskje og på samisk. Det finns og ein variant tå boten som automatisk kan attenderulle vandalisme, men denne nyttast inkje på bokmålspediaen og me har vel ikkje sett oss tjent med det så langt. Om det skulle bli mykje vanskeleg vandalisme så kan me ta den i bruk seinare. 213.187.175.58 19:56, 4 desember 2006 (CET)
- Om, det ikkje er IRC det er snakk om bør det presiserast kva metode som er tenkt å nyttast. Anders 11:56, 4 desember 2006 (CET)
- Dette er inkje ein diskusjonskanal men ein kanal for rapportering av pågåande vandalisering av artiklar. Om det er mogeleg vil den same kanalen brukast for alle målføra og samisk men eg trur det blir vanskeleg. Jeblad 08:01, 4 desember 2006 (CET)
-
-
-
-
- Det ser ut som om det blir en felles vandalismekanal og separate språk-kanaler for de litt større språkene og målførene. Felleskanalen vil bli #vandalism-scan-wp og med en kanal for nynorsk kalt #vandalism-nn-wp. De små språkene (fo, is, se, kl) vil gå rett i felleskanalen i tillegg til «hotte» redigeringer. Jeblad 22:06, 4 desember 2006 (CET)
-
-
-
-
-
-
-
-
- Administratoren Brukar:Eirik frå nynorsk er no staffer på vandalismekanalane. Jeblad 20:13, 6 desember 2006 (CET)
-
-
-
-
[endre] Litt statistikk
Over to veker frå 13. til 27. november har nynorsk wikipedia hatt ein dagleg vekst på omlag 24 artikler. I same periode hadde bokmålspediaen ein vekst på 177 artiklar dagleg. Jeblad 07:04, 27 november 2006 (CET)
- Det er skummelt å forsøkje å gjere bruk av nynorsk etter ei pause på noko over 20 år. Men eg kjenner eg må freiste. __meco 23:27, 27 november 2006 (CET)
-
- Hjarteleg velkomen! Nynorsk er ikkje fårleg, og me nynorskingane er heller ikkje fårlege.
- Flest mogleg nye artiklar er ikkje noko mål i seg sjølv, det vert fort mykje tynt spreidd informasjon av det, men nye artiklar er sjølvsagt kjærkomne, nett som utviding av dei som alt finnest, og all slags småputl (kategoriar, lenkjefiksing, retting av trykkleifar og skrivefeil, lage malar, leggje inn interwikiar (både her og der), finne illustrasjonar, lage illustrasjonar, rydde etter skuleungane når dei har brukt artiklane til å sende lappar seg i mellom, gjere ferdig omsetjingar, halde styr på kva som er leksikonverdig og ikkje, halde i gong ordskiftet om korleis Wikipedia (på nynorsk) skal vere, og så bortetter og bortetter.) Nye folk til å vere med å dra lasset er svært kjærkome. --Jorunn 10:39, 28 november 2006 (CET)
[endre] {{uomsett|svensk}} «Språka på svenska»
Dei svenske wikipedantane har ei side som heiter «Språka på svenska» der dei kan diskutere omsetjingsspørsmål. Me har Wikipedia:Gode nynorskord og Wikipedia:Gode nynorske uttrykk, dei er i stor grad om nynorsk jamfør bokmål. Eg kjenner ei trong for ein særskild stad å diskutere og få råd om språkspørsmål generelt, både omsetjingsspørsmål og anna. Jamt dukkar det opp problem som det ikkje står noko om i ordbøkene. Så eg vil gjerne har ei nynorsk «Språka på svenska», men eg finn ikkje noko god omsetjing av det uttrykket heller. --Jorunn 10:39, 28 november 2006 (CET)
- Kan du ikkje berre leggja det under Wikipedia:Godt språk, eller noko liknande? --Tannkrem 12:37, 28 november 2006 (CET)
-
- Hmm... «Språkrådet» er opptatt. «Godt norsk»? --Ranveig 11:56, 30 november 2006 (CET)
[endre] behandling av "rå"spirer
Eg har tenkt litt at det kanskje hadde vore ein ide å oppretta ein eiga kategori for mal:spirer for spiremerka artiklar som enno ikkje er merka etter tema, slik at ein enklare kan finne dei ulike "rå"spirene og putte i dei rette temaspirene. Dette ser eg på som ein fordel, ettersom gartnarar dermed kan vatne fleire artiklar innan sine fagfelt/interesseområde istadenfor at mange spirer elles berre vert gøymd og gløymd i ein uoversiktleg lapskaus på 400 - 1200 stk i den eine kategorien dei er i, sortert etter dato. Eg tenkte først at ein slik kategori kunne kallast kategorilause spirer, men det vert jo litt feil, temalause spirer høyrest enno verre ut, så hittil har eg ikkje gjort noka, kva meiner dykk? --Anders 01:39, 29 november 2006 (CET)
- "Ukategoriserte spirer"? Eller "uinndelte spirer", "spirer utan emnekategori", "nøytrale spirer", "spirer som ikkje er merka etter tema enno"... Om nokon finn på eit betre namn seinare, kan dei jo berre flytta kategorien og endra malen litt. --Tannkrem 10:17, 29 november 2006 (CET)
[endre] Koreanske namn
Finnest det noko regel om korleis koreanske namn skal skrivast i norsk? No har me artiklane
(Store norske leksikon skriv alle desse namna utan bindestrek, Kim Dae Jung, Kin Jae Kyu, Park Chung Hee.) --Jorunn 10:45, 30 november 2006 (CET)
- Eg finn ingenting om norsk, men ein offisiell sørkoreansk transkripsjon (sjå òg nb:revidert romanisering av koreansk) som me kanskje kan følga. Denne seier berre at ein «kan» bruka bindestrek i namn. I følge denne transkripsjonen skal forresten Pusan skrivast Busan. --Ranveig 11:55, 30 november 2006 (CET)
-
- Vi bør nok følgje Ministry Of Culture & Tourism Republic of Korea — i tråd med intensjonane til Språkrådet. Dermed bør det bli Busan, Kim Daejung, Park Chunghee (burde det ha vore Park Chunghi?), Kim Jaegyu osv. -- Olve 13:06, 30 november 2006 (CET)
-
-
- Kortversjonen jf. spørsmål i det første innlegget er «nei»!
- Langversjonen: Skrivemåte for koreanske personnavn er; etternavn først, deretter det tostavelses fornavnet med liten bokstav etter bindestrek. «Kim Dae-Jung» er derfor ikke riktig, mens «Kim Dae-jung» er riktig. Noen få unntak finnes der personen selv vil skrive navnet på en annen måte. Engelsk, og særlig tysk Wikipedia pleier å skrive koreanske navn korrekt. I Norge skrives koreanske navn på like mange måter som det finnes skribenter, men NTB pleier å være brukbare. Generelt sett er koreanske navn et problem: Tradisjonelt har koreansk blitt romanisert ved hjelp av McCune-Reischauer-systemet, (og det mindre benyttede Yale-systemet). Men i 2000 endret sørkoreanske myndigheter dette til et nytt revidert system for romanisering av koreansk språk. For eksempel gir det gamle systemet navnet «Panmunjom», mens det nye gir «Panmunjeom». Norsk Språkråd har ikke fulgt opp dette. Jeg begynnte i vinter å jobbe med koreanske emner på bokmålswikipedia (planlegger å fortsette på nn:) og bad språkrådet om råd, noe de ikke hadde. De skulle imidlertid se på saken i forbindelse med en kommende revisjon. Språkrådet har en liste over geografiske navn, og der står det «Panmunjom» (altså det gamle systemet), men denne lista er altså ikke oppdatert på flere år og ikke i hht. behovet knyttet til koreansk språk. I forhold til personnavn vil dette også komplisere bildet, ettersom for eksempel «Kim» i det nye systemet skrives «Gim». Her hersker det altså en smule kaos inntil språkrådet rydder opp og setter en norsk standard for oversettelse av koreansk til norsk. Ofte går slike oversettelser via engelsk og tysk og påvirkes derfor derfra. Uoffisielt råd: Et generelt råd som jeg har fått og fulgt på no: er å benytte de skrivemåter som er kjent på norsk, altså «Panmunjom» og «Kim Dae-jung» selv om dette egentlig er feil, og forklare alternative skrivemåter i teksten. For ukjente navn benyttes det nye systemet. For eksempel ble hovedstaden i SK, «Sŏul» lenge oversatt på norsk til «Söul», mens det i det nye systemet oversettes til «Seoul», det vil si slik vi kjenner navnet på norsk. For å komplisere dette ytterligere så benytter Nord-Korea fremdeles McCune-Reischauer. Her har rådet vært å benytte dette for navn på nordkoreanske personer, steder og organisasjoner. Lett er det ikke. --Frodese 16:44, 2 desember 2006 (CET)
- Kortversjonen jf. spørsmål i det første innlegget er «nei»!
-
Eit litt anna spørsmål: Kvifor er koreanske teikn (og andre) erstatta med spørjeteikn i Wikipedia? Er det mogleg å retta det? Eller er det kanskje eg som må endra ei innstilling i nettlesaren min eller noko slikt? --Tannkrem 16:58, 2 desember 2006 (CET)
- Du trenger egne fonter som håndterer koreansk (og andre). Har du Mac kan jeg hjelpe deg med det. --Frodese 17:12, 2 desember 2006 (CET)
- Viss du ikkje har koreanske typesnitt har du kanskje sagt «nei» til Austasiatiske typesnitt under installering. Det einaste nettlesarvalet som er relevant er at du må ha UTF-8 som val på koding, og ikkje Vesteuropeisk (Latin 1), men det vil eg tru at du allereie har. Elles ser dette ut til å vere ei lovande side. Trondtr 09:45, 3 desember 2006 (CET).
[endre] Stipend til arbeid med Nynorsk wikipedia
Noregs Mållag har motteke 100 000 kr frå kulturdepartementet som er øyremerkte stipend til nybrotsarbeid for nynorsken. I siste utgåve av Norsk tidend nemner redaktør Hege Lothe spesielt Nynorsk wikipedia som eit prosjekt som kunne høve for desse stipenda. Så dersom einkvan har tid til å arbeida litt ekstra med Wikipedia, er det no høve til å få finansiering! Søknadsfristen er 15. februar 2007. Meir informasjon på http://www.nm.no. --Verdlanco\ordskifte 09:18, 1 desember 2006 (CET)
- Dette er ein glimrande idé. Så vidt eg forstår Norsk Tidend er det personane sjølv som skal søke, heller enn t.d. ei stifting eller organisasjon. Vi kan jo vere så heldige at vi har fleire som søker for å vidareutvikle nynorsk wikipedia. I alle fall kan vi ha ein idédugnad her, for å inspirere folk til å søke. Her kjem nokre framlegg til moment til ein søknad. Folk kan t.d. søke for å ...
- forbetre infrastrukturen: arbeide målmedvite med malar og dokumentasjon. Arbeide med kategorisystemet
- skrive artiklar: Finne område der nynorsk wikipedia er svak, eller der søkaren har fagkunnskap, og skrive nye artiklar om det
- ta fram Nyno-prosjektet. Få eller kjøp Nyno, og set om bokmålsartiklar til nynorsk (på denne måten er vi ikkje avhengige av å vente på Nynodata).
- ... eller alle tre, for den del. Poenget er å finne folk som er interessert, og for dei, å skrive ein god søknad. Trondtr 09:25, 3 desember 2006 (CET).
Er det nokon som har eit godt framlegg til kva «text editor» (program som Notepad o.l.) bør heita på nynorsk? Teksthandsamar? Teksthandsamingsprogram? litt langt kanskje?--Sigmundg 18:11, 11 desember 2006 (CET)
- Skriveprogram. --Ekko 08:37, 12 desember 2006 (CET)
Jeg har ved et par anledninger kastet frem et forslag om å få etablert en norsk Wikimedia-stiftelse på Tinget, uten å oppnå gehør for det. I den aktuelle saken her, tror jeg man vil stå langt sterkere dersom den bevilgende myndighet har en ansvarlig juridisk enhet å forholde seg til. Jeg har ikke organisasjonserfaring eller overskudd til å føre dette videre, men det er kanskje noen blant nynorsk-folket som har det? Selv om det har vært opptrekk til strid mellom bidragsyterne på bokmål og nynorsk WP, tror jeg en eventuell stiftelse bør inkorporere begge målformer, eventuelt også samisk. --Lipothymia 00:29, 14 desember 2006 (CET)
- For dette konkrete prosjektet trur eg einskildpersonar som søkarar (med sjølvstendig ansvar for sitt eige prosjekt) passar heilt fint, og det å gje pengar til ei stifting (så små summar som det her er snakk om ) er på sitt vis meir komplisert (»kor mykje går til drift, kor mykje til arbeid??..»). Men i prinsippet er det ein god idé, ja, og i prinsippet bør alle tre vere med. Trondtr 01:16, 14 desember 2006 (CET).
[endre] Stortinget
Hvis vi har noen som vil gjøre en jobb mot Stortinget så er det mulig å få til noe enklere adgang for disse. Det er en del som må på plass så jeg må ha en liste med aktuelle navn. Disse kan få tilgang til en del materiale ved Stortinget og tilgang til en del områder. Det er også snakket om en løsning med hensyn til bilder av politikere, og muligens kan vi få tilgang til en samling av bilder fra de senere årene. — Jeblad 12. des 2006 kl. 00:31 (CET)
[endre] Ny funksjon på "Siste endringar"
Som dei fleste ser no, har loggen over siste endringar fått ein ny funksjon som listar eit tal anten i pluss- eller minusforteikn framføre. Om nokon lurer kva det er er, det berre talet på teikn som er lagt til eller trukke frå(fjerna) den artikkelen. Anders 11:13, 20 desember 2006 (CET)