Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Regjeringa Nygaardsvold - Wikipedia

Regjeringa Nygaardsvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Johan Nygaardsvold si regjering var ei regjering utgått frå Arbeidarpartiet. Regjeringa var den andre regjeringa frå Arbeidarpartiet, men var den fyrste som sat i lengre tid. Christopher Hornsrud si regjering i 1928 sat berre i 19 dagar.

Nygaardsvold danna ei mindretalsregjering etter eit kriseforlik med Bondepartiet. Forliket bygde på felles misnøye med den økonomiske liberalismen Venstre og Høgre stod for, og som ikkje fekk verken arbeidarar eller bønder ut av krisa.

Regjeringa Nygaardsvold sin politikk, med ein økonomisk aktiv stat, eit meir organisert arbeids- og næringsliv og opprettinga av eit sosialt tryggingsnett, viste seg å vere svært vellykka, særleg på bygdene. Nygaardsvold-regjeringa sikra demokratiet og la i stor grad grunnen til den demokratiske blandings- og forhandlingsøkonomien og velferdsstaten her i landet.

Den språkreforma som kom i 1938, rettskrivinga av 1938, var og eit uttrykk for den demokratiseringa og sosiale utjamninga regjeringa Nygaardsvold stod for, med ei kraftig fornorsking av bokmålet og ei opning av nynorsken for fleire språkdrag i nord- og austnorske målføre. Særleg utanriksminister og målmann Halvdan Koht var sentral i den sosialdemokratiske språkpolitikken på 1930-talet. Riksmålsforbundet mislikte sterkt denne politikken, og samarbeidde jamvel med NS-styret under okkupasjonen for å bli kvitt "det kohtske knot".

Attåt den politikken Nygaardsvold-regjeringa førte, var det og viktig i seg sjølv at ho fekk sitje i fred. Den første arbeidarregjeringa i Noreg, med Christopher Hornsrud som statsminister, fekk berre sitje i to veker i 1928. Johan Nygaardsvold var statsminister i ti år, dei fem siste åra i eksil i London.

Regjeringa vart utnemnd den 20. mars 1935. Regjeringa måtte reisa frå Noreg den 7. juni 1940 etter kapitulasjonen, og kom ikkje attende til landet før nesten to månader etter frigjeringa. London i Storbritannia vart hovudsetet til regjeringa under den andre verdskrigen. Av hovudsetet London kom namnet "Londonregjeringa". I London fekk regjeringa preg av ei samlingsregjering. Andre politiske parti og Heimefronten kom med i regjeringa.

Johan Nygaardsvold og regjeringa kom ikkje attende til Noreg før i slutten av juni 1945. Den 25. juni 1945 utnemnde kong Haakon VII Samlingsregjeringa til Einar Gerhardsen.

[endre] Samansetting av regjeringa

Statsminister
Sjef for Kyrkje- og Undervisingsdepartementet
  • Nils Hjelmtveit, A (20. mars 1935 - 25. juni 1945)
Sjef for Justisdepartementet
Sjef for Utanriksdepartementet
Sjef for Forsvarsdepartementet
Sjef for Sosialdepartementet
  • Kornelius Bergsvik, A (20. mars 1935 - 13. november 1936
  • Oscar Torp, A (13. november 1936 - 1. juli 1939)
  • Sverre Støstad (1. juli 1939 - 25. juni 1945)
Sjef for Departementet for Handel, sjøfart, industri, handverk og fiskeri
  • Alfred Madsen, A (20. mars 1935 - 1. juli 1939)
  • Trygve Lie, A (1. juli 1939 - 2. oktober 1939)
  • Anders Rasmus Frihagen (2. oktober 1939 - 7. juni 1940)
  • Terje Wold, A (7. juni 1940 - april 1942)
  • Anders Frihagen (april 1942 - 1. oktober 1942)
  • Olav Hindahl, A (1. oktober 1942 - 9. mars 1945)
  • Sven Nielsen, H (9. mars 1945 - 25. juni 1945)
Sjef for Skipsfartsdepartementet
Sjef for Finansdepartementet
  • Adolf Indrebø, A (20. mars 1935 - 13. november 1936)
  • Kornelius Bergsvik, A (13. november 1936 - 1. juli 1939)
  • Oscar Torp (1. juli 1936 - 28. november 1941)
  • Paul Hartmann, Heimefronten (28. november 1941 - februar 1942)
  • Oscar Torp (februar 1942 - 20. mars 1942)
  • Paul Hartmann, Heimefronten (20. mars 1942 - 25. juni 1945)
Sjef for Landbruksdepartementet
  • Hans Ystgaard (20. mars 1935 - 25. juni 1945)
Sjef for Forsyningsdepartementet:
  • Trygve Lie, A (2. oktober 1939 - 19. november 1940)
  • Arne T. Sunde (19. november 1940 - 1. oktober 1942)
Sjef for Forsynings- og Gjenreisingsdepartementet
  • Anders Frihagen, A (1. oktober 1942 - 25. juni 1945)
Sjef for Arbeidsdepartementet:
  • Johan Nygaardsvold, A (20. mars 1935 - 2. oktober 1939)
  • Olav Hindahl (2. oktober 1939 - 25. juni 1945)

[endre] Sjå òg

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com