Makroøkonomi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Makroøkonomi er økonomi som omfattar nasjonale og internasjonale økonomiske samanhengar, og tek ofte sikte på å informere om fylgjer av politiske avgjerder. Mikroøkonomi går inn på dei enkelte aktørane, til dømes hushaldningar og bedrifter sine avgjerder i det økonomiske systemet. Tidligare vart desse områda sett på som adskilte einingar, men i nyare tid har samanhengen mellom makroøkonomisk handlingsrom og mikroøkonomisk adferd fått auka merksemd.
I Noreg har makroøkonomi vore eit svært aktivt fagområde med stor merksemd innanfor politikken. Det dannar mellom anna grunnlag for dei årlege nasjonalbudsjetta. Ei rekke norske sosialøkonomar, som Ragnar Frisch, Trygve Haavelmo og Finn E. Kydland, har oppnådd internasjonal merksemd på dette område.
Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over økonomispirer. |