Konsonant
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fonetisk sett er ein konsonant (eller medljod) ein lyd i talespråket som er soleis at luftstrømmen treff på ei eller fleire hindringar på vegen frå lungane til munnen eller nasen. Det vil seie at til dømes t og v er konsonantar, mens a og n ikkje er det.
Fonologisk sett, derimot, er hovudregelen at ein konsonant ikkje er stavingsberande. På det grunnlaget kan ein seie at n på norsk som regel er ein konsonant. Den norske j-en uttalast i mange variantar av norsk akkurat som ein kort i, som er ein vokal. Men likevel reknast han for ein konsonant (eller stundom for ein halvvokal), sidan han ikkje er stavingsberande.