Kilowattime
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kilowattime er ein eining med symbol kWh for å måle energi. Eininga tilsvarar bruken av ein kilowatt (kW) med kraft i ein time. Ettersom watt er ei mengd energi over eit tidsrom (joule per sekund), kan ein gange det med tidsintervallet for å få energimengda (1 J/s × 1 s = 1 J).
Kilowattimen er ein mykje nytta eining for elektrisk energi, ettersom den kan vere enklare å forstå i ein praktisk kontekst enn den eigentlege SI-eininga for energi, joule, som igjen tilsvarar eitt wattsekund (W·s). Joule er ein relativt liten eining som fører til store tal når den vert nytta.
[endre] Multippeltabell
Multipp | Namn | Symbol | Multipp | Namn | Symbol | |
---|---|---|---|---|---|---|
100 | wattime | Wh | ||||
103 | kilowattime | kWh | 10–3 | milliwattime | mWh | |
106 | megawattime | MWh | 10–6 | mikrowattime | µWh | |
109 | gigawattime | GWh | 10–9 | nanowattime | nWh | |
1012 | terawattime | TWh | 10–12 | picowattime | pWh | |
1015 | petawattime | PWh | 10–15 | femtowattime | fWh | |
1018 | exawattime | EWh | 10–18 | attowattime | aWh | |
1021 | zettawattime | ZWh | 10–21 | zeptowattime | zWh | |
1024 | yottawattime | YWh | 10–24 | yoctowattime | yWh |
[endre] Samanlikningar
- 1 kW·h = 3,600,000 J
- 1 W·h = 3,600 J
- 1 W·s = 1 J
- 1 W = 1 J/s
Ei 60 watts lyspære nyttar 60 watt med kraft. Dette er det samme som 60 J per sekund eller 216 000 J per time eller 60 W·s per sekund eller 60 W·h per time.
Forholdet mellom kraft (P), energi (E) og tid (t) er gitt ved formelen:
- E = P · t
Dersom vi nyttar SI-einingar:
- P vert målt i watt
- t vert målt i sekund
- E vert målt i joule
Dersom vi reknar på elektrisitetsforbruk:
- P vert målt i kilowatt
- t vert målt i timar
- E vert målt i kilowatttimar
[endre] Bruk i elektrisitetsnæringa
Kilowattimen vert mykje nytta for å fakturere bruk av elektrisitet, sjølv om mange går over til å bruke megajoule (MJ) i staden. På grunn av dette er kilowattimemeter (elektrisitetsmålar) installert i mesteparten av bygningane i verda med straum.
I land der ein nyttar naturgass, hender det at ein konverterer kaloriane (energimengda) til gassen til kilowattimar.
I Noreg vert straumprisar vanlegvis oppgitt i øre per kilowattime.