Abugida
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein abugida er eit skrivesystem bygd opp av teikn som står for ein konsonant med ein innebygd vokallyd. Ein abugida kan til dømes ha ein "ka" i staden for k. Desse teikna kan så omformast til å ha andre vokalar eller til ikkje å ha vokalar ved hjelp av diakritiske teikn.
Namnet abugida er på same måte som alfabet avleia av dei første teikna i eit skriftsystem, i dette tilfellet geez-skrift.
[endre] Døme på abugidasysstem
- Devanagari brukt til å skriva mellom anna hindi, marathi, nepali og sanskrit
- Gurmukhi, brukt til å skriva panjabi
- Fidel, brukt til å skriva m.a. geez, amharisk og tigrinya.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |