Vina
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vina (tamil வீணை vīṇai) er eit sør-indisk klimpreinstrument med fire spelestrenger av massing og tre resonansstrenger. Gripebrettet har 24 metalltverrband som er festa til sjølve gripebrettet med voks. Vinaen har vanlegvis to resonanskassar — hovudresonanskassen er av tre med halvkuleform, og ein resonanskalebass finst ved overgangen mellom halsen og hovudet på vinaen. Vinaen blir halden vassrett på fanget av den som spelar. Dette instrumentet blir særleg bruka i karnatisk musikk.
[endre] Namnet vina
Instrumentet blir òg stundom kalla sarasvati vina av to grunnar. Den første er at det er svært nært forbunde med Sarasvati, gudinna for mellom anna musikk. Den andre grunnen er at vina tidlegare var eit omgrep som dekka alle karnatiske strengeinstrument, og sarasvati blei brukt for å skilja dette instrumentet frå dei andre.
Heltinna i ei av bøkene til Salman Rushdie, The Ground Beneath her Feet, tek artistnamnet Vina Apsara.
[endre] Vidkjende vinaspelarar
- Emani Sankara Shastri
- S. Balachander
- Doraiswamy Iyengar
- Chittibabu
- R. Vishweshwaran
- E. Gayathri
[endre] Eksterne lenkjer
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |