Stavingsutlyd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stavingsutlyd eller koda er den siste delen av ei staving, den delen som kjem etter stavingskjerna. Stavingsutlyd og stavingskjerne i lag dannar stavingsrimet.
Ei staving som har koda blir kalla for ei lukka staving, mens ei staving som ikkje har det er ei open staving. Ordet ma.te har to opne stavingar, mens ordet mak.te har ei lukka og ei open (stavingsgrensa vart markert med punktum).
[endre] Reglar
Nokre språk er bygde opp slik at dei bare kan ha få eller enkle stavingsutlydar. I japansk er til dømes desse lydane tekne frå ei lita gruppe konsonantar som må stå åleine i slutten av ei staving. Andre språk, som norsk og engelsk, kan ha mange ulike konsonantar og samansetjingar sist i stavingar.
Når japansk tek inn lånord frå engelsk, kan desse ulike språklydreglane skapa problem. Desse kan løysast ved å leggja til ei staving, slik som i «biiru» (øl), frå engelsk «beer», der det er lagt til ei ekstra open staving for å unngå stavingsutlyden /r/.
[endre] Døme
Stavingsutlydar | Ingen | Ein | To | Tre | Fire |
I ord | ku | kul | kult | cults | sixths |
Lydskrift | /kʉ:/ | /kʉ:l/ | /kʉlt/ | /kɜlts/ | /siksθs/ |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |