Spanskesjuka
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spanskesjuka er namnet på den mest kjende pandemien som nokon gong har hatt utbrot blant menneske. Han var ein influensaepidemi som herja over heile verda i åra 1918–19.
Namnet "spanskesjuka" kjem av at sjukdommen vart særleg omtala i verdspressa etter at amerikanske soldatar overførte viruset til Spania, og ikkje fordi Spania vart hardare råka enn andre land. Han vart òg kalla svineinfluensa.
Den alvorlege forma av sjukdomen braut ut rundt august 1918, nesten samstundes (med berre nokre dagars eller vekers skilnad) i alle verdsdelar. Om lag 1/5 av dei som vart smitta, fekk berre milde symptom. Resten vart svært sjuke. Somme døydde i løpet av få timar, andre etter nokre få dagar. Totalt reknar ein med at spanskesjuka tok livet av meir enn 40 millionar menneske, kanskje 100 millionar, i heile verda. Dette gjer henne til det hittil verste influensautbrotet i historia.
Spanskesjuka gjekk verst ut over vaksne i alderen 20 til 40 år. Dette var eitt av mange uvanlege særtrekk ved denne influensaen. Over 80% av amerikanske soldatar som døydde under den første verdskrigen, strauk med av influensa, og ikkje i kamp.
[endre] Forvitnelege fakta
[endre] Eksperimentet på Deer Island
Spanskesjuka herja hardt i Sambandsstatane. I ein freistnad på å utvikla ein vaksine, utførte amerikanske styresmakter medisinske eksperiment på friviljuge i eit militærfengsel på Deer Island i Boston Harbor. Fangane vart lovde fridom dersom dei overlevde dei ekstreme testane.
Først vart fangane injiserte med vev tatt frå dei som hadde døydd av spanskesjuka. Deretter vart dei spraya i augo, nasen og munnen med smittestoff. Viss dei likevel ikkje vart sjuke, fekk dei svelget innsmurd med ekskret frå dei sjuke og døyande. Dei som trass dette framleis var oppegåande, måtte sitja med open munn medan ein alvorleg sjuk pasient vart støtta opp og tvungen til å hosta dei i andletet.
Utruleg nok var det 300 menn som melde seg friviljug til dette eksperimentet. Lækjarane valde ut 62 av desse til å gjennomgå testane. Ingen av deltakarane vart sjuke – ikkje éin. Den einaste i fengselet som vart smitta med influensaen, var fengselslækjaren, som raskt døydde. Forklaringa på dette er truleg at viruset hadde herja i fengselet eit par veker tidlegare, og alle deltakarane i eksperimentet var fangar som hadde overlevd utbrotet og var naturleg immune.
Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over medisinspirer. |