Solstråling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solstråling er strålingsenergi emittert frå sola, og då særleg elektromagnetisk energi. Omlag halvparten av strålinga er i det synlege kortbølgja området av det elektromagnetiske spekteret. Den andre halvdelen er for det meste i det nær-infraraude området, men det er òg ein mindre del i det ultafiolette området av spekteret. Den delen av den ultrafiolette strålinga som ikkje blir absorbert av atmosfæren kan føre til at menneske blir solbrent og får brunare hud ved å opphalde seg i sola.
Solstråling blir vanlegvis målt med eit pyranometer eller eit pyrheilometer.
Innhaldsliste |
[endre] Solarkonstanten
Solarkonstanten er mengda av solinnstråling per areal målt ved yttergrensa av jordatmosfæren i eit plan normalt på solstrålene. Solarkonstanten innheld alle typar solstråling og ikkje berre det synlege lyset. Den er målt av satellittar til å vere omlag 1366 watt per kvadratmeter (sjølv om den varierar med eit par tusendelar frå dag til dag). Så for heile Jorda, med eit tverssnittareal på 127 400 000 km² er krafta frå sola 1,740×1017 W.
Solarkonstanten er relativt konstant, men varierar i samband med solflekkaktivitet. Det påverkar for det meste klimaet på lang sikt, og har ikkje så mykje å seie for det daglege vêret. Den totale mengda stråling som Jorda tek i mot er avhengig av tversnittet (π R2), men sidan jorda roterer vert denne energien fordelt over heile overflatearealet (4 π R2). Dermed blir den midla innkommande solstrålinga (kjend som «solinnstråling») ein fjerdedel av solarkonstanten eller omlag 342 W/m². Solstrålinga som ein stad på Jorda får er derimot avhengig av tilstanden til atmosfæren og kva breiddegrad ein finn seg på.
Solarkonsten er derimot ikkje konstant over lange tidsperiodar, sjå solvariasjon
[endre] Solstrålinga sin effekt på klimavariasjonar
På Jorda merkar ein solstrålinga som dagslys når sola er over horisonten. Når den direkte solstrålinga ikkje er blokkert av skyer, opplever vi det som solskin, ein kombinasjon av skarpt gult lys og varme. Varmen på kroppen og andre lekamar kjem både av solstrålinga og auken i lufttemperaturen.
Mengda av stråling som ein planet mottar varierar med rota av avstanden mellom sola og planeten. Jorda sin bane rundt sola og hellingsvinkelen endrar seg med tida. Av og til er banen nesten ein perfekt sirkel, og andre gonger har den ein ekksentrisitet på 5 %. Den totale solinnstrålinga er nesten konstant, men årstidsvariasjonen, fordelinga med breiddegraden og intensiteten av solstrålinga ved overflata vil variere. (sjå graf over solinnstrålinga dei siste 600 000 år). Til dømes kan endringa i solenergien på 65 grader breidde om sommaren og vinteren variere med meir enn 25 % som følgje av slike variasjonar. Fordi sommaren og vinteren har ein tendens til å oppheve kvarandre, vil endringa i den årlege solinnstrålinga ofte vere nær null, men omfordelinga av energi mellom sommer og vinter kan føre til store skilnadar mellom årstidene. Slik endringar er antakelegvis mykje av årsaka til at istider oppstår (sjå Milankotvitch teori)
[endre] Referansar
[endre] Sjå òg
- Soloppvarming
- Solnøytronproblemet
- Solvariasjon
- Solvind