Rundemanen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rundemanen eller Rundemannen (568 moh) er eit av dei sju fjella kring Bergen. Toppen er ein del av det same fjellmassivet som Ulriken og Fløyfjellet og er ikkje lett synleg frå Bergen sentrum, og blir av somme ikkje rekna blant dei sju fjella – til fordel for Askøyfjellet på Askøy.
På Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur er Rundemanen det nest siste fjellet ein går over. Då har ein gått over Lyderhorn, Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken og Fløyfjellet, og etter Rundemanen står Sandviksfjellet for tur.
I 1912 vart kystradiostasjonen Bergen Radio etablert på Rundemanen.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |