Rokade
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kort rokade: O-O |
Lang rokade: O-O-O |
Rokade er eit spesialtrekk i sjakk. Spelaren flytter to brikker i eitt trekk, kongen og eitt av tårna. Rokering skjer ved å flytte tårnet inntil kongen, og deretter flytte kongen over på andre sida av tårnet. Sjå diagramma til høgre.
Rokade er berre lov dersom desse vilkåra er oppfylt:
- Spelaren har ikkje flytta kongen tidlegare i partiet.
- Spelaren har ikkje flytta tårnet som vert brukt i rokaden.
- Det står ingen brikker mellom kongen og tårnet.
- Kongen står ikkje i sjakk, feltet kongen passerer må ikkje vera angripe av motstandaren sine brikker, og sjølve rokaden må ikkje setje eigen konge i sjakk.
Rokaden er eit viktig trekk i opningsfasen av eit sjakkparti. Ein oppnår to fordelar: Kongen vert flytt til ein sikrare posisjon, og tårnet får ein mer aktiv posisjon på midten av brettet. Rokade skal utførast ved først å ta opp kongen og flytte den to felt, og deretter flytte tårnet over kongen.