Robin Warren
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
J. Robin Warren (f. 11. juni 1937) er ein australsk lege og forskar som er godskriven for oppdaginga av bakterien Helicobacter pylori i 1979.
Warren blei fødd i Adelaide i South Australia. Her tok han legeutdanning, fullført i 1961, og trente til å bli patolog ved Royal Melbourne Hospital. I 1967 blei han teken opp i Royal College of Pathologists of Australasia, og har sidan den tid vore tilsett som patolog ved Royal Perth Hospital i Western Australia.
Saman med kollegaen Barry Marshall viste Warren at bakterien er årsaka til magesår. Han hjelpte deretter til med å utvikla ein enkel diagnostisk test for å påvisa bakterien i magesårpasientar. I 2005 blei Warren og Marshall tildelt Nobelprisen i medisin.
[endre] Prisar og utmerkingar
- 1994: Warren Alpert Prize (saman med B.J. Marshall)
- 1995: Australian Medical Association (WA Branch) Medical award (saman med B.J. Marshall)
- 1995: Distinguished Fellows Award, Royal College of Pathologists of Australasia
- 1996: Opningsprisen ved The First Western Pacific Helicobacter Congress
- 1996: Medaljen til Hiroshima-universitetet
- 1996: Distinguished Alumni Award, University of Adelaide
- 1997: Paul Ehrlich Prize (saman med B.J. Marshall)
- 1997: M.D.h.c., University of Western Australia
- 1998: Howard Florey Centenary Medal