Riksveg 7
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksveg 7 (RV7) går frå Oslo gjennom Hallingdalen, over Hardangervidda og langsetter nordsida av Hardangerfjorden til Bergen.
Frå Oslo til Sandvika følgjer han E18, frå Sandvika til Hønefoss følgjer han E16. Av større bygder han går gjennom kan nemnast Nesbyen, Gol, Ål, Geilo, Eidfjord, Ålvik, Øystese, Norheimsund, Indre Arna, Espeland og Nesttun. Over Hardangervidda og langs Hardangerfjorden er RV7 ein nasjonal turistveg og vert kalla Turistveg Hardanger.
Det høgste punktet, 1250 moh., ligg ved Skiftesjøen.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |