Republikken Gulating
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republikken Gulating, med referanse til det historiske Gulatinget, vart som eit stunt proklamert som ein sjølvstendig stat 4. juni 2005, på Kystfestivalen 61° Nord i Eivindvik. Samstundes vart også Øyvind Heitmann utnemd til «pride minister» av lokalhistorikaren Magnor Midttun. Heitmann er drivkrafta bak Republikken Gulating.
Den fiktive republikken skulle vere eit område vest og sør i Kongeriket Noreg. Området omfatta fylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, og regionane Sunnmøre, Valdres og Hallingdal.