Regjeringa Borten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bortenregjeringa var den første regjeringa som braut med Arbeidarpartiet sitt einevelde etter den andre verdskrigen. Regjeringa vart oppkalla etter statsministeren, Per Borten frå Senterpartiet.
Borten måtte gå av som statsminister etter skuldingar om at han skulle ha gjeve rørsla mot medlemskap i EEC tilgong til dokument som skulle vore løynde. Dette felte regjeringa. Seinare er det gjort kjend at Borten var uskuldig.
I eit intervju med Dagbladet kom Per Borten sjølv med den her kommentaren om å leie ei regjering med so mange og ulike parti: "Det har vore som å bere staur".
Partia Senterpartiet (Sp), Høgre, Kristeleg Folkeparti (KrF) og Venstre (V) samarbeidde om å danna regjering.
[endre] Ministrar og statsrådar
- Statsminister: Per Borten, Sp, 12. oktober 1965 til 17. mars 1971
- Utanriksminister: John Lyng, H 12. oktober 1965 til 22. mai 1970
- Utanriksminister: Svenn Stray, H 22. mai 1970 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Landbruksdepartementet: Bjarne Lyngstad, V. 12. oktober 1965 til 21. august 1970
- Statsråd med ansvar for Landbruksdepartementet: Hallvard Eika, V. 21. august 1970 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Handels- og skipsfartspartementet: Kåre Willoch, H. 12. oktober 1965 til 5. juni 1970
- Statsråd med ansvar for Handels- og skipsfartspartementet: Otto Grieg Tiedemand, H 5. juni 1970 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Justisdepartementet: Elisabeth Schweigaard Selmer, H. 12. oktober 1965 til 3. oktober 1970
- Statsråd med ansvar for Justisdepartementet: Egil Endresen, H. 3. oktober 1970 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Kyrkje- og undervisingsdepartementet: Kjell Bondevik, KrF 18. 12. oktober 1965 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Kommunal- og arbeidsdepartementet: Helge Seip, V. 12. oktober 1965 til 29. august 1970
- Statsråd med ansvar for Kommunal- og arbeidsdepartementet: Helge Rognlien, V. 29. august 1970 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Industridepartementet: Sverre Walter Rostoft, H. 12. oktober 1965 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Samferdsledepartementet: Håkon Kyllingmark, H. 12. oktober 1965 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Departementet for familie- og forbrukarsaker: Elsa Skjerven, KrF. 12. oktober 1965 til 17. mars 1971.
- Statsråd med ansvar for Sosialdepartementet: Egil Aarvik, KrF. 12. oktober 1965 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Fiskeridepartementet: Oddmund Myklebust, Sp. 12. oktober 1965 til 8. november 1968
- Statsråd med ansvar for Fiskeridepartementet: Einar Hole Moxnes, Sp. 8. november 1968 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Finansdepartementet: Ole Myrvoll, V. 12. oktober 1965 til 17. mars 1971
- Statsråd med ansvar for Forsvarsdepartementet: Otto Grieg Tiedemand, H. 12. oktober 1965 til 5. juni 1970
- Statsråd med ansvar for Forsvarsdepartementet: Gunnar Hellesen, H. 5. juni 1970 til 17. mars 1971