Puyo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puyo er hovudstaden i Pastazaprovinsen i Ecuador. Han er òg den viktigste byen i provinsen. Byen ligg ved Puyoelva, ei sideelv til Pastazaelva som igjen endar i Amazonaselva.
Puyo blei grunnlagt i 1899. Han er bunden saman med byane Baños, Tena og Macas med veg. Dei to sistnemnte byane ligg i ytterkanten av regnskogen i Amazonas.