Prøvingsrett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prøvingsretten er den dømande makta sin rett til å prøva vedtak frå den lovgjevande makta opp mot konstitusjonen og grunnlova. Denne retten er ein del av vektene og motvektene mellom styremakter med maktfordeling seg imellom. Denne retten har sitt opphav i Sambandsstatane og deira presidentielle system, men skipnaden er teken etter ogso i parlamentariske land. Soleis i Noreg, der ein kan prøva den konstitusjonelle gildskapen av vedtak i Stortinget for Høgsterett.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |