Orinoco
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orinoco er ei 2 140 kilometer lang flod i Venezuela og er ei av dei lengste floder i Sør-Amerika. Kjelda ligg i sørlege delen av Venezuela nær grensa til Brasil. Floda renn først mot nordvest og held fram i ein boge rundt Cordillera de Maigualida og Sierra de Guampi, først mot nord og så mot nordaust før ho munnar ut i Atlanterhavet.
Ved utmunninga forgreinar floda seg til hundrevis av elver og kanalar gjennom Delta del Orinoco, eit myrlendt og skogkledd område på 41 000 km², lik arealet av begge trøndelagsfylka til saman. I regntida kan Orinoco svelle ut til ein breidde på 22 kilometer og ei djupne på 100 meter. Orinoco drenerer eit stort areal, dei mest viktige elver i Venezuela er sideelver til floda, den største er Caroní som sluttar seg til Orinoco ved Puerto Ordaz, ikkje langt frå Lloviznafossen. Floda er navigerbar med skip 435 kilometer opp til Ciudad Bolívar.
Ein kuriositet knytt til elvesystemet Orinoco er Casiquiarekanalen som startar som ein arm til Orinoco, men finn veg til Rio Negro, ei sideelv til Amazonaselva, og såleis formar ein naturleg kanal mellom Orinoco og Amazonaselva. Amazonasdelfinen lever også i elvesystemet Orinoco.
[endre] Annan informasjon relatert til Orinoco
Den irske artisten Enya hadde ein hit med Orinoco Flow (Sail Away).
Regionen inneheld store førekomstar av tjæresand som kan verte kjelde for petroleumsutvinning i framtida.
Ein av verdas største symjetevlingar går føre seg årleg på søndagen nærast 19. april på Orinoco og Caroníelva. Kring 900 konkurrentar deltek då på Paso a Nado Internacional de los Rios Orinoco-Caroní som byane Ciudad Guayana og Alcaldia Mayor de Caroní arrangerer.
[endre] Kjelde
[endre] Referanse
- Stark, James H. 1897. Stark's Guide-Book and History of Trinidad including Tobago, Granada, and St. Vincent; also a trip up the Orinoco and a description of the great Venezuelan Pitch Lake. Boston, James H. Stark, publisher; London, Sampson Low, Marston & Company.