Norsk misjon og afrikanske samfunn, Sør-Afrika 1850-1900
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk misjon og afrikanske samfunn, Sør-Afrika 1850–1900 er første del av den norske versjonen av sluttpublikasjonen frå forskingsprosjektet Norsk misjon og afrikanske samfunn, Sør-Afrika 1850-1900, som vart utført ved Historisk institutt ved Universitetet i Trondheim. Boka inneheld artiklar av Jarle Simensen, Vidar Gynnild, Per Hærnes, Endre Sønstabø og Thomas Børhaug.
Den raude tråden i boka er Det Norske Misjonsselskap, og særleg H.P.S. Schreuder si verksemd i Zululand i tida frå 1845 og fram til den britiske okkupasjonen i det siste tiåret før århundreskiftet.