Molde
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1502 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Molde |
Flatevidd: | 362,0 km² |
Folketal: | 24 146 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.molde.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Jan Petter Hammerø (Høgre) 2003 |
Molde er ein bykommune i Romsdal i Møre og Romsdal, 362 km², 23 975 innb. (oktober 2002). Kommunen ligg på nordsida av Romsdalsfjorden og strekkjer seg austover i den tidlegare Bolsøy kommune kring Fannefjorden, omfattar halvøya mellom henne og Langfjorden, og dessutan øyane Sekken (18,45 km²), Veøy (1,1 km²) og Bolsøy (4,9 km²).
Molde har eit berømt utsyn mot det såkalla Moldepanoramaet som tel 222 tindar. Molde vart ladestad i 1614 og kjøpstad i 1742. Bykjernen vart hardt skadd ved bybrannen den 21. og 22. januar 1916, og seinare ved tysk bombing i april 1940 (285 bygningar totalskadd). Vart attreist med store forretningsgårdar langs breie gater.
Byen er Romsdals sentrum og fylket Møre og Romsdals administrasjonsby; bispesete frå 18. september 1983.
Industrien omfattar m.a. Oskar Sylte Mineralvannfabrikk (kjend for en god ananasbrus), skipsverft og annan verkstadindustri, samt ein stor lysarmaturfabrikk (Glamox). Her ligg òg ein høgskole (tidlegare ei avdeling av distriktshøgskulen i fylket), stort sjukehus, flott fotballstadion, Romsdalsmuseet og den gamle storgarden Moldegård, amtmannsbolig frå 1704, modell for Ibsens "Rosmersholm". Molde blir vitja av mange turistar, og mest hektisk er det under jazzfestivalen midt i juli.
[Høgskolen i Molde] ligg like vest for Molde sentrum og tilbyr bachelor- og mastergradsstudier innen fagområdene, økonomi, informatikk, samfunnsfag, helse- og sosialfag. I tillegg tilbyr Høgskolen i Molde doktorgradsutdanning i logistikk.
I Molde ligg òg republikken [[Makedonia sitt generalkonsulat i Noreg.
1890-åras idyll med småe hus og store, bugnande hagar, gav Molde tilnamnet "Rosenes by".
Molde er òg kjend for fotballaget sitt, Molde Fotballklubb, som i mange år har hevda seg helt i toppen (med Champions League-spel i 1999 som høgdepunkt).
Molde lufthamn ligg på Årø austom byen. Byen er hamn for hurtigruteanløp.
[endre] Venskapsbyar
[endre] Kjende folk frå Molde kommune
- Nini Roll Anker (1873–1942), forfattar
- Kjell Magne Bondevik (f. 1947), politikar
- Grete Kleppen, forfattar
- Leif J. Lunder (1906–89), politikar og mjølkeforkjempar
- Endre Ruset (f. 1981), diktar
- Kjell Inge Røkke (f. 1958), finansmann
- Knut Ødegård (f. 1945), diktar
- Birger Hatlebakk (1912–1997), stiftar av Glamox og Moxy.
[endre] Bakgrunnsstoff
|