Magnus Lagabøtes landslov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Lagabøters landslov er ei nemning på ei samling lover som vart vedtekne på tinga rundt om kring i Noreg frå 1274 til 1276. Tidlegare hadde det vore landsdelslover, som gjaldt for dei ulike tinglaga. Landslova vidareførte rettspraksisen frå mellom anna Gulatingslova. Kong Magnus VI av Noreg fekk tilnamnet Magnus Lagabøter av di han syrgde for at landet fekk ei landslov. I same tidsrom var det vedteke ei eiga bylov, Magnus Lagabøters bylov, som gjaldt for byar. I Europa er det berre Island som har hatt ei landslov like lenge. Til dømes Danmark fekk fyrst ei landslov med Kristian den femtes danske lov av 1683. Kristian den fjerdes norske lov av 1604 var i hovudsak ei omsetjing til dansk språk av Magnus Lagabøters landslov.
[endre] Lenkjer ut
- Magnus Lagabøters landslov Nasjonalbiblioteket
- Magnus Lagabøtes landslov Justervesenet
- Magnus Lagabøters landslov tilbake til Noreg? Artikkel av Magnus Rindal i Aftenposten
- Hardenbergs Codex Handskrift med mellom anna Kong Magnus lagabøters norske landslov
Denne rettsvitskaplege artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over rettsvitskapsspirer. |