Magazinet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magazinet er ei avis som kjem ut ut tre gonger for veka. Hovudkontoret er i Oslo og redaktør i 2006 er Vebjørn Selbekk. Avisa har ein kristen-konservativ profil. Avisa har tilknytting til krinsen kring rørsla Levende Ord. Ei systeravis med same namn kom ut i Sverige i 1980- og 1990-åra, knytt til rørsla Livets Ord. Avisa si ideologiske målsetting er “å påvirke samfunnet ut fra et vekkelseskristent ståsted”.
[endre] Muhammed-karikaturar
Magazinet vart særleg kjend etter at avisa den 9. januar 2006 sette på prent 12 karikaturteikningar av islam sin profet Muhammed. Teikningane vart først gjort offentlege av avisa Jyllands-Posten i Danmark. Mange muslimar kjende seg krenka, og publiseringa førde til stor spenning mellom Noreg og muslimske leiarar, militante islamistar mellom anna i Midt-Austen, Iran, Afghanistan og Indonesia. Redaktøren mottok anonyme drapstrugsmål, det vart internasjonale protestar og demonstrasjonar, handelsboikott, nedbrenning av den norske ambassaden i Damaskus i Syria og åtak på dei norske styrkane i Afghanistan.