Mackinacbrua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mackinacbrua (engelsk: Mackinac Bridge, uttala [ˈmækɪˌnɔː]) er ei hengebru i Michigan i USA. Ho går over Mackinacsundet, og forbinder dei to halvøyane i Michigan. Brua vert ofte kalla «Mighty Mac» eller «Big Mac».
Planane om å byggje ei bru over sundet kom allereie på 1880-talet, men Mackinacbrua sto ikkje ferdig før i 1957. Ho var då ei av verdas lengste hengebruer, og er på heile 2626 meter.
Sjefsingeniør for konstruksjonen var David B. Steinman, og selskapet American Bridge Company stod bak. Fem arbeidarar døydde da ein bygde brua.