Lofotposten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lofotposten er ei dagsavis som kjem ut i Svolvær. Avisa har ein redaksjon på Leknes og dekkjer i dag i hovudsak Lofoten. Avisa hadde i 2004 eit opplag på 7871. Jan Eivind Fredly er redaktør for avisa.
Avisa vart grunnlagt i 1896 av Joh. E. Paulsen og overtatt av a-pressa i 1995. Avisa fekk innsett ein NS-redaktør under krigen og kom ut gjennom heile krigstida. Avisa hadde stordomstida si på 50-talet med eit opplag på over 50 000 og dekte heile Nord-Noreg. Avisa spreidde seg over heile landsdelen mellom anna fordi fiskarane som var på Lofotfiske hadde med seg avisa heim. I nyare tid har avisa fått konkurranse i heimemarknaden sin frå Lofot Tidende på Leknes og har tapt marknadsdelar i Vesterålen til Bladet Vesterålen og Vesterålens Avis.
[endre] Ekstern lenkje
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |