Katie Melua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ketevan «Katie» Melua (georgisk ქეთი მელუა) (f. 16. september 1984) er ein georgisk songar og musikar. Sidan ho var 9 år har ho budd i Nord-Irland og seinare England.
Det første albumet hennar, Call Off the Search, vart lansert i november 2003, og det andre, Piece by Piece, kom ut i september 2005. Begge vart svært godt mottekne.
[endre] Tidlig liv
Ketevan Melua vart fødd i Kutaisi, Georgia i 1984 og budde som unge i byen Batumi i Ajaria der far hennar arbeidde som hjertespesialist. I 1993 flytta familia til Belfast i Nord-Irland, der faren fekk ei stilling ved det velsedde sjukehuset Royal Victoria Hospital, og Ketevan gjekk på St. Catherine's Primary School og katolske Dominican College i Fortwilliam.
Familia flytta til det sørvestlige London i 1998. Som femtenåring vann Melua ein talentkonkurranse i den britiske fjernsynskanalen ITV med å synge Badfinger-songen «Without You». Ho studerte seinare utøvande kunst på BRIT School i Croydon, der ho fekk A-karakterar i musikk. Melua tok til å skrive songar i 2001 medan ho framleis gjekk på gymnaset. Her vart ho oppdaga av produsenten og låtskrivaren Mike Batt.
[endre] Diskografi
- Call Off the Search (2003)
- Piece by Piece (2005)