Diskusjon:Jiddisch språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skal denne sida heite jiddisch språk, eller er det nok med berre jiddisch? Slik som hindi og urdu er vel jiddisch berre namnet på eit språk og ikkje noko meir, derfor kunne me kanskje ha det under den enklaste tittelen. -- Ranveig 4. jan 2005 kl. 20:33 (UTC)
Det er greitt for meg, ja. Da blir omdirigeringa unødvendig og. Men han Olve har kanskje ein god grunn for å ha slik presisert overskrift? (For det er vel du som har skrive denne artikkelen, Olve?). Mens vi held på med dette, korfor forma jiddisch, og ikkje yid(d)ish? Eller ei fornorska form som jiddisk? Er forma jiddisch truleg mest utbreidd/kjend i Noreg, meiner de? --Erling 4. jan 2005 kl. 20:53 (UTC)
Jiddisch og jiddisk er dei to «lovlege» skrivemåtane på norsk.[1] På jiddisch heiter det ייִדיש — som kan transkriberast som yid(d)ish, jid(d)ish, jid(d)isch, yid(d)iš eller jid(d)iš. Jiddisch er ikkje berre namnet på eit språk — det er og namnet på ein musikktype, ein litteratur og ein kultur. Slik sett skil det seg noko ut frå hindi og urdu — men mindre ut frå hindustani. Når det gjeld valet mellom formene jiddisch og jiddisk, så er mitt syn at ein i slike fall bør leggje vekt på kva norske brukarar av språket kallar det. Ut frå dette er det best å bruke forma jiddisch. -- Olve 5. jan 2005 kl. 02:16 (UTC)
Grei forklaring og god ordning med fleirtydingsoppslaget på "Jiddisch". --Erling 5. jan 2005 kl. 13:02 (UTC)