Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions JHVH - Wikipedia

JHVH

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

JHVH (hebraisk: יהוה), Guds eig namn slik det vert openbara i den hebraiske grunnteksten til Bibelen. På moderne norsk svarar namnet til Jahve eller Jehova.

Dei originale hebraiske konsonantane YHWH (JHVH) kallast ofte tetragrammet («fire teikn») eller Namnet (fordi det er det mest heilage av dei sju namna på Gud i jødedommen. I jødedommen er det absolutt forbod mot å uttale dette namnet utanom i templet i Jerusalem — og til og med i templet seier tradisjonen at namnet berre skal seies ein gong om året, av øvstepresten — på jom kippur (forsoningsdagen). Sidan templet fell i år 70 e.Kr. blei den opphavlege uttaletradisjonen avbrote. Minoriteten samaritanarar, som på lik linje med jødane stammer frå dei gamle israelittane, har og stor respekt for namnet, men ikkje forbod mot å uttala det. Då vokalteikn vart lagt til den gammalhebraiske bibelteksten av masoretane mange hundre år seinare (rundt 800- og 900-talet), var kunnskapen om rett uttale av namnet gått tapt.

Dei opphavlege hebraiske konsonantane i tetragrammet svarar eigentleg til YHWH, men uttalen av dei hebraiske bokstavane Y og W på latin (og på moderne europeiske språk) svarar til J og V – av dette JHVH på norsk.

Innhaldsliste

[endre] Forskjellig uttale av namnet

Jahu/Yahu: Uttalen Yāhū er sannsynleggjort gjennom uttala av samansette personnamn som Ēliyyāhū (Elia) og Zəkharyāhū (Sakarja). Mange av desse namna finst i to utgåver — til dømes Ēliyyāhū ~ Ēliyyā (Elia); Zəkharyāhū ~ Zəkharyā (Sakarja); Yirməyāhū ~ Yirməyā (Jeremia). Det eksisterer manuskripter som viser at arameisk-språklege jødar som levde i Nildeltaet i det 4. hundreåret f.Kr. uttalte tetragrammet «IAHU» eller «IAHO». -Elephantine Papyrii, The Interpreters Dictionary of the Bible.

Jahuah/Yahwah: Jāhūah eller Yahwah (med kamés under jod, kubús etter vav og patah-mappik under den siste hé) er, som Jahu, sannsynleggjort av uttala i namn som Ēlijjāhū og Zəkharjāhū. Vokalen a er berre ein glidelyd føre utlyden guttural. I framlyd får ein formen Jəhō-, noe som og peikar mot formen Jāhūah, ettersom kamés (lang a) naturleg blir forkorta og redusert til ə ved meir enn ein staving frå hovudtrykket. Senkinga av u til o direkte føre guttural (ettersom glidelyden a berre kjem føre guttural i utlyd) stemmer og med tendensen i hebraisk fonologi. Denne uttala er og i samsvar med dialektisk uttale Jāhū (med bortfall av konsonant i utlyd før glidelyden a oppstod) og den samaritanske formen Jawe med bortfall av den gutturale h og typisk samaritansk forenkling av trippelvokalen aua til awa eller awe &mdass; jamfør samaritansk Eluwem ( < Eluim < Elohim).

Adonai/Adonay: I klassisk rabbanittisk og karaittisk jødedom lesar ein ordet som «Adonai» (hebraisk אֲדוֹנָי Ădōnāj — ‘min Herre’) dei fleste stadene der konsonantteksten har JHVH. Det er på denne bakgrunn dei fleste bibelomsetjingane gjengir JHVH med «Herren» (eller, meir sjeldant: «Gud»). Som ein påminning om denne lesemåten sette masoretene inn hebraiske vokalteikn for Adonai saman med konsonantteikna JHVH. Forma Adonai er og brukt i det norske minoritetsspråket rommani.

Sjema: Uttala Sjema (arameisk שמא šəmā) tyder rett og slett ‘Namnet’. Denne uttala er særleg utbreidt i samaritansk religion.

Hasjém: Uttalen Hasjém (hebraisk הַשֵּׁם haššēm) tyder, som Sjema, ‘Namnet’. Denne formen blir gjerne brukt i ikkje-liturgisk samanheng av askenasiske-ortodokse jødar.

Jehova/Jehovah: Formen Jehova er brukt i kvart fall frå 1270 e.Kr. (i "Pugio fidei" av Raymund Martin) og gjennom religiøs litteratur i heile middelalderen. Kristne renessansehumanistar på 1500-tallet gikk ut frå at vokalteikna under JHVH faktisk høyrde til sjølve namnet. Denne misoppfatninga var opphavet til at hybriduttalen «Jehova» (Jəhōwā) ble så utbreidt. Formen Jehova blei mykje brukt i eldre kristen litteratur, inkludert bibelomsetjingar. Jehovas vitne har sitt namn frå denne forma.

Jahve/Yahweh: Jahve (jahwœ̄) er ein vanleg lesemåte blant forskarar, særleg blant teologar og religionsvitarar av ikkje-jødisk bakgrunn. Forma er bygd først og fremst på den samaritanske uttalen Yáwe, ei form som og kan forklarast som ein dialektisk variant av Jāhūah — jamfør samaritansk Elúwem for Elohim. I seg sjølv er forma Jahve problematisk i bibelsk hebraisk, i og med at ho ikkje følgjer dei vanlege prinsippa for hebraisk fonologi. Det er til dømes svært uvanleg å ha ein uttalt h med sjevá naḥ i innlyd. Det er og dårleg samsvar mellom denne forma og dei utleda namneformer på Jeho- og -jahu.

Jihve: I nyare karaisme blir av og til uttalen Jihəve brukt.

[endre] Tyding av namnet

I Den hebraiske bibel (Tanákh i den jødiske tradisjon, Det gamle testamentet i den kristne), finst namnet JHVH første gong i Fyrste Mosebok 2:4. Guds namn er henta frå eit verb, den kausative (skapande) forma i imperfektum av det hebraiske verbet ha-wah, ‘å bli’. Guds namn tyder derfor ‘Han lar (eller: får til å) bli’.

Då Moses spurte etter namnet på Gud, fekk han dette svaret: «Eg er den eg er» (hebraisk: אהיה אשר אהיה, uttalas ehyeh asher ehyeh ). (Andre Mosebok 3:14) Hayah tyder «eksisterte» eller «var» på hebraisk; ehyeh er fyrste person eintal i nåtid eller framtid (presens eller futurum). Det nyttast ein rekke stader i Den hebraiske bibel. Sjølve tetragrammet uttrykker tanken om den eine eller suverene Gud, Skaparen som ikkje er skapt sjølve, og som aleine er fullstendig (uavhengig) i seg sjølv («eg er»). Det kan også uttrykkje tanken om at han fortsette å gjere seg til den han treng å vere for å gjennomføre sin vilje (å bli). 1913-utgåven av The Catholic Encyclopedia gjer denne tydinga av namnet: «Det passande namnet på Gud i det Gamle Testamente; jødane kalla det følgjeleg for det ypparste namn, det mektige namn, det eineste namn, det praktfulle og fryktelege namn, det skjulte og mystiske namn, det verkelege namn, det passande namn».

[endre] Den hebraiske bibelen si framstilling av JHVH

JHVH opptrer i Den hebraiske bibel heilt ifrå skapinga, og det dannar seg eit ganske samansett bilde av hans personlege vesen i desse skriftene. Han omtalast som eit andevesen, buande i eit lys utilgjengeleg for menneske, og med enorm vital energi. (Jesaja 40:26) JHVH hevast opp høgt over menneskene, fordi han er heilag og rein i absolutt forstand, men likevel gjer han seg tilnærmeleg ved at mennesket blir oppfordra til å søke han i bønn. «Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han til Moses; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.» –2. Mosebok 33:20.

I Den hebraiske bibelen teiknes et bilde av JHVH som alt frå en kjærleg far og sauehyrde, til ein mektig konge, rettferdig dommar og ein hard eksekutør: «Herren, Herren [JHVH] er ein mild og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning! Han lèt si miskunn vara i tusen ættleder; han tilgjev synd og skuld og brot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for synda åt fedrane koma over born og barneborn i tredje og fjerde ættleden.» (2. Mosebok 34:6,7) Altså både frykta elska bibelskribentane JHVH; dei følte seg takksame overfor sin Skapar sin gjevmilde, såg hen til han for skydd, og ofra regelbunden verdifulle ting til han for å sikra seg hans gunst.

Den kjende historia om Dei ti plagar i Egypt vanæra ettertrykkeleg egyptarenes gudar, som viste seg ikkje å vere i stand til å kopiere dei mirakuløse plagane. (2. Mosebok 4 og 5) Denne historia illustrerer kor suveren israelittane såg JHVH, og korleis dei skreiv til han sine sigrar. Eg er Herren [JHVH] din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.» (Dei ti boda, 2. Mosebok 20:2, 3) Etter utfriinga frå Egypt er det at Lovpakta (Moseloven) vert inngått ved Sinaiberget, med Moses som talsmann for folket og med rennene dyreblod som stadfesting av pakten. Denne handlinga sette israelittane til side som eit heilag folk, og som altså berre skulle tilbe JHVH, ’Gud åt deira fedrar.’ Det vart svært viktig for dei ikkje å «smitte» tilbedinga av JHVH ved å tilbe andre gudar. Dette var og essensielt for dei seinare jødane, noko ein kan sjå blant anna av forteljinga om Daniels tre vener ved kongens hoff under fangenskapet i Babylon. (Daniel 1 og 3) Dette understrekast og i Dei ti bod: «Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren [JHVH] din Gud, er ein brennhuga Gud, [som ikkje vil dela din kjærleik med nokon annan gud, New Living Translation].» –2. Mosebok 20:4,5

JHVH omtalast og som «Gud Den Allmektige», og har grenselaus makt eller energi. Han er i stand til å sjå både fram og tilbake i tid ned til minste detalj, og også openbare dette for sine tenarar, noko som kjem til uttrykk i dei mange profetiane i Den hebraiske bibel. (Jesaja 46:10,11; Andre Krønikebok 16:9) Dei mest kjende av profetiane er kanskje dei om Messias («ein som er salva»), som Gud skulle senda for å frelse ikkje berre sitt eiga folk, men heile verda. (Daniel 9:24,25) Som tydinga av namnet hans viser («lar bli»), har JHVH all makt som skal til for å gjennomføre vilja si, eller for å styre hendingane slik at hans ord vert oppfylt.

[endre] Dei kristne greske skriftene si framstilling av JHVH

I Det nye testamente (NT) er JHVH identisk med Faderen, men han omtalast både som Herre og Gud. Han skildrast mykje med dei same eigenskapane som i Den hebraiske bibelen (Det gamle testamentet): opphøgd, kongeleg, allmektig, vis og kjærleg, men og fordømmande. (Apostelgjerningane 7:2; 17:24,25; Johannes' openbaring 4:11; 21:6–8) Dei første kristne såg Jesus som den lovte Messias, Guds Son – han som oppfyller eller gjennomfører Guds formål: «Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.» (Brevet til hebrearane 1:1,2; Evangeliet etter Johannes 1:18) Skriftene om Jesus i NT vert altså føydd til Guds Ord i Den hebraiske bibelen, og kunne i større grad fortelje kven JHVH var, og openbare hans formål.

I dag ser dei fleste kristne JHVH som ein del av Den heilage treeininga, i eining med Sonen (Jesus Kristus) og den heilage anden. De vektlegg ikkje Guds opphavlege eige namn, eller tetragrammet, mykje, og det vert sjeldan nemnt i det daglege kristne liv.

[endre] Tetragrammet i Den hebraiske bibelen

Guds namn finst 6 828 steder i den hebraiske grunnteksta til Det gamle testamente (Biblia Hebraica Stuttgartensia) Israelittane og jødane i gamal tid brukte det flittig som namnet på den eine Gud, i kontrast til dei gudane som vart tilbedd av folkeslag rundt dei. Få moderne bibelomsetjingar gjengir det med eit eige namn (Jahve eller Jehova) i dag. I steden set dei inn titlar som «Gud» eller «Herren».

Alle namn i den hebraiske grunnteksta finst berre skreve i konsonantar, då språket jo er utan vokalar; den opphavlege uttala av desse kan såleis vera usikker. Likevel følgjer omsetjingane den praksis å gjengi desse namna med innarbeidde former av det opphavlege hebraiske. (Josva, Abraham, David). Ofte er dette versjonar av namna som stammer frå gresk via latin, men som likevel brukast som ein adekvat omsetjing av dei enkelte personane sine namn. Andre løysingar, slik som å bruke titlar eller berre konsonantane («kongen» eller «DVD» i staden for David) ville gjort teksten oppstykka og uforståeleg – ikkje minst med tanke på at det finst tusenvis av forskjellige eige namn i Den hebraiske bibel.

Når dei fleste omsetjingane i dag vel å bytta ut namnet JHVH i Den hebraiske bibelen med Herren eller Gud, skyldes dette at dei ikkje ser namnet som viktig, eller passande, for den kristne kyrkja. Dessutan følgjer dei eksemplet til to grupper: jødane, som i hundreåra før og etter Kristus la restriksjonar i bruken av namnet; og greske og latinske omsetjarar, som fylgde den praksis å erstatta JHVH med ky’rios (gresk) og Dominus (latin) – Herre. (Namnet er utelet i kopier av Septuaginta frå 4- og 500-talet e.Kr., men finst i dei eldste fragmenta, datert tilbake til det første hundreåret f.Kr. og det første hundreåret e.Kr.) I sine omsetjingar oppgir ikkje Det Norske Bibelselskap nokon utfyllande forklaring på kvifor JHVH er gjengitt med «Herren». Formen Jehovah blei likevel brukt konsekvent i Ny Baiboly, deira madagassiske omsetjing.

To velkjende omsetjingar som gjengir JHVH med eige namn, er The Jerusalem Bible og The World English Bible, som begge bruker formen Yahweh. Sistnemnde omsetjing er siste utgåve av American Standard Version, som i 1901 argumenterte for å bruke formen Jehovah konsekvent. Den reviderte utgåva av 1952 (Revised Standard Version) argumenterte heilt motsett, og byta ut JHVH med the Lord (Herren) eller God (Gud). Mens siste utgåva no altså vel formen Yahweh. Ut over desse er det stort sett eldre omsetjingar som gjengir Guds eige namn, då som oftast i middelalderen si populære form Jehova.

Ei anna bibelomsetjing som gjengir JHVH konsekvent med eit tilsvarande namn (på norsk, engelsk, tysk osv.), er Jehovas vitne sin Ny verden-oversettelsen av de hellige skrifter (på bokmål). Det er openbart eit ønske frå vitnenes side å framheva Jehova som ein alternativ variant av JHVH, ettersom denne forma av namnet er blitt vanleg i bruk i vesteuropeiske språk i kvart fall sidan 1200-talet. Jehovas vitne argumenterer med kor ofte namnet finst med i den hebraiske grunnteksten. Dei understreke og at sjølv den nøyaktige uttala av Jesu namn er gått tapt, uten at man av den grunn unngår å bruke namnet med den forma som er vanleg på dei forskjellige språka.

I Den hebraiske bibel plasserast JHVH mange gonger som det eksplisitte namnet på den høgste Guden, den allmektige. (Salmane 83:19) I bibelsk tid brukte jødane det både når dei song salmar, når dei konverserte, når dei bad og når dei helste på kvarandre. (2. Mosebok 8:29; Femte Mosebok 8:19; Ruts bok 2:4) Forkorte formar av namnet finst og i ein rekke bibelske personnamn og i den vanlege hyllinga halleluja – «lovpris Jah». Også ikkje-bibelske tekstkilde, som Moabitt-steinen [1] frå det 9. hundreåret f.Kr., inneheld JHVH og beviser at jødane brukte namnet såpass hyppig at dei omkringliggjande folkeslaga beit seg merke i det.

[endre] Tetragrammet i dei kristne greske skrifter

Tetragrammet finst ingen steder i den greske grunnteksten til Det nye testamente (NT). Gud er i staden omtala med titlar som Far/Faderen og Herre/n. I fire vers i Openbaringa kapittel 19 finst uttrykket halleluja, som teknisk sett inneheld forma Jah av gudsnamnet på gresk.

Dei aller fleste bibelomsetjingane bruker derfor ikkje nokon namneform av JHVH i teksten til NT. Overalt i grunnteksten finst uttrykket ky’rios, som tyder Herre, anten det sikter til Jesus, Faderen eller andre herrar, og det er rett og slett dette ordet som vert omset.

Til sammen 890 passasjar i teksten viser til uttrykk og allusjonar i Den hebraiske bibelen, og av desse er over 300 direkte sitater, sannsynlegvis frå Septuaginta, som var i vanleg bruk då bøkane i NT vert skriven. (Westcott & Hort, The New Testament in the Original Greek, Graz 1974) Mange av desse passasjane viser til eller inneheld sitatar frå tekster i Den hebraiske bibelen som inneheld namnet. For eksempel visast det til profetar i fortida «som tala i Herrens namn;» disse talte naturlegvis i namnet til JHVH. (Jakobs brev 5:10; Evangeliet etter Matteus 1:22-23; Jesaja 7:14) Om skribentane av NT verkeleg bevarte tetragrammet i sine sitater frå GT, slik dei første septuaginta-omsetjarane gjorde, eller dei valte å byte det ut med ky’rios (eller the’os, Gud) er forskarane i usemje om. Det er i kvart fall ikkje funne nokon tidleg gresk avskrift av NT som har bevart noko tetragram.

To bibelomsetjingar som avvike frå dei andre i denne samanheng, er Jehovas vitnes Ny verden-oversettelse, som har «gjeninnført» namnet 237 steder i NT, og Det Norske Bibelselskaps omsetjing til madagassisk, Ny baiboly, som bruker formen Jehovah nokre få stader i NT.

Forskarane er usemje om kor vidt den jødiske praksis, som så sterkt kom til å redusere uttalen av Guds namn, blei fylgt blant jødane og dei kristne i det første hundreåret. Jesus og disiplane hans snakka arameisk, men kunne truleg og bruke koiné-gresk, og dei kan derfor ha gjort bruk av Den hebraiske bibel både på originalspråket og på gresk når dei leste frå, siterte og viste til Skriftene. –Matteus 4:4–10; Evangeliet etter Lukas 4:16–21; Apostelgjerningane 2:16–21.

[endre] Historisk opphav

Bibelteksten sjølv openbarar JHVH som ein eineståande Gud, i kontrast og opposisjon til andre gudar; ja, i eigentleg forstand er han den eineste guden som verkeleg eksisterer. Han omtalast som evig, både tilbake og fram i tid, og har følgjeleg ikkje sjølv noko opphav. (Jesaja 40:28; 43:11; Salme 124:8) Skribentane av Det nye testamente slut seg til denne oppfatninga, og Jesus omtalar han som «den eineste sanne Gud». (Johannes 17:3; Openbaringa 1:8) I 1. Mosebok 4:1 legges JHVH sitt namn i munnen på den første kvinne, Eva. Det er og ein del av namnet til Jokebed, Moses sin mor, og må derfor ha vært i bruk før Moses fikk openbaringa ved den brennande tornebusken. (2. Mosebok 6:20; 3:1–15) Ulike forskarar har og søkt å finna det eigentlege historiske opphavet til dyrkinga av JHVH, og finne ut om han vart tilbedd og i andre kulturar enn den gamalhebraiske.

Eit av forslaga som er blitt fremma for å forklare JHVH sin historiske opphav, er at israelittane sin JHVH er henta frå tradisjonane til Shasu – kananeisk-språklege nomadar frå det sydlege trans-Jordan. (The Origins of Biblical Monotheism, Mark S. Smith) En inskripsjon frå den egyptiske guden Amuns tempel i Karnak, frå farao Amenhotep III sin tid (1390–1352 f.Kr.) refererer til «Jhv’s Shasu,» noko som viser at denne guden vart tilbedd blant nokon av Shasu-stammane på den tida. Arkeologen Amihai Mazar har foreslått at assosiasjonen mellom Jahve og ørkenvandringa kan ha sitt opphav i dei tørre landområda syd om Israel. –Archaeology of the Land of the Bible (bind 1).

Egyptologen Donald Redford foreslår at israelittane sjølve i gamal tid kan ha vore ei gruppe Shasu som flytta seg nordover inn i Kanaan (i det 13. hundreåret f.Kr.), og at dei for fyrste gong dukkar opp på gravsteinen til Merenptah. Israel Finkelstein har vidare påpeikt at dei busette seg i dei samaritanske og judeiske fjella på den tida. –The Bible Unearthed: Archaeology's New Vision of Ancient Israel and the Origin of Its Sacred Texts.

Enda tidlegare vitnesbyrd viser at JHVH vart tilbedd som Jah (Yah) ved Ebla (2350 f.Kr.) og som Jav (Yaw) ved Ugarit (1800–1200 f.Kr.), kor han var ein av Elohim-ene – Els soner. (Elohim er hebraisk for Gud i majestet-fleirtal.)

På denne bakgrunn foreslår Jean Bottero at Jah (Yah) var den vest-semittiske utgåva av den akkadiske visdomsguden Ea, eit namn leda frå sumerisk (E = hus, A = vann), og ein tittel gitt til den sumeriske guden Enki. (Mesopotamia: Writing, Reasoning, and the Gods) Jah og Ea blei då uttalt likt. Akkurat som Ea var JHVH då mennesket sin skapar og han som redda Noah frå den verdsomspennande vannflommen. Hebraikeren Joel M. Hoffman meiner på sin side at tetragrammet opphavleg vart sat saman av forskjellige variantar av morgudar (materne gudar). –In the Beginning: A Short History of the Hebrew Language.

Som Van der Toorn understreke, er ei rekke forskjellige meiningar presentert, men ein har ikkje blitt vorte einige om nokon eintydig etymologi for tetragrammet. –Dictionary of Deities and Demons in the Bible: «Yahweh».

[endre] Sjå og

[endre] Eksterne sider (engelske)

Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu