Hertuginne Camilla av Cornwall
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hertuginne Camilla av Cornwall (f. 17. juli 1947), fødd Camilla Rosemary Shand og tidlegare kalla Camilla Parker Bowles, er kona til Prins Charles av Wales, tronarvingen i Storbritannia. Dei to gifta seg i Windsor rådhus den 9. april 2005.
Sjølv om Camilla er kona til prinsen av Wales, tek ho ikkje tittelen som prinsesse, og ho vil heller ikkje bli dronning når han ein gong blir konge. I staden tek ho tittelen prinsessegemalinne. Dette skal auka aksepten av giftermålet blant det britiske folket - mange anglikanarar liker ikkje at skilde menneske gifter seg på nytt, medan andre meiner at Camilla aldri kan ta plassen til prinsesse Diana.
Camilla blei fødd i London til Rosalind Cubitt, som var dotter av den 3. baron Ashcombe, og majoren Bruce Shand. I 1973 gifta ho seg med brigaderen Andrew Parker Bowles, men dette ekteskapet tok slutt i 1995. Dei to har to barn: Tom, fødd i 1974, og Laura, fødd i 1979.