Godøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Godøy eller Godøya er den vestlegaste av øyane i Giske kommune. Ho er 10,87 km² stor og har 1085 innbyggjarar (2001). Fiske og fiskeforedling er dei viktigaste næringsvegane, og banklineflåten i Geilevika er av ein dei største i Noreg.
[endre] Geografi
Godøya har vegsamband gjennom tunnel til Giske. Landskapet er berglendt og Storehornet (497 m.o.h.) er det høgaste punktet. I søraust finn ein god dyrkbar mark i kystsona. I fjella finst fiskevatn.
[endre] Kultur
Eilivrøysa i Godøytun sør på Godøy er ein gravhaug frå bronsealderen. I nærleiken ligg òg eit lite museum.
Ytst på Alnes, nordaust på øya, står eit freda fyr. Også lyngheia rundt er verna.