Georg IV av Storbritannia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg IV av Storbritannia, på engelsk språk George IV George Augustus Frederick, på tysk språk Georg IV. August Friedrich. Georg IV vart fødd den 12. august 1762, død 26 juni 1830. Prinsregent 1811-1820. Konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland og Hannover frå 1820 til 1830. Georg IV var medlem av det tyske fyrstehuset Hannover.
Han var Georg III sin eldste son og styrde som prinsregent medan faren var sjuk.
Han gifta seg med enkja, Maria Anne Fitzherbert, i desember 1785. Då ho var katolikk vart ekteskapet ikkje godkjend etter lova. Han gifta seg i 1795 med syskenbarnet Caroline av Braunschweig. Dei likte ikkje kvarandre og levde åtskild med nokre få dagar som unnatak. Dei fekk trass i dette dottera Charlotte Augusta av Storbritannia i 1796. Dottera døydde i 1817, og George IV stod utan arvingar. Caroline vart stengd ute frå kroninga i 1820, noko som vart sett på som ei stor skandale.
Georg IV døydde i 1830 og vart etterfylgd av den yngre broren Wilhelm (på engelsk språk: William).
.