Forsvarsgrein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei forsvarsgrein er ein del av den militære forsvarsorganisasjonen i eit land.
Dømer på forsvarsgreiner:
- armé (òg kalla hær eller legion) – t.d. Svenska armén
- flyvåpen (òg kalla luftforsvar) – t.d. Kongelige Danske Flyvevåben
- marine (òg kalla sjøforsvar) – t.d. Royal New Zealand Navy
- kystvakt – t.d. U.S. Coast Guard
- marineinfanteri – t.d. Nederlandse Korps Mariniers
- paramilitærpoliti – t.d. Carabinieri Italiani
- heimevern – t.d. Det norske Heimevernet
Ei forsvarsgrein kan inneholde element frå andre forsvarsgreiner. På denne måten har t.d. den britiske marinen eit stort tal jagerfly (som opererar frå hangarskip), medan det amerikanske marineinfanteriet inkluderar transportfly, jagarfly og helikopter i tillegg til panservogner og bakkestyrkar.
Ei rekkje land har kombinert forsvarsstyrkane i éin organisasjon, uten særlege forsvarsgreiner. Som dømer kan ein nevne Canada (Canadian Forces), Israel (Israel Defense Forces) og Irland (Irish Defence Forces).
I Noreg var marinen (no Sjøforsvaret) tidlegare lagt under Marinedepartementet medan Hæren sorterte under Armédepartementet. Noreg har idag fire våpengreiner – Hæren, Sjøforsvaret, Luftforsvaret og Heimevernet – som alle er delar av Forsvaret under Forsvarsdepartementet.