Flensburg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flensburg (dansk: Flensborg, frisisk: Flansborj) er ein by i Schleswig-Holstein nær danskegrensa. Han har om lag 85 000 innbyggjarar.
Fram til 1864 var det danske hertugdømet Slesvig i personalunion med Danmark, slik at byen høyrde til den «hertuglege» delen av riket til den danske kongen. Det er framleis ein dansk minoritet i byen, som har sitt eige skulevesen og bibliotek.