Finnmark Dagblad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finnmark Dagblad er ei avis utgjeven i Finnmark fylke. Med eit opplag på rundt 9 500 er ho den største avisa i fylket. Hovudkontoret ligg i Hammerfest, med lokalkontor i Alta, Lakselv og Honningsvåg.
Avisa kjem ut alle vekedagane. Ho hadde ei stadfest nettoopplag på 9994 i 2002. Ansvarleg redaktør er Lars Petter Einarsson, medan Gudrun B. Rollefsen er administrerande direktør.
Finnmark Dagblad har tidlegare heitt Vestfinnmark Arbeiderblad og Vestfinmarken Socialdemokrat.
Det er A-pressa som eig avisa, medan ho igjen har aksjemajoriteten i den samiske avisa Min Áigi og eig vekesavisa Finnmarksposten, som kjem ut i Honningsvåg.