Fastelavn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fastelavn
|
Fastelavn (frå mellomplattysk vastel-avent) er veka før faste. Tidlegare vart nemninga brukt på kvelden før fasta, som byrjar oskeonsdag. Deretter vart ho utvida til å omfatte heile fastelavnssøndag, blåmåndag og feittysdag, og seinare altså til ei heil veke.
I mange land brukar dei ordet karneval på tida før faste. I Noreg vil dei fleste imidlertid vise til utkledningsfestar, ein av skikkane knytt til fastelavn, når dei seier «karneval».
[endre] Heidenske skikkar
Fleire heidenske skikkar vart inkludert i fastelavnsfeiringa. Desse skikkane spelte på overgangen frå vinter til vår. Best bevart er fastelavnsriset, som vart bruka som ein fruktbarheitsvekkar. Både jorda framom plogen, tre, dyr og kvinnene i familien fekk seg ein runde med riset.
Andre skikkar var utkledningsleikar, våpenkampar, brenning av rituelle bål, og det noko sære med å spenne nakne jomfruer framom plogen.
[endre] Fastelavn i dag
Fastelavn blir ofte forbunde med karneval, både i Noreg og i utlandet. Her heime er det gjerne ungane som kler seg ut. Nokre av dei mest kjende karnevala utanlands finst i Rio de Janeiro, New Orleans, Venezia og Luzern.
Det er vanleg å plukke inn bjørkegreiner og laga fastelavnsris. Typisk kosemat under fastelavn er fastelavnsbollar og berlinerbollar.