Dimmelsvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Dimmelsvik er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Hordaland fylke. Staden ligg austsida av Hardangerfjorden, omlag 4 km sørom Rosendal. Frå Dimmelsvik går det veg innover Omvikdalen og til Matre.
Dimmelsvik er ein gamal handelsstad, og var administrativt sentrum i Kvinnherad fram til etter andre verdskrigen. Her ligg framleis Tinghuset, det første rådhuset i kommunen, bygd omlag 1870. Her låg også tønnefabrikk og treskofabrikk.
Administrasjonsbygget til Kvinnherad energi ligg i Dimmelsvik.
[endre] Lenkje ut
[endre] Kjelder
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |