Digitalarkivet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Digitalarkivet er ein nettstad for publisering av av digitaliserte, søkbare kjelder frå det norske Arkivverket. Tenesta er gratis og kan nyttast av alle. Der finn ein digitaliserte versjonar av dei landsdekkande folketeljingane 1801, 1865 og 1900, i tillegg til m.a. emigrantdatabasane. Nettstaden vart opna i 1998. I 2005 vart det utvida med avfotograferte kyrkjebøker frå fleire norske prestegjeld.
Digitalpensjonatet, som er del av digitalarkivet, er eit tilbod om gratis lagringsplass og visningsverkty for samarbeidspartnarar. Gjestene i Digitalpensjonatet har alle rettane til sitt eige materiale, og har samstundes ansvar for kvalitetssikring av innhaldet.
Statsarkivaren i Bergen har drifts- og redaksjonsansvar for Digitalarkivet.